Innlegg

Frihet for Assange

Bilde
Eg har bidratt med beskjedne midlar til Julian Assange sitt forsvar gjennom Assange Defense Commitee , som er eit prosjekt under Courage Foundation , som også har kampanjer for Chelsea Manning med fleire. Og derfor får eg også jevnlig epostar frå dei, med oppfordring om å bidra. Så langt har eg ikkje vore veldig aktiv, men tenkjer at det må eg gjera noko med. Og derfor denne posten. Sjå også posten Fiender av Staten . Korfor? Her vil eg gjera journalisten John Pilger sin ord til mine: "Julians kamp er den viktigaste enkeltsaken for ytringsfrihet, tankefriheten og fri journalistikk i mi levetid. Vi må alle støtta han." Pilger er ein av mine heltar som forsvarer Assange:  Oliver Stone: "Julian Assange is a publisher for truth. He's done great work on behalf of mankind despite his inhumane treatment. This case is crucial to the survival of our right to know and

Uintellligent design

Bilde
 Uintelligent Design - ein apologi for Pastafarianismen Vi er alle enige om at som forklaring på korleis dei ulike dyreartane oppsto, er evolusjonsteorien avlegs. Den er utgammal , og har jo ikkje utvikla seg sidan Darwin sette den fram. Det er på tide å finna ein som er meir tilpassa dagens verkelighet, og her skal vi sjå på  fem plausible forklaringsmodellar som er meir attraktive for det moderne publikum. Kva slags teori som er den rette, skal vi la lesaren sjølv avgjera på demokratisk vis ved simpelt fleirtal. Vi ber derfor lesaren merka seg nummeret på den teorien som han eller ho likar best før den endelige avstemmingen på slutten. Kandidat nr. 1:  Navleteorien. Denne teorien forutset at Gud er ein spøkefull kar. Og det kan jo vitterlig sjå slik ut, for ellers hadde Han vel ikkje skapt verda i det heile - om det då verkeleg er Han som er den skuldige. Du har sikkert (ikkje?) grubla på følgande paradoks: Hadde Adam og Eva navle? Mange kreasjonistar svarer nei,

Pastafarianismen

Bilde
Pastafarianarane Spaghetti-kyrkja, eller Church of the Flying Spaghetti Monster , har mange tilhengjarar rundt om i verda. Dei kallar seg pastafarianarar, og seier at verda vart skap av eit Flygande Spaghetti Monster (FSM) for fire tusen år sidan. Dette synest så overbevisande at no har eg også blitt pastafarianar! Starten på det heile var eit eit ope brev som grunnleggjaren (somme kallar han profeten) Bobby Henderson skreiv til Kansas School Board i januar 2005. Etter at det vart beslutta Kansas-skulane skulle undervisa i Intelligent Design (ID) som ein alternativ teori til evolusjonen, så meinte han at også andre versjonar av ID burde bli undervist. Brevet finn du i original her . No skal vi bare gi eit kort resyme: "LA OSS HUSKA PÅ" , skriv Henderson, "at det er mangfoldige versjonar av ID. Eg og mange andre rundt om kring i verda er sterke i trua på at universet vart skapt av et Flygande Spaghetti Monster. Det var Han som skapte

Krigsmaskinen USA - Del 1

Bilde
Kva bruker USA på militæret sitt? I: Militære utgifter i forhold til andre land. USA sitt militærbudsjett for 2016 var  ifølge Wikipedia/SIPRI , 611.2 milliardar dollar, dvs. rundt  5.3 trilliardar kroner . For  2017 er budsjettet 824.1 milliardar dollar . I prosent av BNP var det i 2016 3.3%. Dette er ikkje den høgaste prosenten. Feks. har både Israel (5,8%) og Saudi Arabia (10%) høgare andel. I reine pengar  ser det slik ut:  USA bruker like mykje pengar på militæret som dei sju neste på lista.  For eksempel: for kvar dollar Kina bruker på sitt militære, så bruker  USA 2.77. Det kan vera greit å samanlikna dette med folketalet i dei same. USA har omlag 4.3 % av verdens befolkning, mens Kina har 18,5%. (Kjelde:  http://www.worldometers.info ) Mens Kina altså har over fire gonger meir folk, så bruker USA nesten tre gonger så mykje pengar. Med andre ord:  misforholdet er  stort: II: Militære utgifter i forhold til andre sektorar Ser vi litt nærmare på statens utgifter så ser

Peter Ford om Amnesty International

Bilde
Englands tidligere ambassadør i Syria, Peter Ford, er ikkje redd for å sei sin meining (sjå feks. her ) om Syria, sjøl om den ikkje stemmer med det narrativet som hans gamle arbeidsgivar gjerne vil ha fram. Fritt-talande: Peter Ford om IS Her er Peter Ford i samtale med John Wight  på Hard Facts angåande Amnesty International sin rapport "Human Slaughterhouse". Kort oppsummering: [3.20] Om timingen av rapporten:  "Ein må spørja seg: kvifor no?".  PF seier at det er veldig rart at den kjem no, tatt i betraktning av kva som har skjedd i Aleppo, suksessen med fredssamtalane i Astana og at det no ser ut til å vera sannsynlig at amerikanarane vil snakka med russarane. Og spesielt meiner han det er rart med tanke på at rapporten har vore under arbeid i meir enn eit år. [5.02] Om truverdigheten: "Tydeligvis har ingen av forfattarane av rapporten faktisk vore i Saydnaya. Eg har".  AI påstår at fengselet kan ta mellom ti og tjue tusen fangar. PF seie

Dagen før Daraa

Bilde
Korleis krigen braut laus i Syria Av  Stephen Sahiounie , oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria . Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt. Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann m

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Bilde
Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF) . Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir . Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige. [1] Dei har gjort dette i Syria. Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i