Innlegg

Viser innlegg med etiketten Foucalt

den @narkistiske skulen

Bilde
Notat frå Institutt for Utopisk Pedagogikk (UPED) Andre del av ein forelesing om politikk og pedagogikk. Første del fins i: Det Anarkistiske Barnet   "The wish to preserve the past rather than the hope of creating the future dominates the mind of those who control the teaching of the young". Bertrand Russell i "on Education" Skjult pensum Det du lærer på skulen er ikkje bare fag som matte og norsk. Skulen har også eit skjult pensum . Ein forsøksvis definisjon kan vera: kunnskapar, haldningar og væremåte som elevane tilegnar seg utan at dette blir undervist. Ein annan definisjon eg har sett er: Den "Skjulte Læreplanen er det som elevane lærer gjennom det dei erfarer ved å gå på skule, heller ein dei formulerte måla for slike institusjonar". Det er altså snakk om det som dei tilegnar seg i tillegg til dei læremåla som er eksplitt gitt gjennom læreplanar og pensum dvs. det elevane lærer gjennom praksis.

det @narkistiske barnet

Bilde
Notat frå Institutt for Utopisk Pedagogikk (UPED) Første del av ein forelesing om politikk og pedagogikk. Andre del heiter Den Anarkistiske Skulen Skulen sett frå eit barneperspektiv Anarkisme som livsanskuelse. Eg er ein av dei som "lir" av kronisk anarkisme. Det er først i siste at eg har kome ut av skapet og vedgått at eg er anarkist i ideologisk tyding, dvs. frihetlig sosialist, men anarkist i tydinga "skeptisk til autoritetar" har eg vore sidan eg var barn. Det er i denne tydinga eg skal bruka ordet i det som følgjer. I dette ligg det altså ingen ide om verda, men heller ein haldning til det å få idear om verda, og dermed ein haldning til læring og undervisning som ligg nær opp til det vitenskapelige kunnskapsidealet. Min tese er for det første at dei fleste (alle?) barn i utgangspunktet er anarkistar, og at ein slik haldning er både sunn og nødvendig , og for det andre at mange blir avlært sin anarkisme. Dette er et forsøk på å finna årsaken til det. D...