Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krigssonane i Syria sidan 2015, [2] korleis kan MSF hevda å bera vitnesbyrd om det som skjer der?

MSF har vidaresendt rapportar frå rebellkontrollerte områder, som eksklusivt har mottatt deira forsyningar og støtte. Rapportane, inkludert beskuldingar om angrep frå regjeringen mot sykehus og sivile, kjem frå folk som jobbar med tillatelse og beskyttelse frå grupper som Al Nusra, Isis og andre framande jihadistar og leigesoldatar. Disse anti-regjeringsstyrkane er kjent for å ha eit terror-regime og for ikkje å vera særlig interessert i vanlige borgarar sin tilgang til medisinsk tilsyn. Det er nettopp derfor legane i MSF trekte seg tilbake frå områdene som disse kontrollerte [3]. Så det er grunn til å spørja kven det medisinske personalet på bakken var, og kven dei behandla.

Mitt spørsmål er då: kor pålitelige er ubekrefta vitnemål frå potensielt kompromitterte kjelder? For medan uttalelsar til pressen har kome frå forskjellige MSF-kontor rundt i verda, så ser det ut til at MSF ikkje hadde nokon uavhengig tilgang til verifiserbar informasjon frå Syria.

Faktisk er utilgjengeligheten av detaljert eller bekrefta informasjon dokumentert: John Kirby frå US State Department, kunne heller ikkje gjera anna enn å visa til at "hjelpeorganisasjonar som vi finn truverdige kjem med disse beskuldingane". [4].

Den mest framståande hjelpeorganisasjonen, og synlig på alle videoar knytta til påståtte bombinger, er Dei kvite hjelmane. Det er dokumentert at Dei kvite hjelmane er finansierte av NATO og gulfstatane, som har regimeendring i Syria som sitt uttrykte mål. Dei fleste meiner at dei arbeider nært opp mot terroristorganiasjonar (korleis kunne vi ellers på dokumentaren på Netflix sjå dei bevega seg så fritt omkring i eit område der MSF og vestlige journalistar ikkje turde å setja sin fot?) [5]. Deira uavhengighet og integritet er i høg grad betvilt. [6]

Så medan MSF ofte har blitt sitert som ei uavhengig kjelde til støtte for Dei kvite hjelmane, så har presseuttalelsane deira bare gjentatt Dei kvite hjelmane sine påstandar! [7]

Om det er tilsikta eller ikkje, har MSF dermed bidratt til å bringa til torgs eit bestemt narrativ som dominerte vestlige medier i perioden frå 22 september til 22 desember 2016. [8] Før september, hadde media vore heilt tydelige på at innbyggjarane i aust-Aleppo var haldne som gislar, i praksis som menneskelige skjold, av styrkar som var dominert av jihadistiske terroristar. [9] Dette endra seg etter dei kompromisslause uttalelsane til Samantha Power i FNs sikkerhetsråd, der ho påkalte Dei kvite hjelmane som offer for, og vitner til, russisk og syrisk aggresjon. [10]

Vestlige regjeringar og medier omdefinerte terroristgruppene som 'moderate rebellar'. [11] Samtidig som anti-regjeringsaktivistar som Lina Shamy begynta å tvitra på engelsk, vart også den mykje feira tvitterkontoen i navnet til barnet Bana skapt, og det fulgte ein flaum med "famous last webcams" frå påstått vanlige sivile stemmer som frykta massakre frå den syriske regjeringen.

Dei av oss i vesten som var usikre på autentisiteten til all denne aktiviteten på sosiale medier i områder ikkje hadde basis-infrastruktur, og langt mindre wifi, [12] vart leda til å akseptera mainstream-narrativet fordi respekterte organisasjonar som MSF tilsynelatande bar vitnemål om det. [13] Få av oss innsåg at MSF bare gjentok vitnemål frå Dei kvite hjelmane, uten å uavhengig verifisera det.

Dei konsistente vitnemåla som no kjem frå folk som har blitt frigjorde i aust-Aleppo tyder på ein heilt annan historie enn den Netflix og våre medier har promotert. [14]. Hjelmane sjøl ser ut til å ha fordufta frå Aleppo, saman med jihadistane og leigesoldatane. Hvis det var ekte uavhengige legar som arbeidde med disse i Aleppo, så har heller ikkje dei latt høyra frå seg. Men det som fortel mest, i lys av at Dei kvite hjelmane hevdar å ha berga rundt 70 000 liv (eller kva tal dei no vil vi skal tru på), er at ikkje ein einaste av dei befridde i Aleppo som er intervjua, har takka dei.


Gjengitt med tillatelse av Jan Øberg, http://www.obergphotographics.biz/archive
Så, i sin søken etter å bera vitnesbyrd mot den syriske regjeringa, har MSF kome med påstandar som er basert på usikre og omstridde kjelder. [15] Ved å offentlig assosiera seg sjøl med Dei kvite hjelmane og deira narrativ, har dei risikert å kompromittera det ryet dei er avhengig av for å trekkja til seg internasjonale legar.

Dei av oss som i høg grad anerkjenner det arbeidet for menneskeheten som MSF sine internasjonale legar gjer, er då nødt til å håpa på at organisasjonen koordinerer sitt arbeid for å sikra seg mot å bera falske vitnemål. [16]

Problemet med dette falske narrativet er ikkje trivielt fordi det understøttar ein fundamentalt feil beskrivelse av årsakene til krigen - og dermed av alle skadane som legane må forholda seg til. Eit falsk narrativ gir ikkje bare dei skuldige straffefrihet, men støttar dei også i å halda fram med sine morderiske hensikter. Det trekkjer også oppmerksomheten bort frå den etiske sannheten at jihadistane, og dei statane som gjer dei våpen og muligheter, bryt fundamentalt med krigens lover og moral.
Gjengitt med tillatelse av Jan Øberg, http://www.obergphotographics.biz/archive 

[1]
Bakgrunnen for dette grunnleggjande prinsippet om – témoignage (‘bera vitnesbyrd’) – er  gjengitt på webstaden deira: ‘Hundretusenvis av mennesker døydde i krigen i Biafra som resultat av regjeringens bevisste politikk. Då dei returnerte frå regionen, vart ei gruppe franske legar frustrerte og opprørte over at ikkje Røde kors kunne sei offentlig kva som hadde skjedd.’ https://www.msf.org.uk/advocacy-and-temoignage

[2] MSF si stemme frå felten i Syria: Dr. Nathalie Roberts https://www.youtube.com/watch?v=61cmnPLk6uE

[3] Dr Nathalie Roberts har beskrive korleis dei første dagane av krigen i Syria var. MSF hadde fulgt sine vanlige prosedyrar i opposisjonshaldne områder, men etter ankomsten av den Islamske Staten vart dette umulig. "dei let ikkje alle pasientane få adgang til sykehuset". Så begynte dei å ta forsyningar og jamvel kidnappa MSF personell. Dei kunne ikkje fortsetja arbeida på ein stad der den okkuperande gruppa ikkje ville la dei gjera jobben sin som legar. (Dr Roberts intervjua 13 Mars 2015) https://www.youtube.com/watch?v=4oQVUssxK-U

[4] http://www.independent.co.uk/news/world/middle-east/us-spokesperson-loses-temper-with-rt-journalist-over-syria-bombing-questions-a7423146.html

[5] Sjøl begynte eg å fatta interesse for Dei kvite hjelmane etter å ha sett Netflix-dokumentaren (https://www.youtube.com/watch?v=3wj4ncIEDxw), og spørsmålet eg stiller i teksten her er det eine eg ikkje kunne forbigå. Eg var derfor ikkje overraska over å oppdaga at andre alt hadde kome med kraftig kritikk av organisasjonen.

Eg hadde også vanskar med å forestilla meg korleis folk som arbeider under så desperate forhold skulle kunna ha overskudd nok til å bli med på den vestlige dilla som kallast Mannequin Challenge, og også vera så lite sensitivite at dei laga ein reprise av redningen for dette formålet. Videoen av dette PR-stuntet vart fort fjerna dei som promoterte Dei kvite hjelmane, men i skrivande stund er den fremdeles tilgjengelig andre stader, som feks.:
https://www.youtube.com/watch?v=Zgl271A6LgQ

Ein diskusjon om dette fins her:
https://www.youtube.com/watch?v=b8bIupYSZeU

[6] Dei kritiske kjeldene er alt for mange til å rekna opp, men representative eksempel inkluderer disse:
https://www.rt.com/op-edge/361957-syria-white-helmets-un/
http://21stcenturywire.com/2016/12/10/exclusive-president-raed-salehs-terrorist-connections-within-white-helmet-leadership/
https://janoberg.exposure.co/humans-in-liberated-aleppo
https://www.youtube.com/watch?v=AmFFvu5H4f4
https://www.youtube.com/watch?v=k_bObdZhqyE
http://21stcenturywire.com/2016/09/23/exclusive-the-real-syria-civil-defence-expose-natos-white-helmets-as-terrorist-linked-imposters/

[7] Talspersonane som ber offentlig vitnesbyrd for MSF er tallrike og langt borte frå Syria. Dei fortel oss sjelden kva som er kjeldene til informasjonen, men når dei så gjer, ser vi at det som regel er Dei kvite hjelmane.

Sam Taylor, for eksempel, som er MSF sin informasjonskoordinator for Syria, og har base i Jordan, reproduserer ukritisk stoff frå Dei kvite hjelmane: ‘Sivilforsvaret, også kjent som Dei kvite hjelmane, sa at sykehuset og dei kringliggjande bygningane, vart ramma av fire påfølgande luftangrep.’ ‘Video posta av Dei kvite hjelmane viser kroppar, inkludert barn, som blir dregne ut av ein bygning og lagt i ambulanser mellom hyl og skrik. Opprørte redningsarbeidarar prøvde å halda tilskuarane borte, tydeligvis fordei dei fryktar fleire bomber.’ http://www.cbc.ca/news/world/airstikes-aleppo-hospital-1.3556632

Taylor nevner faktisk ein annan autoritet: ‘Torsdag, like etter tolv, vart minst 20 menneske drepne av nye luftangrep i rebell-haldne områder i to nabolag, seier det syriske sivilforsvaret og Observatørgruppa [Observatory]. Med ‘Observatory’, meiner han antagelig the Syrian Observatory for Human Rights. Sjøl om dette høyrest ut som ein uavhengig organisasjon, er det faktisk ein enkeltperson som heiter Rami Abdulrahman (noken gonger kalla Rami Abdul Rahman) som bur i Coventry i England, og han er akkurat så uavhengig som ein kan forventa av ein eksilsyrar frå opposisjonen, som har eit lite nettverk beståande av anti-regjerings-aktivistar. http://www.nytimes.com/2013/04/10/world/middleeast/the-man-behind-the-casualty-figures-in-syria.html Uten tvil er han like lite eit augevitne som MSF sin talsperson. Det er ikkje nødvendig å sei at kredibiliteten og uavhengigheten til dette "Observatoriet" er omdiskutert: http://russia-insider.com/en/media-criticism/man-behind-vaunted-syrian-observatory-human-rights-shown-all-his-full-absurdity; http://landdestroyer.blogspot.co.uk/2011/12/syrian-ngos-working-directly-with.html; http://journal-neo.org/2015/12/12/the-syrian-observatory-for-human-rights-is-a-tool-of-western-propaganda/
Til tross for manglande verifisert uavhengig bevismateriale, var Taylor i stand til, på vegne av MSF, å uttala at sykehusangrepet var ‘med hensikt’ https://www.youtube.com/watch?v=ebrpj689Ib8. Medan grunnlaget for denne anklagen ikkje er gitt, er den kumulative effekten av slike offentlige uttalelsar åpenbare. Pablo Marco Blanco, MSF sin "Operations Manager" for midtausten i Barcelona, støtter beskuldningen, men innrømmer at informasjonen er ubekrefta. https://www.youtube.com/watch?v=XI5KMAvfYDU. Liknande informasjon kjem frå Muskilda Zancada, ‘MSF head of mission in Syria’ i Barcelona. https://www.youtube.com/watch?v=Z4s9uEp6Ujs). Zancada har også sagt at ein ‘går etter sivile’ http://www.msf.org/en/article/syria-update-airstrike-al-quds-hospital. Paul McPhun, ledaren for MSF i Australia, som uttaler seg frå Australia (10 oktober 2016) kjem på same måten med kategoriske uttalelsar om målretta bombing i Aleppo, men uten å indikera kjelda til sin kunnskap.
https://www.youtube.com/watch?v=iHyPtcG5a6M

Det er jo mulig at beskuldningane er sanne. Men det er også mulig at dei ikkje er det. Feilbarligheten til MSF sine kjelder har blitt illustrert ved korleis Teresa Sancristoval i Barcelona, ledar for MSF sin nød-enhet i Aleppo, tydelig fekk informasjonen sin frå folk som var i opposisjon til den syriske regjeringen fordi dei var  ‘redd for hevnen dei kan bli utsett for’ http://www.doctorswithoutborders.org/article/east-aleppo-ceasefire-fails-shelling-resumes-and-hope-fades (sjå ref. 7).

Sjøl om eg ikkje tviler på at uttalelsane frå MSF er gjort utfrå oppriktig medfølelse, og i god tru, så begynner dei å leva sitt eige liv når dei blir plukka opp av media og videresendt for andre formål.
Til sjuande og sist er det klart at frå eit humanitært synspunkt, så bør bombinga stoppa. Når MSF ber alle partar stoppa, kan dei hevda å snakka for menneskeheten. Når dei klagar på ‘målretta og tankelaus bombing frå dei syriske og russiske styrkane’ (http://www.msf.org/en/article/syria-crisis-update-28-november-2016) så skapar dei unødvendig kontrovers: hvis det å bomba både målretta og tankelaust er å vera på regjeringssida, så er det det same som å sei at – utfrå regjeringens perspektiv – at dei bare skulle la terroristane frå ISIS og Al Nusra få styra fritt over det folket og det sjølstendige territoriet som dei har ei plikt til å forsvara. MSF ynskjer ikkje å sei akkurat dette, antar eg, men poenget mitt er at organisasjonen ikkje ser ut til å ha et godt nok grep på sin kommunikasjonsstrategi eller eit samanhengande tilnærming for å definera målsetjinga for sitt utenom-medisinske arbeid.

[8] MSF sine uttalelsar frå Syria, som fordømmer dei syriske og russiske regjeringane, har beviselig vore vage når det gjeld nøyaktighet og detaljer. For eksempel, i sine videresendte rapportar om angrep på sykehus rundt Aleppo, seier dei at ‘eit av dei var det MSF-støtta al Sakhour-sykehuser inne i Aleppo, som vart tvinga til å stoppa sine aktivitetar etter å ha blitt bomba minst to gonger i påfølgande dagar.’ (https://www.msf.org.uk/country/syria) Eit unøyaktig utsagn som dette – der det er usikkert om antalet bombingar var to, tre eller noko anna - kan vera både sann og usann. Det kan ikkje hevda å ha blitt tilstrekkelig verifisert, sidan ein verifisering ville klargjort om det var eit tredje eller fleire.

MSF aksepterte ukritisk ektheten av dei ‘berømte siste webcams’ som kom ut av det beleira aust-Aleppo. Så seint som 14 desember 2014 skreiv MSF på websida si: ‘Kva håp som måtte vera igjen forsvinn hurtig. Folk er skrekkslagne, og nesten sikre på at døden nærmar seg. Meldingar der dei seier farvel til sine kjære, aukar i omfang.’ http://www.doctorswithoutborders.org/article/east-aleppo-ceasefire-fails-shelling-resumes-and-hope-fades ]

MSF ser ikkje ut til å ha visst så mykje som ein kunne forventa om dei legane dei støtta i terrorist-haldne Aleppo og som dei siterte offentlig. Legane som uttalte seg frå terrorist-haldne Aleppo, og som vart siterte av MSF rett før frigjeringa av Aleppo såg øyensynlig ikkje fram til slutten på beleiringa, og MSF trudde jamvel at spådommane deira vart delt av resten av befolkningen i Aleppo: ‘Som resten av befolkningen er “legane livredde og er i ferd med å mista håpet,” sa Teresa Sancristoval, sjefen for MSF’s Emergency Unit i Aleppo. “Dei er redde for hevnen. Dei siste dagane har våre samtaler dreia seg meir om avskjedsmeldingar og bønner om evakuering enn noko anna. Dei føler seg overlatt til sin egen skjebne og uten nokon vei ut.”’ http://www.doctorswithoutborders.org/article/east-aleppo-ceasefire-fails-shelling-resumes-and-hope-fades
[9] https://www.theguardian.com/world/2015/mar/02/us-syria-policy-tatters-moderate-rebels-disband
[10] Som Stephen Cohen har poengtert, kom den store endringen då forhandlingane mellom Obama og Putin braut saman. https://www.youtube.com/watch?v=wPp8eKBjcyA&t=974s
Dette synet vart deretter sterkt halde mot Obama av Samantha Power.
https://www.theguardian.com/commentisfree/2016/sep/22/syria-obama-us-president-putin-russia
I sin tale til FNs sikkerhetsråd valgte ho spesielt ut Dei kvite Hjelmane som offer for, og vitner til russiske og syriske angrep. Ho erklærte: ‘Dette er ikkje tida for å beskulda alle partar, til å gjera falske samanlikningar. Det er ikkje tida for å sei at “luftangrep fann stad,” eller “sivile vart drepne.” Det er tid for å sei kven som sto bak disse luftangrepa, og som drepte disse sivile.’ https://usun.state.gov/remarks/7453

[11] Nokre innsikter i kor upålitelige narrativet i mainstream media er, har vi av og til fått frå mainstream sjøl. For eksempel:
http://www.independent.co.uk/voices/syria-aleppo-iraq-mosul-isis-middle-east-conflict-assad-war-everything-youve-read-could-be-wrong-a7451656.html
http://blogs.spectator.co.uk/2016/12/time-judge-assads-aleppo-campaign-standards-set-mosul/
http://www.independent.co.uk/voices/aleppo-falls-to-syrian-regime-bashar-al-assad-rebels-uk-government-more-than-one-story-robert-fisk-a7471576.html
https://www.youtube.com/watch?v=g1B2xFqfEgY (‘Tulsi Gabbard fortel sannheten om Syria’ på CNN)
Carla Ortiz snakkar om sine erfaringar frå Aleppo og om "The Little Syrian Girl".
https://www.youtube.com/watch?v=GAE3WawgOX0&feature=share
Kritikk har sjølsagt vore omfattande i dei russiske mediene. Sidan dei som promoterer det vestlige narrativet ikkje reknar Russia Today (RT) som ei pålitelig kjelde, så nevner eg bare noken intervju dei gjerne kan vedgå ha litt kredibilitet. Ein frå ein prest i den engelske kyrkja, og ein frå ein tidligare engelsk ambassadør til Syria:
‘Consistent stories of brutality at the hands of the Syrian rebels’ – Rev. Andrew Ashdown
https://www.youtube.com/watch?v=Q8iM_eY2viQ
US effectively siding with Al-Qaeda in desire to get rid of Assad – former UK ambassador to Syria
https://www.rt.com/news/345636-us-siding-al-qaeda-ford/

[12] Normal sunn skepsis på dette punktet er støtta av førstehåndsvitnemål frå Carla Ortiz angåande det å prøva å få internettforbindelse i Aleppo: https://www.youtube.com/watch?v=il7I1FTRSwY.

[13] Eg har sett MSF bli sitert som ei kjelde for å diskreditera rapportane til FN frå den kanadiske journalisten Eva Bartlett  https://www.youtube.com/watch?v=uap0GwBYdBA
Faktisk vart eg først leda til å gjera researchen til denne bloggen fordi ein respektert og velinformert venn av meg viste til MSF som ein tilbakevisning av Bartlett. Eg trur at det sidan er klart at historien fullstendig har frikjent Bartlett.

[14] Nokre eksempel på intervju av nylig frigjorte borgarar av Aleppo:
https://www.youtube.com/watch?v=xjPpREHEF1Y
https://www.facebook.com/vanessa.beeley/posts/10155907018683868
https://www.sott.net/article/337545-East-Aleppo-Diaries-Testimony-from-Hanano-Shatters-Corporate-Fake-News
https://janoberg.exposure.co/humans-in-liberated-aleppo
https://www.sott.net/article/338019-Bolivian-actress-Carla-Ortiz-exposes-what-went-wrong-with-Western-media-coverage-of-Syrian-conflict

[15] Sterkare kritikk av MSF enn det eg kjem med, kan finnast i Miri Wood sin ‘Guide to Understanding How ‘Unhospitals’ Cannot Be Bombed’ http://www.syrianews.cc/guide-understanding-unhospitals-cannot-bombed/ ; Det er ein kjent sak at forholdet mellom MSF og den syriske regjeringa ikkje er av dei enklaste: http://www.telegraph.co.uk/news/worldnews/middleeast/syria/12161437/Medecins-Sans-Frontieres-run-by-French-intelligence-says-Assad-regime.html

[16] MSF er ganske stolte av å bidra til debatt og tillata ein viss grad av mangfold av politiske syn bli lufta innanfor organisasjonen: Dei prøver ikkje, som ICRC [Den internasjonale raude krossen] gjer, å halda ein enhetlig offentlig profil. (Rony Brauman, ‘Médecins Sans Frontières and the ICRC: matters of principle’, International Review of the Red Cross, Nr. 888, 31 desember 2012: https://www.icrc.org/eng/resources/documents/article/review-2012/irrc-888-brauman.htm)
Likevel: publikum høyrer meldingar under MSF-merkjet, og trur at dei representerer den ærlige og gjennomtenkte posisjonen til ein respektert organisasjon. Dei blir leda til dette av at det faktum at pressemeldingar og kommentarer blir gitt ut av organisasjonen, og ikkje som uavhengige meiningar frå bestemte medlemmer.

Sjøl om det ikkje er opp til meg å fortelja MSF korleis dei skal ordna i sine saker, så vil eg sei at det interne mangfoldet av meiningar ikkje nødvendigvis er av det gode: hvis dei ikkje kan bli enige om prinsippa ved det å bera vitnesbyrd, så er det kloke valget simpelthen å la vera, slik ICRC gjer. I alle fall synest nokre av deira interne filosofiske debattar som unødvendig ordrike og analytisk uklare. Meir spesifikt i forhold til Syria, er det fornuftig å tru at regionens geopolitikk, og intrigene mellom dei forskjellige aktørane, er like komplekse og utfordrande på sin måte, som dei medisinske krisene i ein krigssone. Sjøl den klokaste politiske analytikar ville ikkje vore til mykje hjelp i det siste tilfellet. Folk i MSF kan gjerne tenkja over om ikkje det motsette også er tilfellet.

Vi er ikkje i posisjon til å vita om Syria eller Russland kjem til å måtta besvara anklager om sin krigføring. Vi veit at deira fiendar må, og viktigare enn det, at dei må stå ovenfor den meir alvorlige anklagen om å ha angripe Syria og det syriske folket utan ein rettferdig grunn.

Eg ser ein ganske bitter ironi i at MSF - i motsetning til ICRC - ikkje er villige til å lappa saman torturoffer bare for at dei deretter skal kunna bli torturert endå meir. For det kan seiast å vera akkurat det dei gjer når dei ynskjer  at eit sjølstendig folk ikkje skal nytta dødelig makt mot ein nådelaus invasjonshær i eige land.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Miranda ofrast i krigen mot terror

det @narkistiske barnet

Pastafarianismen