Krigsmaskinen USA - Del 1
Kva bruker USA på militæret sitt?
I: Militære utgifter i forhold til andre land.
USA sitt militærbudsjett for 2016 var ifølge Wikipedia/SIPRI, 611.2 milliardar dollar, dvs. rundt 5.3 trilliardar kroner. For 2017 er budsjettet 824.1 milliardar dollar. I prosent av BNP var det i 2016 3.3%. Dette er ikkje den høgaste prosenten. Feks. har både Israel (5,8%) og Saudi Arabia (10%) høgare andel.I reine pengar ser det slik ut: USA bruker like mykje pengar på militæret som dei sju neste på lista. For eksempel: for kvar dollar Kina bruker på sitt militære, så bruker USA 2.77. Det kan vera greit å samanlikna dette med folketalet i dei same. USA har omlag 4.3 % av verdens befolkning, mens Kina har 18,5%. (Kjelde: http://www.worldometers.info) Mens Kina altså har over fire gonger meir folk, så bruker USA nesten tre gonger så mykje pengar. Med andre ord: misforholdet er stort:
II: Militære utgifter i forhold til andre sektorar
Ser vi litt nærmare på statens utgifter så ser det slik ut: Militærutgiftene er 54% av det som vert kalla "Discretionary Spending". (Tal frå 2015).Her trengs det litt forklaring. USA deler utgiftene sine inn i tre deler:
1) Mandatory, dvs utgifter som er knytt til lovfesta program som helse og sosiale utgifter. Denne delen utgjer nesten 65% av utgiftene.
2) Renteutgifter som er ca. 6%, og
3) Discretionary som ligg på i underkant av av 30%. Dette er den delen av utgiftene som kongressen kan fordela gjennom sine årlige tildelingar. Du har kanskje sett diagrammet under, eller noko som liknar:
Men dette diagrammet kan villeda. Vi kan ikkje lesa det som at militærutgiftene er over halvparten av USA sine utgifter. Men likevel: det viser korleis dei folkevalgte i US prioriterer. Dei bevilgar over halvparten av sine tilgjengelige midlar til militæret, og militærutgiftene er for eksempel 9 gonger større enn det USA bruker på utdanning. Så kan vi sjå litt nærmare på diagrammet som viser USA sine totale utgifter (Mandatory + Discretionary):
III: Det skjulte budsjettet
Diagramma over viser dei offisielle utgiftene. Men eit viktig spørsmål er:Er dette alt, eller skjuler det seg utgifter under andre postar?
Svaret er utvilsom ja. Om ikkje anna er det opplagt at at US pådrar seg betydelige sosiale/helse-utgifter som følge av sin omfattande kriging. Men det ser ut til å vera andre store postar som heller ikkje er med på statistikken over. Nettstaden Mother Jones gjekk tala for 2010 nærmare etter. Det dei fann var følgande:
Pentagon sitt ordinære budsjett | 534 milliardar |
---|---|
Ekstrabevilgningar til militært personell | 4.1 milliardar |
Ekstrabevilgningar til Irak og Afghanistan (for budsjettåret 2010) | 130 milliardar |
Ekstrabevilgningar til Irak og Afghanistan (for budsjettåret 2009) | 82.2 milliardar |
Kjernevåpen og relaterte utgifter (Department of Energy) | 16.4 milliardar |
Militær og økonomisk støtte til Iraq, Afghanistan og Pakistan (State Department) | 4.9 milliardar |
Sikkerhet, kontraterrorisme, assistanse og militør støtte til andre land, inkl. midtausten og Israel (State Department) | 8.4 milliardar |
Kystvakt (Department of Homeland Security) | 583 milliardar |
Totale militærutgifter: | 780.4 milliardar |
Andre har funne at dei totale utgiftene er endå større. Center for Conscience & War sitt reknestykke viser at dei faktiske utgiftene for 2011 var over 1,4 billionar (på amerikans: trillionar) dollar!
IV: Ka pengane kunne ha blitt brukt til:
Til budsjettet for 2018 ber president Trump om $54 milliardar ekstra til militærbudsjettet sitt. National Priorities har laga eit eksempel på kva disse pengane i staden kunne ha gått til. (Det fins sjølsagt mange andre god forslag til å bruka pengane.)- 653,893 lærarar i barneskulen for eit år
- 713,461 nye jobbar innan rein energi for eit år.
- 1.8 millionar fireårige stipend for universitetsstudentar.
- 22.3 millionar vanskeligstilte barn kunne fått betra helsetilbud for eit år. 1
- 36.8 millionar husholdningar kunne fått solkraft i eit år.
Kommentarer
Legg inn en kommentar