Innlegg

Viser innlegg med etiketten noam chomsky

Det amerikanske voldsapparatet:

Bilde
Dessverre ingen aprilspøk 1 april 2014 , nådde meldinga meg om at uteliggaren James M. Boyd . for to veker sidan vart skoten og drepen av politiet i byen Albuquerque . Årsaken? At han var uteliggar. Han hadde slått leir på eit område der dette ikkje var lovlig. Det høyrest ut som ein aprilspøk, men er det dessverre ikkje. Heldigvis har ikkje reaksjonane uteblitt. Hackergruppa Anonymous utførte nylig eit såkalt ddos angrep på politiets webside som førte til at den gjekk ned, og  hundrevis har teke til gatene for å protestera men vart møtt med tåregass av politiet . Politiet hevdar nedskytinga av Boyd var sjølvforsvar, (kanskje er det dette som er aprilspøken?) men for alle andre er det klart at dette er ein utenrettslig avretting . Avisa Independent skriv at dette ikkje er noko nytt for innbyggjarane i Albuquerque. Sidan 2010 har politiet vore involvert i 37 skyteepisodar. Av desse fekk 23 dødelig utgang, Ifølge gruppa  ProgressNow, skaut byens politi ned fleir...

Panikk-knappen "rikets sikkerhet"

Bilde
Dette er ein oppsummering med egne ord av talen "Where's the Security in Bush's National Security Strategy?" som Noam Chomsky (NC) heldt på universitetet i Florida, 21 oktober 2003.  Originalen finn du her . Eg held på med ein litt lengre sak om "Rikets sikkerhet", og dette er relevant til korleis dette begrepet har blitt brukt og misbrukt gjennom historien. Eg syns også der er relevant til det som skjer i Ukraina der eg meiner at US møter seg sjøl i døra. For det kan jo ikkje vera eit vakkert syn for Obama, når det er Putin som står der ... I september 2002 skjedde tre uvanlige og viktige ting: 1) Bush-administrasjonen lanserte dokumentet  National Security Strategy  (NSS) der dei sa at dei planlegg permanent dominans over heile verda, gjennom bruk av makt 2) Krigstrommene begynte å lyda for Irak. Den planlagte invasjonen som i realiteten vart annonsert då, vart tolka som eit døme på at US verkeleg meinte alvor med NSS. 3) Ein ny valgkam...

Anarkismen som holdning og idebank.

Bilde
  For å unngå dei verste misforståingane om kva underskrivne egentlig står for skal eg kort gjera rede for mine tankar om kva det betyr å vera ein anarkist i betydningen frihetlig sosialist. Eg betraktar disse to begrepa som overlappande, og det er i den overlappen eg befinn meg. Eg gir meg derfor ikkje ut på å definera eller forklara anarkismen i sin fulle bredde. For meg handlar det enkelt og greit om frihet, demokrati og rettferdighet. Det er også mulig at mange anarkistar vil benekta at underskrivne er anarkist, på samme måte som mange sosialistar har sagt at eg ikkje er sosialist! I så fall skal eg ikkje insistera på å vera nokon av delene. La oss diskutera verda, ikkje orda. Anarkistar er veldig glad i å teoretisera, og det er eg og, men sidan anarkismen mildt sagt er marginalisert og knapt nok har vore realisert nokon stad i historien, er det frukteslaust å markedsføra den som ein politisk pakkeløysing. Derfor vil eg her hevda den oppfatning at anarkismen først og fremst må ...