Innlegg

Viser innlegg med etiketten ulydighet

Anarkismen som holdning og idebank.

Bilde
  For å unngå dei verste misforståingane om kva underskrivne egentlig står for skal eg kort gjera rede for mine tankar om kva det betyr å vera ein anarkist i betydningen frihetlig sosialist. Eg betraktar disse to begrepa som overlappande, og det er i den overlappen eg befinn meg. Eg gir meg derfor ikkje ut på å definera eller forklara anarkismen i sin fulle bredde. For meg handlar det enkelt og greit om frihet, demokrati og rettferdighet. Det er også mulig at mange anarkistar vil benekta at underskrivne er anarkist, på samme måte som mange sosialistar har sagt at eg ikkje er sosialist! I så fall skal eg ikkje insistera på å vera nokon av delene. La oss diskutera verda, ikkje orda. Anarkistar er veldig glad i å teoretisera, og det er eg og, men sidan anarkismen mildt sagt er marginalisert og knapt nok har vore realisert nokon stad i historien, er det frukteslaust å markedsføra den som ein politisk pakkeløysing. Derfor vil eg her hevda den oppfatning at anarkismen først og fremst må ...

den @narkistiske skulen

Bilde
Notat frå Institutt for Utopisk Pedagogikk (UPED) Andre del av ein forelesing om politikk og pedagogikk. Første del fins i: Det Anarkistiske Barnet   "The wish to preserve the past rather than the hope of creating the future dominates the mind of those who control the teaching of the young". Bertrand Russell i "on Education" Skjult pensum Det du lærer på skulen er ikkje bare fag som matte og norsk. Skulen har også eit skjult pensum . Ein forsøksvis definisjon kan vera: kunnskapar, haldningar og væremåte som elevane tilegnar seg utan at dette blir undervist. Ein annan definisjon eg har sett er: Den "Skjulte Læreplanen er det som elevane lærer gjennom det dei erfarer ved å gå på skule, heller ein dei formulerte måla for slike institusjonar". Det er altså snakk om det som dei tilegnar seg i tillegg til dei læremåla som er eksplitt gitt gjennom læreplanar og pensum dvs. det elevane lærer gjennom praksis.