Pastafarianismen

Pastafarianarane

Spaghetti-kyrkja, eller Church of the Flying Spaghetti Monster, har mange tilhengjarar rundt om i verda. Dei kallar seg pastafarianarar, og seier at verda vart skap av eit Flygande Spaghetti Monster (FSM) for fire tusen år sidan. Dette synest så overbevisande at no har eg også blitt pastafarianar!


Starten på det heile var eit eit ope brev som grunnleggjaren (somme kallar han profeten) Bobby Henderson skreiv til Kansas School Board i januar 2005. Etter at det vart beslutta Kansas-skulane skulle undervisa i Intelligent Design (ID) som ein alternativ teori til evolusjonen, så meinte han at også andre versjonar av ID burde bli undervist. Brevet finn du i original her. No skal vi bare gi eit kort resyme:

"LA OSS HUSKA PÅ", skriv Henderson, "at det er mangfoldige versjonar av ID. Eg og mange andre rundt om kring i verda er sterke i trua på at universet vart skapt av et Flygande Spaghetti Monster. Det var Han som skapte alt vi ser i dag, og alt det vi føler. Vi føler sterkt at dei overveldande bevisa som peikar i retning ein evolusjonær prosess, ikkje er anna enn tilfeldigheter, arrangert av Han."

Følgjer du med? Vel forklaringen er slik:

"Det mange ikkje forstår er at Han bygde verda for å få oss til å tru at den er eldre enn den verkeleg er. For eksempel kan ein vitenskapsmann gjera ein karbon-datering på ein gjenstand. Han finn at omtrent 75 % av karbonisotopen C-14 har forsvunne og blitt til [nitrogenisotopen] N-14, og sluttar av dette at denne gjenstanden er omtrent 10 000 år gammal, sidan halveringstida for C-14 ser ut til å vera 5730 år. Men det vitenskapsmannen vår ikkje innser er at kvar gong han gjer ei måling, så endrar det Flygande Spaghetti Monsteret resultatet med sine nudlete vedheng"

Henderson framhever så kor viktig det er ikkje bare å undervisa i denne alternative teorien, men også at den blir undervist med fulle regalier, som er piratuniform!

"Eg kan ikkje understreka dette nok kor viktig dette er, og uheldigvis kan eg ikkje beskriva i detalj kvifor dette må gjerast, sidan eg er redd brevet allerede er for langt. Den kortfatta forklaringen er at Han blir sint hvis vi ikkje gjer det."

"De er muligens interessert i", fortset Henderson, " at global oppvarming, jordskjelv, orkanar og andre natrkatastrofar er eit direkte resultat av det minkande antalet piratar sidan 1800"

HVIS IKKJE DU TRUR det, så studer denne grafen:


"Eg ventar ivrig på dykkar svar" skriv Henderson, som ser fram til den dagen då dei i Kansas kan gi lik klasseromstid til dei tre retningane, ein tredel for Intelligent Design, ein tredel for Pastafarianisme og ein tredel for logiske antagelsar basert på overveldande observerbart bevis.

Underskrive "Beste Helsing Bobby Henderson, interessert borgar".

I eit PS skriv han at han legg ved ein kunstnerisk tegning av Han, mens han skaper eit fjell, nokre trer og ein dverg. Her er den:

Bobby Henderson som er utdanna fysikar fekk ikkje noko svar før etter at han hadde lagt brevet ut på nett. Etter dette har også webstaden hans fått 350 millionar treff, og over 15 millionar unike brukarar, og brevet vart trykt i mange aviser, av dei New York Times, Washington Post og Chicago Sun Times. Og etter at mange forlag var interesserte i å få Spaghettimonsterets ord ut til publikum, kom til slutt boka "The Gospel of the Flying Spaghetti Monster" ut i mars 2006. Den er nylig gitt ut i norsk utgave på Cappelens Forlag under tittelen SpagettiMonsterets evangelium, og uten at eg har lest ein setning av den, vil eg anbefala den på det varmaste!

Kort om pastafarianismen:

Pastafarianarane trur, eller seier, altså at Spaghettimonsteret skapte himmel og jord. Dette skjedde etter tett drikking. Derfor går også denne formen for kreasjonisme under navnet Uintelligent Design. Dei meiner at himmelen har ein strippefabrikk og ein ølfontene. Helvete liknar veldig på himmelen, bare at ølet er mykje tammare og at stripparane har veneriske sjukdommar. Dei religiøse tekstane til Spaghettikyrkja vert kalla ein "laus kanon". I staden for ti påbud har den åtte "skulle-verkeleg-ynskja-du-ikkje-reglar". Å eta pasta er selvfølgelig ein slags nattverd, og den offisielle slutten på bøner er RAmen. (Ramen er ein nuddel)

Piratane er rekna for å vera dei opprinnelege pastafarianarane, og "absolutt himmelske vesen". At folk reknar dei for tjuvar og outcasts, er eit resultat av desinformasjon frå middeladerens kristne teologar, og Hare Krishna-folk. Pastafariananarne meiner i staden at piratar er "fredselskande utforskarar som sprer den gode vilje" som deler ut sukkertøy til ungane. Pastaf (eg orkar ikkje skriva resten) feirar den internasjonale "Snakk som ein Pirat-dagen" kvar 19. september.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Miranda ofrast i krigen mot terror

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

det @narkistiske barnet