Innlegg

Viser innlegg med etiketten edward snowden

The Point of No Return

Bilde
Du har kanskje høyrt historien om frosken på kokeplata: ein frosk som blir putta opp i kokande vatn vil hoppa ut umiddelbart. Men puttar du den opp i ei vatn som har passelig temperatur, så blir den. Aukar du så temperaturen gradvis, så syns den fremdeles temperaturen er passelig. Den tilpassar seg altså - og blir. Heilt til det er for seint. Når den ikkje lenger syns temperaturen er passelig, er den i ferd med å bli kokt, og klarer ikkje hoppa ut. Dette er visst ein vandrehistorie, men har ofte vore brukt som bilde på korleis klimaet nærmar seg eit Point of No Return . Kanskje har vi nådd dette punktet allerede? Dei siste meldingane om issmeltinga i Antarktis kan tyda på det. Men bildet kan også vera passande å bruka på situasjonen for demokratiet i dag. Som Glenn Greenwald skriv i si nye bok, har målet til makta vore å vita absolutt alt som skjer på nett, alt du skriv på alle kanalar frå personlig epost til FB. Dei ville, som dei sjøl sa, "registrera, lagra, overvåka og an...

Terroradministrasjonen

Bilde
USA kan kritiserast for å bedriva like mykje terrorisme som dei organisasjonane dei bekjempar på framand jord. Men også på eigen jord. Etter kvart som handlingane til NSA og andre statlige byrå blir avslørt og dei utvida fullmaktene som dei gir seg sjølv gjennom Patriot Act og dei andre terrorlovene kjem fram i lyset, teiknar det seg eit stadig tydeligare bilde av ein administrasjon som også driv terror mot sitt eige folk. Ikkje gjennom å bryta loven, men gjennom å endra og omfortolka den.   Terror, slik US ser det I 2002, ikkje lenge før USA gjekk til storoffensiv mot Irak med teppebombing av Bagdad gjekk tre nonner til «angrep» mot USA. Dominikanarsøstrene Ardeth Platte, 66, Carol Gilbert, 55, og Jackie Hudson 68 braut seg inn i ein utskytingsrampe for Minuteman raketten, og teikna med sitt eige blod eit kors på rakettsiloen. Sjølvsagt vart dei umiddelbart lagt i lenker, og slik fekk dei liggja i tre timar. Deretter vart dei fengsla i sju månader før rettssaken. Dommen lyd...