Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2013

Eit halvt år frå livet til Malte Spitz

Bilde
Den tyske politikaren Malte Spitz (miljøpartiet) klarte å få utlevert seks månader av sine teledata frå den tyske telegiganten Deutsche Telekom. Dataene vart så gitt til ZEIT ONLINE som kombinerte lokaliseringsdata med offentlig tilgjengelig informasjon frå Twitter, blogging og andre webstader til ein animasjon som viser kor Malte var (nesten) til ein kvar tid, og (ofte) kva han gjorde på dei ulike stadene. Nedanfor er eit stillbilde av korleis det ser ut. Du kan sjå  korleis dette fungerer i praksis hos Zeit .  Tenk deg no at ein ikkje bare har tilgjengelig disse dataene, men også kredittkort- og kontoopplysningar mm. så har ein eit ganske komplett bilde av livet til Malte Spitzz, eller kven som helst. Dette bildet kan om nødvendig fyllast ut med overvåkingsdata frå utallige videokameraer med teknologi for ansiktsgjenkjenning, eller avlytting av telefonsamtaler, meldingar- og epostar mm. Tenk deg vidare at alle disse dataene frå enkeltpersonar kan koblast saman med data om andre per