den @narkistiske skulen
Notat frå Institutt for Utopisk Pedagogikk (UPED) Andre del av ein forelesing om politikk og pedagogikk. Første del fins i: Det Anarkistiske Barnet "The wish to preserve the past rather than the hope of creating the future dominates the mind of those who control the teaching of the young". Bertrand Russell i "on Education" Skjult pensum Det du lærer på skulen er ikkje bare fag som matte og norsk. Skulen har også eit skjult pensum . Ein forsøksvis definisjon kan vera: kunnskapar, haldningar og væremåte som elevane tilegnar seg utan at dette blir undervist. Ein annan definisjon eg har sett er: Den "Skjulte Læreplanen er det som elevane lærer gjennom det dei erfarer ved å gå på skule, heller ein dei formulerte måla for slike institusjonar". Det er altså snakk om det som dei tilegnar seg i tillegg til dei læremåla som er eksplitt gitt gjennom læreplanar og pensum dvs. det elevane lærer gjennom praksis.