Politiskaut

Spørsmål: skal vi laga ein spesiell ordning for folk (dvs. kvinner) som har lyst til å bli politi eller dommar, men ikkje kan fordi dei bruker hijab? Til dette har eg samme innvending som mot at vi skal ha spesielle reglar mot hijab på skulen: spesialreglar for eller mot spesielle religionar eller folkegrupper er ein noko vi bør unngå i det lengste, fordi det smakar av ideologi. Men dog er spesialreglar som er "for" meir spiselige enn dei som er "mot". Det kan vera gode grunnar til positiv diskriminering, og tilsynelatande er det det her. Men likevel: ein slik spesialregel vil gi andre grupper rett til å spørja: koffor skal ikkje vi også få spesialordningar, vi som vil gå med turban? Eller kva med oss som er medlemer i Church of the Flying Spaghettimonster, som har spesielle dagar der vi "må" kle og oppføra oss som piratar (talk like a pirate day) Vil dette vera akseptabelt i politiet?



På den andre sida: argument om respekt for loven kjøper eg ikkje heilt heller, for øvrigheten ikler seg ofte dustete klesplagg (les uniformer) som ikkje akkurat påkallar respekt. Eksempelvis latar  det engelske rettssystemet til å tru at det å ikle seg kunstig hår med kvite rokokkokrøller slik at dei liknar på Mozart, er ein fin måte å oppnå respekt på. Men eg har nytt til dei: det er ikkje det!

Så det er ikkje det at det er så mange argument mot skaut i politiet. Det egentlige problemet med denne eventuelle regelen er dette: det eksisterer ingen argument for. Rett nok vil dei sjølve hevda at dei "må", enten fordi nokon (som regel pappa, mamma eller ein imam) seier det, eller fordi det står i ei bok som er spesielt viktig. Til dette er det å sei: beklager dette er ikkje eit gyldig argument! Det er like lite gyldig som dei som påberoper seg indre stemmer slik at dei må ta livet av andre. Like lite gyldig som å la tegneserien Pondus bli ein autoritet (det hadde forresten vore ein ide!) over eget liv, er det å la antikk litteratur, angivelig diktert av eit overnaturlig vesen, vera det. Som vanlig er det grunn til å minna om at dei same bøkene argumenterer for å td. steina oksar som har stanga nokon i hel, men det bryr vi oss ikkje om - eller gjer vi? Til dei som hevdar at religion er eit argument: når er den det? I kva situasjonar og problemstillinga skal vi konsultera presten, imamen, bibelen eller koranen?

Altså: det er ingen som gå med dette plagget, med mindre dei føler seg tvinga av foreldre og andre autoriteter. Det er mulig å vera muslim uten å bera hijab. Altså er det mulig å vera politi og muslim samtidig!
Og så er det nokon som kjem med tradisjonsargumentet. Koffor "får ikkje muslimar lov til" å sin følgja sin kultur og tradisjon? Koffor "får dei ikkje lov" til å utøva sin religion? Dette er tøv. Ingen forbyr nokon å utøva sin religion, men hvis dei må gjera det i tjeneste så er det eit problem. Akkurat som det er problemfullt å bera bunad i politiet, eller fotballtrøyer. Men til sjuande og sist er det politietaten som får avgjera sjøl ka som kan brukast som uniform. Eg bryr meg egentlig ikkje. Poenget mitt er bare dette: det fins ingen argument for dette. Ergo er det fritt fram for politipiratar.

Les meir om pastafarianismen.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Miranda ofrast i krigen mot terror

det @narkistiske barnet

Pastafarianismen