Påfuglsyndromet
Har du nokon gong lurt på koffor påfuglen har den enorme halen sin? Den kan jo ikkje vera nyttig? Tvert om må det vera ei stor plage for påfuglhannen å draska rundt på dette slepet. Den kan til og med vera farlig fordi den kan tiltrekkja seg rovdyr. Richard Dawkins, forfattaren av "The Selfish Gene" meiner at det er nettopp på grunn av sin unyttighet og sin besværlighet at påfuglhalen er så svær. Det er som om hannen seier: "Sjå kor sterk og viril eg er, som klarar å dra rundt på denne latterlige halen." Hoer som er ute etter å finna sterke hannar å para seg med vert tiltrekte av dette symbolet på styrke, og dermed kan gener for svære halar spre seg. Dette, som vi kan kalla påfuglsyndromet, kan også gi oss ein forklaringsmodell innan for eksempel religion og økonomi!