Innlegg

Situasjonen i Syria (Gjesteinnlegg)

Min introduksjon: På Facebook er eg venn med ein særs oppegåande kypriot som heiter George Ades . Han skreiv i går, den 17.12.2016 denne posten om Syria som eg syns var så god at eg ville oversetja den og posta den her på min egen blogg. Min plan var egentlig å skriva noke liknande sjøl, men den har så langt ikkje komt lenger enn kladdestadiet. Men George skriv jo minst like bra som eg! Håper å komma tilbake med lenker og oppfølging. Her kjem posten. Eg står ikkje inne for alle detaljar, men så langt eg kjenner til, er forteljinga riktig. Mulige oversettingsfeil er mitt ansvar, og om du lurer er den originalteksten lagt ved nedanfor. Gunnar Øyro Ein kort oppsummering av situasjonen i Syria for å setja ting i perspektiv. Våren 2011 bestemte Washington seg for at dei ikkje ville at Assad skulle styra Syria. Grunnen? Deira egen, men den har alt å gjera med å tena amerikanske interesser. Då Assad nekta ...

The Point of No Return

Bilde
Du har kanskje høyrt historien om frosken på kokeplata: ein frosk som blir putta opp i kokande vatn vil hoppa ut umiddelbart. Men puttar du den opp i ei vatn som har passelig temperatur, så blir den. Aukar du så temperaturen gradvis, så syns den fremdeles temperaturen er passelig. Den tilpassar seg altså - og blir. Heilt til det er for seint. Når den ikkje lenger syns temperaturen er passelig, er den i ferd med å bli kokt, og klarer ikkje hoppa ut. Dette er visst ein vandrehistorie, men har ofte vore brukt som bilde på korleis klimaet nærmar seg eit Point of No Return . Kanskje har vi nådd dette punktet allerede? Dei siste meldingane om issmeltinga i Antarktis kan tyda på det. Men bildet kan også vera passande å bruka på situasjonen for demokratiet i dag. Som Glenn Greenwald skriv i si nye bok, har målet til makta vore å vita absolutt alt som skjer på nett, alt du skriv på alle kanalar frå personlig epost til FB. Dei ville, som dei sjøl sa, "registrera, lagra, overvåka og an...

Det amerikanske voldsapparatet:

Bilde
Dessverre ingen aprilspøk 1 april 2014 , nådde meldinga meg om at uteliggaren James M. Boyd . for to veker sidan vart skoten og drepen av politiet i byen Albuquerque . Årsaken? At han var uteliggar. Han hadde slått leir på eit område der dette ikkje var lovlig. Det høyrest ut som ein aprilspøk, men er det dessverre ikkje. Heldigvis har ikkje reaksjonane uteblitt. Hackergruppa Anonymous utførte nylig eit såkalt ddos angrep på politiets webside som førte til at den gjekk ned, og  hundrevis har teke til gatene for å protestera men vart møtt med tåregass av politiet . Politiet hevdar nedskytinga av Boyd var sjølvforsvar, (kanskje er det dette som er aprilspøken?) men for alle andre er det klart at dette er ein utenrettslig avretting . Avisa Independent skriv at dette ikkje er noko nytt for innbyggjarane i Albuquerque. Sidan 2010 har politiet vore involvert i 37 skyteepisodar. Av desse fekk 23 dødelig utgang, Ifølge gruppa  ProgressNow, skaut byens politi ned fleir...

Panikk-knappen "rikets sikkerhet"

Bilde
Dette er ein oppsummering med egne ord av talen "Where's the Security in Bush's National Security Strategy?" som Noam Chomsky (NC) heldt på universitetet i Florida, 21 oktober 2003.  Originalen finn du her . Eg held på med ein litt lengre sak om "Rikets sikkerhet", og dette er relevant til korleis dette begrepet har blitt brukt og misbrukt gjennom historien. Eg syns også der er relevant til det som skjer i Ukraina der eg meiner at US møter seg sjøl i døra. For det kan jo ikkje vera eit vakkert syn for Obama, når det er Putin som står der ... I september 2002 skjedde tre uvanlige og viktige ting: 1) Bush-administrasjonen lanserte dokumentet  National Security Strategy  (NSS) der dei sa at dei planlegg permanent dominans over heile verda, gjennom bruk av makt 2) Krigstrommene begynte å lyda for Irak. Den planlagte invasjonen som i realiteten vart annonsert då, vart tolka som eit døme på at US verkeleg meinte alvor med NSS. 3) Ein ny valgkam...

Miranda ofrast i krigen mot terror

Bilde
- Når du applauderer for at rettane hans [Dzhokhar Tsarnaev] forvitrar. så applauderer du for at dine egne [også] forvitrar.     Glenn Greenwald. 15 april 2013 eksploderte to bomber i målrområdet under Boston Marathon. Tre personar vart drept og 144 skadd, mange av dei alvorlig. To brødre,  Dzhokhar og Tamerlan Tsarnaev , vart tidlig mistenkte for å stå bak, og Tamerlan vart drept av politiet i ein skyteepisode bare tre dagar etter eksplosjonen. Den andre broren, Dzhokhar, vart arrestert den 19 april, og har sidan den gong vore i politiets varetekt i påvente av ein rettssak. Dette skal ikkje handla om Dzhokhar, eller kva han gjorde, men om kva prinsipp ein rettsstat må byggja på i slike tilfelle. Alle som har sett minst ein episode av ein amerikansk krimserie veit at når det amerikanske politiet pågrip ein person, så må dei passa på 1) at personen ikkje dunkar hovet i døropningen på politibilen, og 2) at han eller ho får lest opp alle rettane sine. Det først...

Terroradministrasjonen

Bilde
USA kan kritiserast for å bedriva like mykje terrorisme som dei organisasjonane dei bekjempar på framand jord. Men også på eigen jord. Etter kvart som handlingane til NSA og andre statlige byrå blir avslørt og dei utvida fullmaktene som dei gir seg sjølv gjennom Patriot Act og dei andre terrorlovene kjem fram i lyset, teiknar det seg eit stadig tydeligare bilde av ein administrasjon som også driv terror mot sitt eige folk. Ikkje gjennom å bryta loven, men gjennom å endra og omfortolka den.   Terror, slik US ser det I 2002, ikkje lenge før USA gjekk til storoffensiv mot Irak med teppebombing av Bagdad gjekk tre nonner til «angrep» mot USA. Dominikanarsøstrene Ardeth Platte, 66, Carol Gilbert, 55, og Jackie Hudson 68 braut seg inn i ein utskytingsrampe for Minuteman raketten, og teikna med sitt eige blod eit kors på rakettsiloen. Sjølvsagt vart dei umiddelbart lagt i lenker, og slik fekk dei liggja i tre timar. Deretter vart dei fengsla i sju månader før rettssaken. Dommen lyd...

Eit halvt år frå livet til Malte Spitz

Bilde
Den tyske politikaren Malte Spitz (miljøpartiet) klarte å få utlevert seks månader av sine teledata frå den tyske telegiganten Deutsche Telekom. Dataene vart så gitt til ZEIT ONLINE som kombinerte lokaliseringsdata med offentlig tilgjengelig informasjon frå Twitter, blogging og andre webstader til ein animasjon som viser kor Malte var (nesten) til ein kvar tid, og (ofte) kva han gjorde på dei ulike stadene. Nedanfor er eit stillbilde av korleis det ser ut. Du kan sjå  korleis dette fungerer i praksis hos Zeit .  Tenk deg no at ein ikkje bare har tilgjengelig disse dataene, men også kredittkort- og kontoopplysningar mm. så har ein eit ganske komplett bilde av livet til Malte Spitzz, eller kven som helst. Dette bildet kan om nødvendig fyllast ut med overvåkingsdata frå utallige videokameraer med teknologi for ansiktsgjenkjenning, eller avlytting av telefonsamtaler, meldingar- og epostar mm. Tenk deg vidare at alle disse dataene frå enkeltpersonar kan koblast saman med data om ...