Frihet for Assange

Eg har bidratt med beskjedne midlar til Julian Assange sitt forsvar gjennom Assange Defense Commitee, som er eit prosjekt under Courage Foundation, som også har kampanjer for Chelsea Manning med fleire. Og derfor får eg også jevnlig epostar frå dei, med oppfordring om å bidra. Så langt har eg ikkje vore veldig aktiv, men tenkjer at det må eg gjera noko med. Og derfor denne posten. Sjå også posten Fiender av Staten.

Korfor?

Her vil eg gjera journalisten John Pilger sin ord til mine:

"Julians kamp er den viktigaste enkeltsaken for ytringsfrihet, tankefriheten og fri journalistikk i mi levetid. Vi må alle støtta han."

Pilger er ein av mine heltar som forsvarer Assange: 

Oliver Stone:

"Julian Assange is a publisher for truth. He's done great work on behalf of mankind despite his inhumane treatment. This case is crucial to the survival of our right to know and our essential freedom against USA and UK oppression — and now tyranny!"

Noam Chomsky:

 
"Julian Assange shouldn't be the subject of a grand jury hearing, he should be given a medal. He's contributing to democracy".

Chris Hedges:

 
 
"Assange is a courageous and fearless publisher who is being persecuted for exposing the crimes of the corporate state and imperialism. His defense is the cutting edge of the fight against government suppression of our most important and fundamental democratic rights. If we fail to protect Assange, we fail to protect ourselves."

John Pilger:

 
 
 "Julian's struggle is the most important single case for freedom of speech, freedom of thought, freedom of journalism in my lifetime. We must all of us support him."

Korleis kan du og eg bidra?

* Vi kan skaffa oss informasjon.

Sjå for eksempel Iraq War Logs på Youtube

Kapittel 1:

Kapittel 2:

Kapittel 3:

* Vi kan bidra med støtte

På Assange Defense Commitee, kan du registrera din støtte og motta informasjon. Du kan også donera pengar. Det fins også andre organisasjonar som Don't extradite Assange-kampanjen som du kan støtta.

* Vi kan driva aktivisme

Forslag: skriv på egen blogg eller sosiale media. Evt skriv innlegg i aviser og kor du kjem til. Generelt: Lag bråk, informer, legg ut lenker :)

* Vi kan delta på "We Are Millions"

We Are Millions er ein annan kampanje frå Courage Foundation. Her kan du lasta opp bilder til støtte for Julian Assange. Dei fire heltane vist innledningsvis har gjort det. Og under er eit tilfeldig bilde frå WeWareMillions. Hvis du trykkjer refresh, så får du eit nytt. Mitt forslag er at du tar eit bilde og lastar det opp. Deretter kan du gjerne også bruka det som profilbilde på Facebook og andre "sosiale" medier.

God aktivisme!

We Are Millions random photo

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Miranda ofrast i krigen mot terror

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

det @narkistiske barnet