Gå til hovedinnhold

Fiender av Staten


Proskripsjon: Den romerske diktatoren Sulla lagde i sin tid ei liste over dei som han meinte var statens fiendar. Denne lista vart publisert på Forum Romanum, og dei som sto på lista vart ved dette fråteke sitt romerske borgerskap og all beskyttelse frå loven. Vi har visst ikkje kome så mykje lenger i dag. Julian Assange og Pussy Riot er visst så farlige at makta bruker alle midlar for å stoppa dei. I England vurderer politiet å angripa Ecuadors ambassade for å henta ut Julian Assange som har søkt asyl der, og i Russland riskikerer tre av medlemmene av punkegruppa Pussy Riot sju års fengsel for å ha sunge ein song,

Kva har jentene gjort for å fortena dette? Jau, den 21 februar fremførte Pussy Riot protestsangen "Jomfru Maria, frels oss frå Putin" i Kristus Frelseren-katedralen i Moskva. Der kritiserte dei den støtten som Putin får frå patriarkane i den russisk-ortodokse kyrkja. Maria Alekhina, Ekaterina Samutsevich og Nadezhda Tolokonnikova er no anklaga for «hooliganisme på grunnlag av religiøst hat». Aktoratet har sagt at dei tre kvinnene er Satans agentar, ikkje mindre, og at dei prøver å øydeleggja den russiske staten. Dei er altså blitt offisielle fiender av den Russiske staten. Jentene har no vore fengsla i fem månader, og risikerer sju års fengsel. I dag, fredag 17. august fell dommen.

Assange-saken er litt meir samansett. Han blir anklaga for voldtekt i Sverige under eit opphald i 2010 då han prøver å skapa ein ny base for Wikileaks. Det blir utstedt arrestordre, men den blir trekt tilbake dagen etter. Men elleve dager derpå opnar Riksåklagaren Marianne Ny for ny etterforskning. Han blir deretter nekta opphald i Sverige, uten begrunnelse. Det blir så utstedt ein internasjonal arrestordre via Interpol. Assange drar til England, og etter mange rundar i retten seier høgsterett 30 mai 2012 at han skal utleverast til Sverige. 19 juli søkjer han så politisk asyl i den Ecuadorianske ambassaden. No truar britiske myndigheter med at dei vil henta ut Assange med makt.

CATCH-22: Det er høyst diskuterbart om Storbritannia har lov til å henta ut Julian Assange frå den Ecuadorianske ambassaden. I henhold til Wien-konvensjonen om diplomatiske relasjoner av 1961 er abassadane ein del av sendarlandet, altså Ecuador, sin jurisdiksjon. Men Storbritannia truar med å bruka ein annan lov (Diplomatic and Consular Premises Act 1987) for å trekkja tilbake ambassadens diplomatiske status og derved gi politiet anledning til å gå inn og henta Assange. Denne loven vart vedtatt i ei tid då UK hadde problemer med land som Libya som brukte ambassadane sine for terroristaktivitet. Men andre ord ein lov for å beskytta rikets sikkerhet. Spørsmål ein er korleis Assange skulle kunna utgjera ein trussel mot Storbritannia? Spørsmål to er om Storbritannia har lyst til å bruka ein lov som seinare kan bli brukt mot dei sjøl. Så her står mykje på spel. Enn så lenge er Assange "fri", men straks han vågar seg ut av ambassaden blir han tatt. Dette til tross for det Euador sin utenriksminister Ricardo Patino nylig sa: "We don't think it is reasonable that, after a sovereign government has made the decision of granting political asylum, a citizen is forced to live in an embassy for a long period". Men dette handlar jo ikkje om fornuft, eller for den del, anstendighet.

Kvifor fryktar Assange utlevering til Sverige? Jau, fordi Assange er under anklage (eller vil bli bli sett under anklage) også i USA. Og Sverige og USA har ein gjensidig avtale som gjer det mulig å utlevera personar som er anklaga i begge land. Dette er veldig beleilig for USA som bedyrer at dei ikkje vil forlanga han utlevert frå Storbritannia. Men no veit vi jo kvifor. Det er mykje enklare for USA å retta sitt krav om utlevering til Sverige enn til Storbritannia. Og vi treng ikkje vera i tvil om at dette kravet vil komma. Visepresidenten for etteretningsselskapet Stratfor, Fred Burton, skreiv den 26 januar 2011 i ein email: "Not for Pub – We have a sealed indictment on Assange. Pls protect.". Det er heller ikkje stor tvil om at kravet vil bli stetta. Etter det eg kjenner til har ikkje Sverige nokon gong i dette årtusenet nekta utlevering til USA. Eit par gongen skal dei ikkje ha funne personane, men det står tydeligvis ikkje på viljen. Og sjølv om Carl Bildt og andre offisielle svenskar er indignerte og på twitter vil ha seg frabedt kritikk av det svenske rettssystemet, så ser det ut til at Assange sin frykt for utlevering er høyst reell.

Kva skjer hvis Assange blir utlevert til USA? Assange vil måtta møta svært alvorlige anklager. Sidan 2010 har det amerikanske justisdepartementet gjort aktive undersøkjelsar om Assange kan anklagast etter amerikansk lov, sannsynligvis spionasjeloven av 1917. Assange riskikerer altså lang fengselsstraff hvis han blir sendt til USA. Og i verste fall også å bli tatt av dage. Det har vore sett fram mange dødstruslar, både opne og dei meir indirekte som då Sarah Palin meinte at Assange burde behandlast slik som Al Qaida. Det er uansett ingen grunn til å tru at han blir tatt på med silkehanskar når vi veit korleis Bradley blir behandla, og det er heller liten grunn til å tru at han vil få ein rettferdig behandling.

Kva er likheten mellom Julian Assange sin sak og Pussy Riot, vil nokon spørja. Forskjellen er at mens dei russiske jentene jo ikkje har gjort noko som helst gale, så er Assange anklaga for ein alvorlig forbrytelse. Om disse anklagene er reelle veit vi ikkje, og det vedkjem heller ikkje saken. Hvis Assange er skuldig i ein forbrytelse i Sverige, så burde han bli stilt for ein svensk domstol og dømt for det. Hadde han vore sikker på ikkje å bli utlevert til USA, så burde han også dra til Sverige og bli ferdig med saken, men ingen som kjenner til korleis USA behandlar terror- og spiondømte ville for nokon pris dra dit. Det som er likt mellom sakene er korleis makta i Russland og makta i USA / Sverige / Storbritannia rått bruker domstolane for det dei er verdt for å knusa politisk opposisjonelle. Det er ingen tvil om at Assange er politisk forfulgt på grunn av sin aktivitet i Wikileaks akkurat som Pussy Riots blir tatt for sin politisk motstand mot Putin. Dei er Fiender av Staten, og Staten bruker dei midlane som trengs for å bli kvitt dei.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria
Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alv…

Peter Ford om Amnesty International

Englands tidligere ambassadør i Syria, Peter Ford, er ikkje redd for å sei sin meining (sjå feks. her) om Syria, sjøl om den ikkje stemmer med det narrativet som hans gamle arbeidsgivar gjerne vil ha fram.
Her er Peter Ford i samtale med John Wight på Hard Facts angåande Amnesty International sin rapport "Human Slaughterhouse".

Kort oppsummering:

[3.20] Om timingen av rapporten: "Ein må spørja seg: kvifor no?". PF seier at det er veldig rart at den kjem no, tatt i betraktning av kva som har skjedd i Aleppo, suksessen med fredssamtalane i Astana og at det no ser ut til å vera sannsynlig at amerikanarane vil snakka med russarane. Og spesielt meiner han det er rart med tanke på at rapporten har vore under arbeid i meir enn eit år.

[5.02] Om truverdigheten:"Tydeligvis har ingen av forfattarane av rapporten faktisk vore i Saydnaya. Eg har". AI påstår at fengselet kan ta mellom ti og tjue tusen fangar. PF seier at det umulig kan ta meir enn 10% av dette. Vidare…