Innlegg

Viser innlegg fra november, 2020

Frihet for Assange

Bilde
Eg har bidratt med beskjedne midlar til Julian Assange sitt forsvar gjennom Assange Defense Commitee , som er eit prosjekt under Courage Foundation , som også har kampanjer for Chelsea Manning med fleire. Og derfor får eg også jevnlig epostar frå dei, med oppfordring om å bidra. Så langt har eg ikkje vore veldig aktiv, men tenkjer at det må eg gjera noko med. Og derfor denne posten. Sjå også posten Fiender av Staten . Korfor? Her vil eg gjera journalisten John Pilger sin ord til mine: "Julians kamp er den viktigaste enkeltsaken for ytringsfrihet, tankefriheten og fri journalistikk i mi levetid. Vi må alle støtta han." Pilger er ein av mine heltar som forsvarer Assange:  Oliver Stone: "Julian Assange is a publisher for truth. He's done great work on behalf of mankind despite his inhumane treatment. This case is crucial to the survival of our right to know and

Uintellligent design

Bilde
 Uintelligent Design - ein apologi for Pastafarianismen Vi er alle enige om at som forklaring på korleis dei ulike dyreartane oppsto, er evolusjonsteorien avlegs. Den er utgammal , og har jo ikkje utvikla seg sidan Darwin sette den fram. Det er på tide å finna ein som er meir tilpassa dagens verkelighet, og her skal vi sjå på  fem plausible forklaringsmodellar som er meir attraktive for det moderne publikum. Kva slags teori som er den rette, skal vi la lesaren sjølv avgjera på demokratisk vis ved simpelt fleirtal. Vi ber derfor lesaren merka seg nummeret på den teorien som han eller ho likar best før den endelige avstemmingen på slutten. Kandidat nr. 1:  Navleteorien. Denne teorien forutset at Gud er ein spøkefull kar. Og det kan jo vitterlig sjå slik ut, for ellers hadde Han vel ikkje skapt verda i det heile - om det då verkeleg er Han som er den skuldige. Du har sikkert (ikkje?) grubla på følgande paradoks: Hadde Adam og Eva navle? Mange kreasjonistar svarer nei,

Pastafarianismen

Bilde
Pastafarianarane Spaghetti-kyrkja, eller Church of the Flying Spaghetti Monster , har mange tilhengjarar rundt om i verda. Dei kallar seg pastafarianarar, og seier at verda vart skap av eit Flygande Spaghetti Monster (FSM) for fire tusen år sidan. Dette synest så overbevisande at no har eg også blitt pastafarianar! Starten på det heile var eit eit ope brev som grunnleggjaren (somme kallar han profeten) Bobby Henderson skreiv til Kansas School Board i januar 2005. Etter at det vart beslutta Kansas-skulane skulle undervisa i Intelligent Design (ID) som ein alternativ teori til evolusjonen, så meinte han at også andre versjonar av ID burde bli undervist. Brevet finn du i original her . No skal vi bare gi eit kort resyme: "LA OSS HUSKA PÅ" , skriv Henderson, "at det er mangfoldige versjonar av ID. Eg og mange andre rundt om kring i verda er sterke i trua på at universet vart skapt av et Flygande Spaghetti Monster. Det var Han som skapte