Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2014

Panikk-knappen "rikets sikkerhet"

Bilde
Dette er ein oppsummering med egne ord av talen "Where's the Security in Bush's National Security Strategy?" som Noam Chomsky (NC) heldt på universitetet i Florida, 21 oktober 2003.  Originalen finn du her . Eg held på med ein litt lengre sak om "Rikets sikkerhet", og dette er relevant til korleis dette begrepet har blitt brukt og misbrukt gjennom historien. Eg syns også der er relevant til det som skjer i Ukraina der eg meiner at US møter seg sjøl i døra. For det kan jo ikkje vera eit vakkert syn for Obama, når det er Putin som står der ... I september 2002 skjedde tre uvanlige og viktige ting: 1) Bush-administrasjonen lanserte dokumentet  National Security Strategy  (NSS) der dei sa at dei planlegg permanent dominans over heile verda, gjennom bruk av makt 2) Krigstrommene begynte å lyda for Irak. Den planlagte invasjonen som i realiteten vart annonsert då, vart tolka som eit døme på at US verkeleg meinte alvor med NSS. 3) Ein ny valgkamp for kongr