Uintellligent design

 Uintelligent Design

- ein apologi for Pastafarianismen

Vi er alle enige om at som forklaring på korleis dei ulike dyreartane oppsto, er evolusjonsteorien avlegs. Den er utgammal, og har jo ikkje utvikla seg sidan Darwin sette den fram. Det er på tide å finna ein som er meir tilpassa dagens verkelighet, og her skal vi sjå på  fem plausible forklaringsmodellar som er meir attraktive for det moderne publikum.

Kva slags teori som er den rette, skal vi la lesaren sjølv avgjera på demokratisk vis ved simpelt fleirtal. Vi ber derfor lesaren merka seg nummeret på den teorien som han eller ho likar best før den endelige avstemmingen på slutten.

Kandidat nr. 1:  Navleteorien.

Denne teorien forutset at Gud er ein spøkefull kar. Og det kan jo vitterlig sjå slik ut, for ellers hadde Han vel ikkje skapt verda i det heile - om det då verkeleg er Han som er den skuldige.

Du har sikkert (ikkje?) grubla på følgande paradoks: Hadde Adam og Eva navle? Mange kreasjonistar svarer nei, sidan A&E jo ikkje var fødd av ei mor. Men tilhengjarane av navleteorien meiner at det ikkje betyr noko. For Gud kan sjølsagt ha skapt dei med navle. Formodentlig gjorde han det for at hans nyskapte menneske skulle unngå pinlige spørsmål frå sine barn Kain og Abel om koffor foreldrene ikkje hadde hol i magen. Det må jo ha vore meir enn evig nok med maset deira om ”skal vi ikkje snart reisa til mormor” etc.

Men mange drar denne teorien lenger: For å få terrenget til å stemma med teorien, som er at universet er rundt 4000 år, kan jo Gud utmerka godt ha skapt universet med ein fiks ferdig (men fake) historie, akkurat på samme måte som Gunnar Staalesen skapte Varg Veum med ein historie, til tross for at han ikkje levde før i 2007. Dette har i alle år lurt vitskapsmennene opp i stry. For eksempel er verdensrommet som kjent fullt av stråling. Denne såkalte bakgrunnsstrålinga ser ut til å komma frå et ”Big Bang”. Men vi kan ikkje sjå bort frå at Gud har plassert den der bare for å ha det gøy med astronomane. Vidare er det ikkje umulig at Han kan ha skapt alle dyrearter med et DNA som liksom passar inn i ei stamtavle, slik at det ser ut som at vi dyr er i slekt med kvarandre. Vidare er det også mulig at han kan ha dandert restar av ”utdødde” arter som aldri har levd, rundt omkring i terrenget, bare for å villeda biologane. Han kan også ha arrangert det slik at alle fossiler har spor av radioaktivitet som får det til å sjå ut som at ting er skikkelig gamle, bare for å hissa på seg fysikarane.*

Og når vi først tenkjer så nøye over det, så kan jo faktisk Gud ha skapt heile greia for ikkje så veldig lenge sidan. Akkurat når han gjorde dette veit ingen. Det kan ha vore for eksempel i 1882, og i såfall er Darwin bare et utspekulert påfunn fra Guds side. Han kan også ha gjort det i 1941, og i så fall er Dawkins bare ein måte for Gud å krangla med seg sjølv. Eller han kan ha gjort det for 2 minuttar sidan - hverken du eller eg kan motbevisa det. Og då er også denne vesle artikkelen bare nok et påfunn fra den spøkefulle Gud, for ikkje å snakka om hukommelsen din! Han har skapt deg sånn at du trur at du har ei mor og ein far, og for å gjera ein lang "historie" kort, at du til sist sette deg ned framfor PC-en og liksom tilfeldigvis havna på denne sida. Mens i verkeligheten er det det første du gjorde! Dette er essensen i den sympatiske religionen som blir kalla Last Thursdayism, som hevdar at verda, slik vi kjenner den, blir gjenskapt kvar torsdag – av ein katt.
Hvis du trur det, så stemmer du 1.

Kandidat nr. 2: Guida Evolusjon.

I denne modellen er Gud ein slags hyperaktiv regissør som har ein finger med i alt som skjer på jorda, og som ikkje minst tar del i alt som handlar om forplanting. Og så opptatt som tilhengjarane hans er av dette emnet, kan jo dette ha noko for seg. Evolusjonen er bare et verktøy for å skapa levende vesen, og for å vera sikker på at Evolusjonen til slutt spytta ut det perfekte produkt: mennesket. I staden for den kjedelige løysinga med å skapa mennesket med ein gong, (som han jo kunne ha gjort, for han visste jo svaret) så har han tatt seg bryet med å skapa ein uendelighet av artar og rasar, som han gradvis og langt om lenge forandra og fikla på, til han omsider kom fram til det vi ser i dag. I sannhet eit langtekkelig teaterstykke, spesielt tatt i betraktning at det var bare Han sjølv som såg det.


For dei som synes dette virkar formålslaust, så kan det jo tenkjast at Gud bare har trødd til, når det verkeleg galdt som mest. For eksempel nå ein heilt ny art skulle skapast. Selvfølgelig må han ha vore på jobb då mennesket vart til, og ganske sikkert då sommarfuglane og blomane oppsto. Men muligens døsa Han litt då vepsane og maurane vart til, og kanskje tok Han avspasering då ateistane vart til? Men spørsmålet er fremdeles koffor han gjorde seg det bryet å skapa så mange artar, bare for seinare å utradera dei. Det er mulig at han først seinare innsåg at det var ein tabbe å skapa Mammuten, men i så fall var Han langt frå allvitande i gjerningsøyeblikket, og då nærmar vi oss det som kallast Uintelligent Design (sjå nedanfor)

Men i Hardcore Guida Evolusjon så sjekkar han kvar einaste krysning og mutasjon, og passar på at alle levande vesen får akkurat dei genene dei skal ha. Han skaper dyr med store hjernar og han skaper dyr med små hjernar. Og sistnevnte må jo føle seg ganske dumme no – noko dei også er. Den barmhjertige Gud har også, etter denne modellen, med nitid nøyaktighet skapt foster, bare for å la dei dø ein barmhjertig død. Han hadde nok ei meining med det, seier kreasjonistane då. Og meininga må åpenbart ha vore at bare dei mest skarpsindige av oss skjønar samanhengen, og blir truande. For det skal ikkje vera lett å tru på Gud, virkar det som Han har meint. Og der har Han jo fått rett.
Men hvis du trur på Guida Evolusjon, stem 2

Kandidat nr. 3: Begrensa skapelse og sporadisk intervensjon.

Etter denne teorien er Gud bare ein slags skap-skapar, ein som ikkje tør tre fram som ein verkeleg skapar, men bare ein som sette det heile i gong.  Han trykte på Big Bang–knappen, og let det stå til. Dette er altså den fantasilause guden som lener seg tilbake i godstolen med uendelige mengder med chips og cola og seier ”OK, sett i gang med Idol-showet, så skal Eg stemma dykk ut!

Og så medrivande var framføringa - eller så lat var Gud, om ein vil – at Han seinare bare endra historien nokre få gonger. Han åpenbarte Seg for ein del folk i Midt-austen for lenge, lenge sidan og avslørte at Han var til, og at Han hadde ein stor plan for dei - men bare vent litt, for no går det noko artig på ein annan kanal, sa Han. Og dermed gjekk det ei lang stund før Han vendte tilbake til Midt-austen, denne gongen i skapning av Sin eigen son. Etterpå sørga Han for at denne historien vart nedskriven i minst fire forskjellige versjonar, sannsynligvis i det håp at i alle fall ein av dei skulle bli trudd. (Tenk deg det sjokket Han må ha fått då menneska seinare begynte å tru på alle versjonane!) Seinare kom Han aldri tilbake til Midt-austen, men let regionen forfalla i endelause krigar og konflikter. So much for den gode planen!
Hvis du trur på dette, stemmer du 3!

Kandidat nr. 4: Intelligent Design

Den amerikanske høgsterett erklærte 1987 at det skulle vera ulovlig å undervisa i kreasjonisme i det offentlige skulesystemet. Men det gjorde ingenting, for kreasjonismen bare oppsto i ny ham: Intelligent Design. ID hevdar, at det er fenomener, som ikkje kan forklarast ved hjelp av tilfeldige mutasjonar og naturlig utvelgelse, fordi dei er for komplekse. Så komplekse, at det ganske enkelt må stå ein intelligent designar bak. Kompleksitet på dette nivået har fått navnet Ikkje-reduserbar kompleksitet – eit begrep så uhyre vanskelig og komplekst, at ingen kan forklara det. Begrepet er med andre ord sjølv ikkje-reduserbart, og dette beviser jo at det ikkje kan vera eit påfunn.  


Tilengjarane argumenterer som følgjer: ”Vi (tilhengjarane) kan ikkje forestilla oss at ein ting som feks. cella har oppstått gradvis. Altså har den ikkje det”. La oss bruka denne subtile logikken på eit anna eksempel:  Få mennesker kan forestilla seg at nokon skulle komma opp med eit så elendig program som ”Lyden av lørdag”, som gjekk i 2007. Men då hadde vi ikkje rekna med den store programskaparen Tore Strømøy. Dette beviser dermed at ”Lyden av lørdag” ikkje kan ha oppstått ved tilfeldige mutasjonar og krysningar av andre program (som Idol, eller Beat for Beat bare for å nevna nokre tilfeldige program) men derimot oppsto fullt ferdig, skapt av Tore Strømøy i hans uendelige visdom.

Rett nok blir ID kraftig imøtegått av Richard Dawkins som påstår at ”det vrimler av mellomstadier”. (Og ser vi på valga i USA kan vi ikkje anna enn å gi han rett) Ein dårlig fungarande hjerne er betre enn ingen hjerne, påstår Dawkins. Men huskar vi på at Dawkins sannsynligvis bare er Gud i forkledning, jamfør over, så forstår vi at vi ikkje bør høyra på slikt tullprat.
Trur du på ID, så stemmer du 4!

Kandidat nr. 5:  Uintelligent Design

Problemet med ID er at der er mange rare ting i dyreverda som definitivt ikkje ser ut til å vera skapt av ein intelligens. For eksempel viser fossilane at det har vore minst 23 ulike elefantraser, inkludert Mammuten, som har oppstått og døydd ut gjennom dei siste fem millionar år. Dei vart offer for ein manglande tilpassing til vekslande miljøet. Ja, så dårlig var Mammuten tilpassa markedet at han til slutt gjekk på salg. (mrsmt) No lever bare den asiatiske og den indiske elefanten, og heller ikkje dei gjer det overvettes bra for tida. Og dette er ikkje unntaket, men regelen. Historien er full av vanskapningar som Dodoen og Dronten som ber preg av dårlig håndtverk og ufaglært arbeid.



Dette er tydeligvis ikkje verket til ein ufattelig intelligent skapar, men heller ein som ikkje er så stø på labben. Han prøver og feiler, og får det ofte ikkje til. Han har heller ikkje så god smak. For når vi tenkjer etter, er jo ikkje dagens elefant betre enn det ein skulle kunne forventa av eit førskulebarn. - Eit kjempevesen med klumpføter, overdimensjonerte øyrer og eit griperedskap midt i ansiktet? Kom igjen, Du kan vel klara betre?

Så her har vi altså svaret: Det fins ein skapar, men han eller ho er ikkje av dei dyktigaste, og skaper derfor ting om igjen og om igjen. Men av og til glimtar han til og får til svære greier. Og det er derfor forklaringa til  pastafarianarane virkar så tiltrekkjande. For dei har forstått at den store skaparen (som i dette tilfelle var eit svært Flygande Spaghetti Monster) som regel var full i skapingsøyeblikket. Dette kan du for øvrig lesa meir om i artikkelen om  ”The Church of the Flying Spaghetti Monster”.
Hvis du trur på dette, så stemmer du 5. Det gjer i alle fall eg!

Værsågod, gå til stemmeurnene!

* Og det er då ein begynnar å lura: Kva er det Gud har i mot realfag? Strauk han kanskje i 1P? Og i så fall, koffor skapte han då vitenskapen? Koffor skapte han biologien, som jo nesten har fratatt Han all autoritet? Og ikkje minst, koffor skapte han gymnaslærarane?

LENKER

http://en.wikipedia.org/wiki/Creationism
http://en.wikipedia.org/wiki/Omphalos_hypothesis
http://en.wikipedia.org/wiki/Last_Thursdayism
http://en.wikipedia.org/wiki/Unintelligent_Design
http://en.wikipedia.org/wiki/Intelligent_Design
http://www.edge.org/3rd_culture/atran05/atran05_index.html
http://en.wikipedia.org/wiki/Invisible_Pink_Unicorn

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Miranda ofrast i krigen mot terror

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

det @narkistiske barnet