The Point of No Return


Du har kanskje høyrt historien om frosken på kokeplata: ein frosk som blir putta opp i kokande vatn vil hoppa ut umiddelbart. Men puttar du den opp i ei vatn som har passelig temperatur, så blir den. Aukar du så temperaturen gradvis, så syns den fremdeles temperaturen er passelig. Den tilpassar seg altså - og blir. Heilt til det er for seint. Når den ikkje lenger syns temperaturen er passelig, er den i ferd med å bli kokt, og klarer ikkje hoppa ut. Dette er visst ein vandrehistorie, men har ofte vore brukt som bilde på korleis klimaet nærmar seg eit Point of No Return. Kanskje har vi nådd dette punktet allerede? Dei siste meldingane om issmeltinga i Antarktis kan tyda på det.



Men bildet kan også vera passande å bruka på situasjonen for demokratiet i dag. Som Glenn Greenwald skriv i si nye bok, har målet til makta vore å vita absolutt alt som skjer på nett, alt du skriv på alle kanalar frå personlig epost til FB. Dei ville, som dei sjøl sa, "registrera, lagra, overvåka og analysera all elektronisk kommunikasjon frå alle mennesker over heile verda." Til tross for kor hårreisande realitetane i dette er, vil nok mange i dag trekkja på skuldrane og synast at dette er gammalt nytt. Men husk at slik har det ikkje vore lenge! Det er ikkje lenge sidan mange (dei fleste?) ikkje heilt kunne - eller ville? - tru på det som no er avslørt av Snowden, Greenwald og mange andre.

Men på et eit eller anna tidspunkt snudde folk frå å sei: "dette er bare ein konspirasjonsteori" til å sei "dette har vi visst heile tida". Men likevel  reagerer vi fremdeles ikkje. Vi tilpassar oss. Fremdeles seier folk "det gjeld ikkje meg", og "såpass må vi tåla for å skapa trygghet." Er vi då som frosken i kokepanna som tilpassar oss heilt til det er for seint å reagera?

Ja, kan det bli for seint å reagera? Korleis kan det skje? Eg meiner at det kan dokumenterast at maktens mål ikkje begrenser seg til å vita alt. Den har også som mål å dominera. Og dette må du gjerne utfordra meg på, men eg meiner at maktens mål ikkje er å skapa trygghet for folk, men å skaffa seg full kontroll. Derfor lagar dei lover som begrensar politisk aktivisme, miljøorganiasjonar, pressens frihet - og i det store, dag for dag reduserer mulighetene for demokratiet.

Den dagen dei har skaffa seg full kontroll - gjennom overvåking, droner maktbruk etc, den dagen er den komplette politistaten eit faktum, og demokratiet historie. Den dagen er det for seint å protestera. "Dette er bare ein konspirasjonsteori" vil du sikkert sei i dag. Men kanskje vil du ein dag snu og sei: "dette har eg visst heile tida". 

Men då er det for seint. Då har vi nådd The Point of No Return.

LENKER
Meir om boka til Greenwald
Glenn Greenwald: the explosive day we revealed Edward Snowden's identity to the world
Glenn Greenwald: from Martin Luther King to Anonymous, the state targets dissenters not just "bad guys"


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Miranda ofrast i krigen mot terror

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

det @narkistiske barnet