Gå til hovedinnhold

Miranda ofrast i krigen mot terror

- Når du applauderer for at rettane hans [Dzhokhar Tsarnaev] forvitrar. så applauderer du for at dine egne [også] forvitrar.     Glenn Greenwald.
15 april 2013 eksploderte to bomber i målrområdet under Boston Marathon. Tre personar vart drept og 144 skadd, mange av dei alvorlig. To brødre, Dzhokhar og Tamerlan Tsarnaev, vart tidlig mistenkte for å stå bak, og Tamerlan vart drept av politiet i ein skyteepisode bare tre dagar etter eksplosjonen. Den andre broren, Dzhokhar, vart arrestert den 19 april, og har sidan den gong vore i politiets varetekt i påvente av ein rettssak. Dette skal ikkje handla om Dzhokhar, eller kva han gjorde, men om kva prinsipp ein rettsstat må byggja på i slike tilfelle.

Alle som har sett minst ein episode av ein amerikansk krimserie veit at når det amerikanske politiet pågrip ein person, så må dei passa på 1) at personen ikkje dunkar hovet i døropningen på politibilen, og 2) at han eller ho får lest opp alle rettane sine. Det første er nok mest for tv, men det å lesa opp rettane er lovpålagt. Slik har det vore heilt sidan US høgsterett i 1966 bestemte at politiet før forhøyr må lesa opp rettighetane i henhold det femte og sjette grunnlovstillegget  til alle personar dei vil ta i varetekt. Dette skjedde i den historiske saken Miranda vs. Arizona , og rettighetane blir derfor ofte kalla Miranda-advarsler eller Miranda-rettane.

Innhaldet

Innhaldet i Miranda-rettane varierer litt frå ein jurisdiksjon til ein annan, men er alltid variantar av følgande:

1: Du har rett til å tia.
2: Alt du seier kan og vil bli brukt mot deg i retten
3: Du har rett til ein forsvarar
4: Hvis du ikkje har råd til ein forsvarar, så vil det bli oppnevnt ein for deg
5: Hvis du vel å svara uten forsvarar tilstades, har du fremdeles retten til å stoppa å svara på eit kvart tidspunkt til du kan snakka med ein.

Til slutt blir ofte den pågripne spurt om han har forstått disse rettighetane, og om han er villig til å besvara spørsmål uten forsvarar til stade. Om han velgjer det siset, har han altså på eit kvart tidspunkt rett til å angra seg. Mirandarettane er med andre ord ikkje noko du kan mista. Eller kan du det?

Kva så, er Miranda egentlig ein big deal?

Punkt 1, retten til å tia, handlar om vernet mot å bidra til egen domfellelse ved å avgi forklaring, dvs det som kallast sjølinkriminering. I US er dette verna gjennom det femte grunnlovstillegget, og i Norge gjennom straffeprosesslovens paragrafer 90 og 123. Retten til ikkje å gi sjølvinkriminerande opplysningar har nær samanheng med uskyldspresumsjonen, det at ein blir rekna for å vera uskuldig inntil det motsette er bevist. Dette prinsippet går heilt tilbake til romerretten, og er nedfelt i menneskerettane. Retten til ein forsvarar (punkt 3) er også rekna som ein menneskerett. (Artikkel 6, retten til en rettferdig rettergang) Så ja, Miranda er big deal. Så kan ein spørja seg korfor det er så viktig at rettane blir lest opp. Gjeld dei ikkje uansett? Tydeligvis ikkje, som vi skal sjå.

Unntaket

Miranda-rettane har vore trygt forankra i US rettspraksis, men ville det ikkje vore rart om politiet umiddelbart måtte lesa opp rettane til ein pågripen i ein uavklart og farlig situasjon der det står om liv og helse? Det meinte høgsterett i 1984, (New York vs Quarles), og innførte eit unntak nettopp for dette. Det såkalte "public safety"-unntaket, tillet det FBI kallar "begrensa og fokusert" forhøyr uten Miranda-advarsel på forhånd, og å bruka dette som direkte bevis. Dette betyr at politiet bare kan stilla slike spørsmål som har til hensikt å nøytralisera den umiddelbare trussel mot dei sjøl eller andre. Eit typisk spørsmål vil vera "kor er våpenet ditt?". Dette kan du lesa meir om på FBI sine nettsider.

Er unntaket nødvendig?

"Pubic safety"-unntaket ser uskuldig ut. Det virkar å vera både vel begrunna og rimelig avgrensa. Dei fleste vil derfor akseptera at Mirandarettane må vika i nødsfall, så lenge politiet kan sannsynliggjera at det verkelig er ein umiddelbar fare og at spørsmåla dei stiller er relevante for å avverga den, og så lenge rettane gjeld straks denne faren er over. Men så melder tvilen seg: Når Mirandarettane er viktige også for politiet, er det fordi dei får mulighet for å forhøyra ein person som dei har i varetekt, og at svara kan brukast i ein rettssak. Men politiet har alltid hatt lov til å stilla spørsmål før rettane blir lest opp. Dei kan spørja om kva som helst. Poenget er bare at eventuelle svar ikkje kan brukast til å dømma vedkommande. Så trengte vi egentlig dette unntaket?

Utvidelsen av unntaket

Vel, Obama-administrasjonen fekk i alle fall bruk for det. For i 2011 kom det nye retningslinjer til FBI frå justisdepartementet som utvida unntaket. Dette skjedde nesten uten offentlig debatt, enn sei motstand. I praksis sette departementet med eit pennestrøk heile Mirandareglane ut av spel uten å gå veien om kongressen. I eit hemmelig, men heldigvis lekka memo seier dei nemlig:
"Det kan finnast eksepsjonelle tilfeller, der, sjøl om alle relevante spørsmål som gjeld publikums sikkerhet er stilt, agentar likevel konkluderer med at fortsatt forhøyr uten (Miranda-)advarsel er nødvendig for å skaffa verdifull og betimelig etterretning som ikkje gjeld ein umiddelbar trussel, og at regjeringens interesser i å skaffa seg slike opplysningar oppveier ulempene ved å fortsetja med ikkje-advart forhøyr"*
Oversatt til dagligtale blir det omtrent slik: "Det fins tilfeller der vi ikkje bryr oss om Miranda". Og kven er det som får lov til å bestemma når slike "eksepsjonelle tilfeller" inntreff? Jo, det er FBI, om mulig i samråd med justisdepartementet. Med andre ord politiet og påtalemakta.

Dei uverdige

Alt i 1984 advarte mellom andre Thurgood Marshall, som var den første svarte høgsterettsdommaren og ein av fødselshjelparane til Mirandaregelen, om at "public safety"-unntaket ville setja vernet mot sjølinkriminering i fare. Og han hadde rett. Som vi såg var ikkje 1984-unntaket så velbegrunna som det kunne virka. Men det var likevel avgrensa. Det var dermed bare ein liten kile som vart driven inn under Miranda i 1984. Men det var ein kile som gjorde plass til brekkstanga Obama brukte då han i 2011 fekk velta fundamentale og grunnlovsfesta rettar.

Kven er så disse uverdige som ikkje lenger har sine fulle borgar-rettar? Det er selvfølgelig slike som får stempelet "terrorist", slike som brødrene Tsarnaev. Etter Boston-bomba sprang var Senatoren Lindsey Graham kjapt ute på Twitter og annonserte at han håpte at administrasjonen ville betrakta den mistenkte Dzhokhar Tsarnaev som "fiendtlig stridande" for å skaffa seg informasjon. For hvis Tsarnaev hadde tilknytning til terrororganisasjonar så ville han vera ei gullgruve for informasjon, meinte senatoren.  "Det siste vi vil gjera er å lesa den Boston-mistenkte hans Mirandarettar som ber han om å vera stille", sa han. Denne uttalelsen vekte storm i mediane, og mange meinte at dette gjekk mot grunnloven. Og med rette kan ein seia. Problemet var bare at då var alt denne praksisen etablert uten særlig motbør, og politiet kunne derfor heilt lovlig driva forhøyr av Tsarnaev uten å lesa hans Miranda-rettar.

Korfor skjer dette?

Det som skjer må setjast i samanheng med to ting. Det eine er at ein prøver å omgå Miranda og andre lover dels ved å halda seg utanfor amerikansk jurisdiksjon, dels ved å anvenda krigslovene. Det andre er at ein presser på for å legalisera det som skjer utanfor jurisdiksjonen.

For når senator Graham foreslår å betrakta Tsarnaev som ein fiende, så har det sine historiske parallellar. I 2002 vart den amerikanske statsborgaren Jose Padilla arrestert på amerikansk jord og tiltalt for terrorisme. Like før han skulle stillast for retten, erklærte Bush-administrasjonen han for å vera ein "stridande fiende". Dei neste tre og eit halvt åra vart han halden fengsla (og torturert) uten forsvarar og uten kontakt med omverda. Det er ein måte å omgå borgar-rettane. Ein annan måte er å putta folk i Gunatanamo, Bagram eller liknande stader i utlandet. Ein variant av dette er å halda folk på skip i internasjonalt farvatn. Abu Anas al-Libi vart fanga i Tripoli, men overført til eit skip i middelhavet der han kunne forhøyrast i veker og månader utan at amerikanarane trengte bekymra seg for egen lov.

Men hvis Obama kan endra loven - og det gjer han - så treng han ikkje å omgå den. Dette er ikkje bare meir praktisk, men det vil også ta seg penare ut. Og Obama er ein mann som gjerne vil ta seg ut. Der Bush jr. turte fram som ein Rambo i fiendeland, gjer Obama mykje det same, men meir slik som James Bond. Mens begge har licence to kill, gjer bare Bond det i dress.

Den permanente unntakstilstand

Men om dei har noko ulik stil, så er rasjonalet bak Bush og Obama sin praksis akkurat det same: US er i ein permanent krigstilstand. Det betyr at terroristar ikkje behøver lovens beskyttelse, for dei er jo våre fiendar. Då er det vel ein naturlig følge at krigslovene er i ferd med å bli sivile lover. I sin ytterste konsekvens betyr dette rettsstatens ende. For når vi ikkje bryr oss om rettane til dei som er mest hata i samfunnet så bryr vi oss heller ikkje om våre egne rettar.

Som Glenn Greenwald seier det"Dette er alltid den måten rettar blir avkorta på: ved først å peika ut dei mest marginale gruppene eller dei mest hata personane, basert på forventningen om at ingen vil bry seg sidan dei er så marginaliserte eller hata. Når først disse brota på rettane er tålt blir dei institusjonalisert for all tid, og det er ingen grunn for å protestera når dei blir anvendt på andre, noko dei uunngåelig vil bli."

NOTER

"There may be execptional cases in which, although all relevant public safety questions have been asked, agents nonetheless conclude that continued unwarned interrogation is necessary to collect valuable and timely intelligence not related to any immediate threat, and that the government's interest in obtaining this intelligence outweighs the disadvantages of proceeding with unwarned interrogation."

LENKER

http://www.salon.com/2011/03/24/obama_rolls_back_miranda
http://www.newyorker.com/online/blogs/closeread/2013/04/what-happened-to-the-miranda-warning-in-boston.html
http://www.nolo.com/legal-encyclopedia/content/miranda-case.html
http://caselaw.lp.findlaw.com/scripts/getcase.pl?court=US&vol=384&invol=436 (saken)
http://en.wikipedia.org/wiki/Miranda_warning

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria
Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alv…

Krigsmaskinen USA - Del 1

Kva bruker USA på militæret sitt? I: Militære utgifter i forhold til andre land. USA sitt militærbudsjett for 2016 var ifølge Wikipedia/SIPRI, 611.2 milliardar dollar, dvs. rundt 5.3 trilliardar kroner. For 2017 er budsjettet 824.1 milliardar dollar. I prosent av BNP var det i 2016 3.3%. Dette er ikkje den høgaste prosenten. Feks. har både Israel (5,8%) og Saudi Arabia (10%) høgare andel.

I reine pengar ser det slik ut: USA bruker like mykje pengar på militæret som dei sju neste på lista. For eksempel: for kvar dollar Kina bruker på sitt militære, så bruker  USA 2.77. Det kan vera greit å samanlikna dette med folketalet i dei same. USA har omlag 4.3 % av verdens befolkning, mens Kina har 18,5%. (Kjelde: http://www.worldometers.info) Mens Kina altså har over fire gonger meir folk, så bruker USA nesten tre gonger så mykje pengar. Med andre ord: misforholdet er  stort:
II: Militære utgifter i forhold til andre sektorar Ser vi litt nærmare på statens utgifter så ser det slik ut: Militærut…