Panikk-knappen "rikets sikkerhet"

Dette er ein oppsummering med egne ord av talen "Where's the Security in Bush's National Security Strategy?" som Noam Chomsky (NC) heldt på universitetet i Florida, 21 oktober 2003. Originalen finn du her. Eg held på med ein litt lengre sak om "Rikets sikkerhet", og dette er relevant til korleis dette begrepet har blitt brukt og misbrukt gjennom historien. Eg syns også der er relevant til det som skjer i Ukraina der eg meiner at US møter seg sjøl i døra. For det kan jo ikkje vera eit vakkert syn for Obama, når det er Putin som står der ...


I september 2002 skjedde tre uvanlige og viktige ting:
1) Bush-administrasjonen lanserte dokumentet National Security Strategy (NSS) der dei sa at dei planlegg permanent dominans over heile verda, gjennom bruk av makt
2) Krigstrommene begynte å lyda for Irak. Den planlagte invasjonen som i realiteten vart annonsert då, vart tolka som eit døme på at US verkeleg meinte alvor med NSS.
3) Ein ny valgkamp for kongressen starta der nasjonal sikkerhet vart hovedtema

Når US planlegg å dominera verda med makt, er ikkje dette heilt enkelt. "Verda er ein vanskelig stad å dominera" seier NC, og seier at ein møter fleire dilemma. Eit av dei er korleis ein skal kunna kontrollera befolkningen. Ein av dei metodane som historisk har vist seg å vera effektiv er å skapa frykt. Den planlagte Irak-invasjonen møtte stor motstand, ikkje bare frå folk flest, men også frå eliten.  Og ein av grunnane var nettopp at det vart forstått som at US ville statuera eit eksempel på kor langt dei kunne gå i å etterleva sin nye sikkerhetsstrategi. NC meiner at det var det som skapte frykt. Når New York Times etter krigen sa at Irak var ein "testcase" og "den petriskåla som eksperimentet med "preemptive policy" vaks." er det akkurat slik det vart oppfatta på forhånd, meiner han.

Begrepet preemptive strategy er ukorrekt, seier NC, for det grensar til noko som er lovlig ihht FN-paktens artikkel 51 tillet bruk av makt i sjølvforsvar mot eit væpna angrep som er pågåande eller truande og det ikkje er tid til å vurdera alternativ. [Dette står ikkje eksplisitt i sjølve artikkelen, men det er vanlig å tolka det slik. Min anm.] Irak-krigen handlar på ingen måte om dette. Den var ein krig mot ein oppfunne og tenkt motstandar, og det er eit navn for dette, som vart utmynta under Nürnbergsaken. Det vart kalla for "det ytterste lovbrot" (Supreme Crime), nemlig aggresjon. Og slik vart doktrinen annonsert, og slik vart den forstått.

Og mykje av kritikken var mainstream. Historikaren Arthur Schlesinger sa då bombinga begynte, at US no følgjer den policien som det imperialistiske Japan gjorde ved Pearl Harbor. I tidsskriftet "Foreign Affairs" meinte ein at den nye imperial grand strategy' utgjorde ein fare både for verda og den amerikanske befolkninga. Andre mainstream spesialistar slutta seg til dette og advarte mot at den sannsynligvis ville auka både terrortrusselen og spreiinga av masseødeleggelsesvåpen.

Når du ope annonserer at du har til hensikt å angripa militært ein kvar som du kan tenkja deg vera ein potensiell trussel, så sit dei ikkje bare der og seier "fint, øydelegg oss", seier NC. Dei reagerer, og då bruker dei dei svake sine våpen, nemlig terror og masseødeleggelsesvåpen. Dette er forutsigelig, og det skjer. Og det skjedde i Irak. Spesialistar og etterretningsorganisasjonar seier at krigen førte til ein sterk auke i rekrutteringa for terror-orgaisasjonar som Al Qaeda. "Så det er jo ei bragd ..." kommenterer NC tørt. Og det same er tilfelle for spredning. Spesialistar på Nord-Korea og Iran sa umiddelbart det som var opplagt, nemlig at dette var som ein beskjed til disse landa om å utvikla masseødeleggelsesvåpen som avskrekking mot den annonserte trusselen. Og dette er eit anna dilemma som dominansen møter: vold og truslar om vold kan passifisera (intimidate) mange, men ikkje alle. Og igjen var Foreign Affairs blant dei som advarte. Dei skreiv at dette i realiteten var ein oppskrift for sjølvmord.

Men dette forstår også planleggjarane i administrasjonen. Dei er ikkje idiotar, seier NC. Alt lenge før 9/11 visste dei at sjølv om ein kunne ha eit overveldande militært overtak, så har ein ikkje monopol på makt. Som eksempel på det nevner NC at det i 1993 var det eit forsøk på å sprengja World Trade Center som nesten lukkast. Dei som sto bak vart funne. Somme av dei var under beskyttelse av CIA og hadde blitt trent av CIA og andre på 80-talet.  Omtrent samtidig flaug Clinton terroristar frå Afghanistan saman med Hizbollah-krigarar til Balkan for kjempa saman med US i krigen der. Så sjølv om 9/11 var ein grusom hendelse, så endra den ikkje vesentlig på risikovurderingen, meiner NC.

Planleggjarane er altså klar over at det dei gjer og planlegg aukar risikoen for amerikanske borgarar, og for heile verda. Det er ikkje dette dette som er hensikten, seier NC, men dei bryr seg bare ikkje så veldig. [mine uthevelsar] Dette er eit spørsmål om prioriteringar, seier han. Og det er andre mål som har høgare prioritet, som det å oppretthalda globalt hegemoni, og oppretthalda makta i landet. Og for å klara det må dei, som sagt over, kontrollera befolkningen. Og det fins mekanismer for å gjera det, seier han, og nevner det han kallar ideologiske institusjonar: skule, universitet og media. Og med det er han tilbake til punkt 3, valgkampen. 1 mai 2003 landa George Bush jr. i stridsuniform på hangarskipet Abraham Lincoln. Der ga han det som vart kalla "seierstalen" der han annonserte seieren over Irak. Men Wall Street Journal sa det som sant var, nemlig at dette var starten på valgkampanjen for 2004. Dei kalla det ein "kraftfull Reaganesk finale". Etter at Bush fekk av seg hjelmen sa han at dette var ein seier i kampen mot terror, ved at dei hadde fjerna ein av Al Qaeda sine allierte. Seinare sa han at verda no hadde blitt ein tryggare stad, sidan dei hadde fjerna et regime med bånd til terrorisme mens det hadde masseødeleggelsesvåpen under bygging. Vi veit alle at alt dette var og er løgner, men gjentar du ei løgn ofte nok blir det ein sannhet.

Slik skaper ein dei forutsetningar ein treng for å gå til krig. Tilbake i september 2002 var det ein massiv kampanje som fekk umiddelbar effekt. Spørreundersøkelsar viste at over 60 prosent av befolkningen oppfatta Irak som ein trussel mot US. Ganske snart begynte majoriteten å tru at det var Irak som sto bak 9/11. Men i andre land var oppfatningen ein annan. I regionen vart Irak oppfatta som eit svakt land. Det var utmatta etter mange krigar og ti år med drepande amerikanske sanksjonar. Landet hang bare så vidt i saman og var fullstendig forsvarslaust, seier NC. Og det var også derfor Pentagon var villig til å angripa det. Kuwait som hadde for eksempel bare ein tidel så stor befolkning, hadde tre gonger så stort militært budsjett, for ikkje å snakka om Israel. Så i oktober, eit par veker etter at propagandakampanjen starta, ga kongressen presidenten lov til å bruka militær makt på grunn av den trusselen Irak utgjorde mot amerikansk sikkerhet. Pressen minna folk om at dette var ein repetisjon av det Ronald Reagan sa i 1985 då han erklærte nasjonal unntakstilstand på grunn av den ekstraordinære trusselen frå Nicaragua.

Og no kjem vil til grunnen til at NYT kalla Bush sin tale for "kraftfull Reaganesk" :  Dei refererte til då den modige cowboyen erklærte at US "sto oppreist" etter at dei hadde beseira landet Granada. Seks tusen amerikanske spesialsoldatar hadde då overvunne motstanden frå eit par dusin halvgamle bygningsarbeidarar, og hadde i samme slengen drept eit par dusin av sine egne også. Og til slutt vant dei heile åtte tusen krigsmedaljer for denne bragda. Etter dette var det altså at Reagan sa at US "sto oppreist", og det var denne "kraftfulle Reaganeske finalen" som vart gjentatt på dekket til Abraham Lincoln. Og slik talen til Reagan virka, så virkar den samme om igjen.

Som Noam Chomsky seier: "Dei [Reagan-adm.] klarte å halda makta i tolv år, ved regelmessig å trykkja på panikk-knappen. Det er scriptet, og vi ser det igjen"

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Miranda ofrast i krigen mot terror

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

det @narkistiske barnet