Miranda ofrast i krigen mot terror
- Når du applauderer for at rettane hans [Dzhokhar Tsarnaev] forvitrar. så applauderer du for at dine egne [også] forvitrar. Glenn Greenwald. 15 april 2013 eksploderte to bomber i målrområdet under Boston Marathon. Tre personar vart drept og 144 skadd, mange av dei alvorlig. To brødre, Dzhokhar og Tamerlan Tsarnaev , vart tidlig mistenkte for å stå bak, og Tamerlan vart drept av politiet i ein skyteepisode bare tre dagar etter eksplosjonen. Den andre broren, Dzhokhar, vart arrestert den 19 april, og har sidan den gong vore i politiets varetekt i påvente av ein rettssak. Dette skal ikkje handla om Dzhokhar, eller kva han gjorde, men om kva prinsipp ein rettsstat må byggja på i slike tilfelle. Alle som har sett minst ein episode av ein amerikansk krimserie veit at når det amerikanske politiet pågrip ein person, så må dei passa på 1) at personen ikkje dunkar hovet i døropningen på politibilen, og 2) at han eller ho får lest opp alle rettane sine. Det først...