Terroradministrasjonen

USA kan kritiserast for å bedriva like mykje terrorisme som dei organisasjonane dei bekjempar på framand jord. Men også på eigen jord.
Etter kvart som handlingane til NSA og andre statlige byrå blir avslørt og dei utvida fullmaktene som dei gir seg sjølv gjennom Patriot Act og dei andre terrorlovene kjem fram i lyset, teiknar det seg eit stadig tydeligare bilde av ein administrasjon som også driv terror mot sitt eige folk. Ikkje gjennom å bryta loven, men gjennom å endra og omfortolka den.

 

Terror, slik US ser det

I 2002, ikkje lenge før USA gjekk til storoffensiv mot Irak med teppebombing av Bagdad gjekk tre nonner til «angrep» mot USA. Dominikanarsøstrene Ardeth Platte, 66, Carol Gilbert, 55, og Jackie Hudson 68 braut seg inn i ein utskytingsrampe for Minuteman raketten, og teikna med sitt eige blod eit kors på rakettsiloen. Sjølvsagt vart dei umiddelbart lagt i lenker, og slik fekk dei liggja i tre timar. Deretter vart dei fengsla i sju månader før rettssaken. Dommen lydde på 31 månader i fengsel for Jackie, 33 mnd for Carol og 41 for Ardeth. Likevel tok dei dette med fatning. Men langt verre opplevde dei det å bli stempla som terroristar, og å havna på ei nasjonal overvåkingsliste. Ein kan kanskje sei at dette er eksempel på eit statsapparat som går ut over sine grenser, og at lovene som er meint åforhindra terrorisme blir misbrukt. Men er det så enkelt?

Patriot Act: den lenge planlagte hasteloven.

La oss sjå litt nærare på disse lovene. I frykten etter 9/11 benytta George Bush jr. sjansen til å få gjennom ei ny lov. Den heiter «Uniting and Strengthening America by Providing Appropriate Tools Required to Intercept and Obstruct Terrorism», som forkorta i seg sjølv er ein fornærmelse: USA PATRIOT. Den vart sendt frå Bush-administrasjonen 24 september, altså bare 13 dagar etter angrepet. Korleis kunne ei så stor lov gjerast ferdig på så kort tid? Svaret er at den hadde lagt klar i skuffene til justisdepartementet i mange år i påvente av ein hendelse alvorlig nok til at den kunne hentast fram.
James X. Dempsey og David Cole meiner at opprinnelsen til viktige element av Patriot Act kan sporast tilbake til 50-talet då tilknytning til kommunist- eller anarkistgrupper i seg sjølv kunne vera nok til å bli deportert. Dei viser vidare at dei mest uroande delene av loven opprinnelig vart sett fram av Reagan-administrasjonen, men dei vart då stoppa av kongressen av konstitusjonelle årsaker. Den første Bush-administrasjonen kom med liknande lovforslag, men igjen vart dei avvist av dei lovgivande. Både republikanarar og demokratar var skeptiske, og lovforslaga såg ut til å lida nederlag. Men så kom Oklahomabombinga i 1995 ganske beleilig. Resultatet vart 1996 Antiterrorism Act. Navnet til tross, loven gjorde lite for å hindra terror, og dei omstridte bestemmelsane hadde enten allerede blitt erklært mot konstitusjonen, eller var i ferd med å bli oppheva då 9/11 kom. Då vart skuffene opna, og Patriotloven klubba igjennom. Det var mange som, muligens fordi dei såg betenkelige sider, ville at loven seinare skulle revurderast, og derfor fekk den ein såkalt «sunset» klausul, dvs. at den hadde begrensa varighet. Men den vart fornya fleire gonger, og seinast av Obama i 2011. Dette tyder på at Patriot Act hverken var ei hastelov eller at den var meint å vera midlertidig.

Problemområder

Patriot Act er eit resultat av ein fleire tiår lang drakamp der administrasjonen gong på gong prøver å gi seg sjølv fullmakter som både folkevalgte og juristar er sterkt kritiske til, og det med god grunn, som vi skal sjå. Denne prosessen kan vel neppe seiast å vera demokratisk. Kva så med innhaldet?
Chomsky oppsummerer det slik : loven underminerer «fundamentale sivile rettigheter i ein bemerkelseverdig grad». På tiårsjubileet for loven såg Electronic Frontier Foundation på det dei meinte var dei tre farligaste bestemmelsane i Patriot Act.
1 Seksjon 215 som angår «any tangible thing»

Etter denne bestemmelsen kan FBI skaffa seg hemmelig rettskjennelse for tilgang til nesten kva som helst: dine trafikkforseelsar, kor du bur, handlar og reiser, kva medisiner du bruker, kva filmar du leiger og kva bøker du låner, din internettaktivitet, din epost, dine telefonsamtaler og mykje meir. Edward Snowdens lekkasjer har vist at omfanget er enormt. Men like alvorlig er at alt dette kan skje uten begrunna mistanke og uten at du får kjennskap til det. I tillegg har seksjon 215 ein såkalla «gag». Det betyr at dei som får ordre om å
utlevera dine data (ditt telefonselskap td.) må halda det hemmelig.
2 National Security Letters 
FBI kan usteda såkalte National Security Letters (NSL) på egen hånd uten rettskjennelse, og kreva utlevert td bankkonto-informasjon og internett-og telefonaktivitet. Antallet slike ordrar har skote i været, og i perioden 2003-2006 vart det utstedt omtrent 192 000. Av disse førte ein fram til terror-dom, og i det tilfellet var det heller ikkje nødvendig med ein NSL for domfellelse. For øvrig har også NSLein «gag».
3 Sneak and Peek Warrants
Seksjon 213 gir tilgang til å raida boligen til ein mistenkt uten at vedkommande blir informert, og er derfor i strid med konstitusjonens fjerde lovtillegg. Frå 2006 til 2009 vart denne bestemmelsen brukt 1755 gonger. Bare femten av disse, altså under 1 prosent, involverte terrorisme.
Andre skremmande deler av loven er seksjon 802 som definerer begrepet «innenlandsk terrorisme» (domestic terrorism) som kan brukast mot omtrent alle former for sivil ulydighet, og som saman med seksjon 411 kan føra til at fredelige aksjonar, som protesten mot WTO, blir definert som terrorisme. Og som vi skal sjå nedanfor er dette akkurat det som skjer no. Ein kan bare slutta seg til Chomsky når han siterer Churchill og beskriv dette som «grunnlaget for totalitært styre».

Andre lover

National Defence Authorization Act (NDAA) frå 2012
Denne loven vart forhandla fram i hemmelighet av eit begrensa utvalg av kongressen, og tillet varetekt av personarpå ubestemt tid, uten tiltale, eller nokon form for rettslig prøving, noko som Noam Chomsky kallar » eit grovt brot på menneskerettar og sivile rettar som går heilt tilbake til Magna Carta på 1200-talet». Dermed kan Obama fremdeles halda på fangane i Guantanamo, stikk i strid med det han lovte då han vart valgt. Obama og administrasjonen har ført, og fører fremdeles, ein kamp i rettssalane for å hindra at denne loven blir erklært ikkje-konstitusjonell. Det er ikkje klart om den kan brukast mot amerikanske borgarar, men – som det er blitt framheva – dei rettane USA gir seg sjølv i forhold til andre lands borgarar blir før eller seinare også brukt mot egne. Dessuten vart eit lovtillegg som eksplisitt skulle hindra den i å bli brukt mot amerikanske borgarar, stemt ned. For liksom å beroliga folket har Obama lovt at han ikkje skal misbruka loven (og med det innrømmer han jo at den kan misbrukast), men når vi kjenner til at han godkjente den utenrettslige henrettelsen av dei to amerikanske borgaraneAnwar Al-Aulaqi and Samir Khan, så står ikkje dette til truande.

Nytolkinga av Espionage Act 1917

Presset for utviding av statens fullmakter viser seg ikkje bare i nye lover, men også i nytolking av eksisterande. Spionasjeloven av 1917 er eksempel på dette. Loven var aldri tenkt brukt mot lekkasjer, men dette skjer no i aukande grad. I sin presidentkampanje i 2008 hylla Barack Obama varslarane og sa at dei handlar i «mot og patriotisme». Likevel har han no tiltalt fleire personar for lekkasjer under spionasjeloven enn alle dei andre presidentane til saman. Og kanskje er grunnen til det nettopp at det ikkje er anledning til å anvenda varsling eller offentlighetens interesse som forsvar mot denne loven.
Før Obama-administrasjonen hadde bare tre personar som hadde lekka informasjon blitt tiltalt etter spionasjeloven, nemlig Daniel Ellsberg, (tiltalt av Nixon), Samuel T. Morison (av Reagan) og Lawrence Franklin (av Bush). Det Morison hadde gjort var å henta ned tre bilder frå ein amerikansk satelitt. Disse viste eit sovjetisk hangarskip under bygging, og han gjorde det for å advara det amerikanske folket. New York Times-journalisten Anthony Lewis skreiv i 1985 at Reagan-administrasjonen brukte Morisonsaken til å gjera spionasjeloven om til noko som USA aldri har hatt, nemlig ein lov mot lekkasjer. Dessverre klarte Reagen nettopp det, og Morison vart dømt. Men som Lewis så passande sa: “Spionasje og lekkasjer er to heilt ulike ting i den amerikanske tradisjonen. Spionasje styrkerframande makter. Lekkasjer, som er ein kvardagslig hendelse i Washington, er ein del av den prosessen som gir borgarane mulighet til å vurdera styresmaktene sin politikk. Vi trur at denne prosessen styrkar, og ikkje svekker Amerika..”
Edward Snowden har no fått ein liknande tiltale som Morison, dvs to ulike tiltalepunkt under spionasjeloven og eit punkt for tjuveri av regjeringens eigedom, og med ei strafferamme på tilsaman 30 år. Blir han dømt, medan dei ansvarlige for kriminaliteten som han har avslørt går fri, er det et symbol på et svekka USA.

Konsekvensane

Nettopp Snowden-saken kan visa seg å vera eit vannskille i kampen om rettsstaten. Innsatsen er høg, og retorikken er høglytt. Tidligare NSA-sjef Michael Hayden har uttalt at Snowden-supporterar og and «privacy proponents» er “nihilistar, anarkistar… tjueognoko som ikkje har snakka med det motsette kjønn på fem eller seks år«. At venstresida og anarkistane er definert som terroristar og fiendar av USA er jo ikkje noko nytt. Og vi har alt sett atantikrigsaktivistar havnar på terroristlista. Men no ser det ut til at kven som helst kan havna der. Ofte er det dyrevernaktivistar og miljøforskjemparar på lista. Td. vart ei lokal gruppe i Tenessee som protesterte mot vannforurensing trua av myndighetene med at dei ikkje måtte klaga for høgt på vatnet, for då kunne dei bli identifisert som terroristar. Og ein mann som protesterte mot bankane ved å skriva med kritt på fortauet kan få opp til 13 års fengsel. Og lista er lang.
Organisasjonen National Lawyers Guild har laga rapporten «The Policing of Political Speech» som tar for seg korleis den amerikanske regjeringen bryt konstitusjonens første lovtillegg. Direktøren for NLG, Heidi Boghosian, oppsumerer dette slikDemonstrasjonar blir møtt med strenge middel: ikkje-dødelige våpen mot passive folkemengder, raid mot heimane til, og kontora til organisatorane, konfiskering av pressekameraer, videoutstyr og bilder / film, og ulovlig tilbakeholding av folkemengder og massearrestasjoner uten grunnlag. Politiet infiltrerer og spionerer på aktivistgrupper og bruker provokatørar. Personar blir tiltalt for medvirkning til opprør på bakgrunn av å ha vore med å organisera ein protestaksjon, ha vore med på møter, ha skrive om protestane og anna normalt politisk arbeid.

Stratfor-hacket

Når maktapparatet gjer urett til lov, må borgarane ty til ulovligheter for å gjera rett, som internettaktivisten og medlem av hacktivistgruppa Anonymous, Jeremy Hammond sa det. Han vart nylig dømt til ti år i fengsel for ma. å henta ut over fem millionar epostar då han hacka seg inn i det private sikkerhetsselskapet Stratfor. Stratfor arbeider for ei rad etterretningsorganiasjonar, for Pentagon og forsvarsdepartementet, men også for private selskap som Coca-Cola og Dow Chemicals. På vegne av sistnevnte overvaka og trakasserte Stratfor aktivistar som gjorde motstand mot Bhopal-katastrofen, og for Cola var tenesten å spionera på PETA-aktivister. Og noko av det som vart avdekka ved Jeremy Hammonds lekkasjer var nettopp at grensene mellom privat og offentlig etteretning blir viska ut. Det viser seg å vera sømlaus overgang mellom dei, og med dei same personane som arbeider på begge sider. Lekkasjane avdekka også at Occupy-bevegelsen vart spionert på og infiltrert, og at det var eit samordna forsøk på å knytta ikkjevoldelige grupper med terrorist-grupper for å kunna bruka terrorlover mot disse. Journalisten og aktivisten Alexa O’Brien var ein av dei som vart forsøkt kobla medal-Qaeda. Korfor det, kan ein spørja? Fordi ho støttar Occupy-bevegselsen og Wikileaks? Fordi ho var med og organiserte store protestaksjonar i USA ? Eller fordi ho var med å grunnleggja organisasjonen US Day of Rage, som arbeider for å reformera valgsystemet i USA?

Kva dette handlar om

Dei nye fullmaktene som USA no har gitt seg er ikkje effektive mot terrorisme, og dei blir heller ikkje brukt til det i særlig grad. Det dei derimot er effektive til, er som vi har sett, å bekjempa sivile rettigheter nedfelt i konstitusjonen, å overføra makt frå dei folkevalgte og domstolane til administrasjonen og private foretak, og ikkje minst å kriminalisera normalt politisk arbeid. Spørsmålet er: er dette også intensjonen? Når konsekvensane av å innføra nye lover er noko heilt anna enn det det blir hevda var meininga, så har vi valget mellom å tru at US-administrasjonen enten ikkje anar kva dei driv på med – eller at det er akkurat det dei gjer. All informasjon vi har tyder på at dei veit kva dei gjer. Så i staden for å påstå at makthavarane i USA prøver å bekjempa terrorisme, men ikkje får det til, og at alle dei andre verknadane bare er uheldige og utilsikta bivirkningar, så blir vi nesten tvinga til å konkludera med at den amerikanske administrasjonen med Obama i spissen verkeleg vil det dei er i ferd med å oppnå.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Miranda ofrast i krigen mot terror

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

det @narkistiske barnet