Gå til hovedinnhold

Ein dag skal vi alle gå i dongeri og Palestinaskjerf

"KONDOLERER" sa eg til ein dystert utsjåande mann som steig på bybanen på Wergeland med svart dress og svarte render rundt augene. "Kva meiner du?", spurde han. "Du skal i begravelse, ser eg. Var det ein nærståande?" sa eg. "Nei du misforstår, eg er berre i det private", sa han sorgtungt. "Det var leit å høyra", prøvde eg meg. Då brast det for stakkaren. "Du anar ikkje kor jævlig det er å gå i denne uniformen du! Dag ut og dag inn med slips og buksepress! Eg vil helst gå i dongeri, for det er det religionen min seier. Men det går ikkje, for eg sit på kontor! Eg vil ikkje meir, eg orkar ikkje dette, eg vil bort! Men så har eg berre denne helsikes BI-diplomen, så eg er stuck! Faens ulukke! Høyrer du? For ein parodi av et liv!" "Kva religion er det du tilhøyrer?", spurde eg forsiktig. "Eg er ... sosialist", mumla han, medan han skulte mot høgre.

Eg forsto. Eg stramma meg opp, såg han inn i svartaugene og sa, "Kamerat. Du skal bli fri frå denne byrda, og eg skal hjelpa deg. Slik eg seier til alle mine, seier eg også til deg: så lenge du er rein i sinn og rein i tankar, så skal ikkje kledebunaden hindra deg i å komma til himmelen. Det står ingenting i skriftene at du må ha t-skjorte og slitte olabukser! Det ser ikkje pent ut det du går i, det vedgår eg, men hverken Marx eller Bakunin har forbudt dette svarte, glatte stoffet, eller den rare tingen du har rundt halsen!" Han såg forvirra på meg. "Men klanen min ... alle kameratane mine... dei ser ned på meg. Dei seier at ein ekte sosialist går ikkje i dress!". No storgret han. "Du må vera sterk, kamerat!", sa eg. "Vi treng sosialistar i alle yrkjer. Du er sikkert den einaste av oss med BI-diplom, ja kanskje den siste i det private, og eg forstår at du har det vanskelig. Men vi treng at du er der du er, og arbeider for ei betre verd!"

Dette rimte, og gråten hans stogga, og han pusta synleg lettare. "Meiner du at eg er god nok som eg er? Kan eg vera revolusjonær i dette?" spurde han og dingla med slipset. "Ja, min venn. Bare husk at du ikkje skal la andre tolka skriftene for deg. Du må tolka dei sjølv!" sa eg, men la til: "men eg vil tolka med deg. Eg vil tolka med deg". No var vi komne til Byparken, og han var  oppglødd og stram i kroppen då han gjekk ut i den ulne Bergenska vinterlufta. "Eg trur no!", sa han, "Eg trur at det berre er eg som bestemmer korleis eg skal tru. Og eg trur at det skal komma ein dag då det ikkje er høg eller lav, ikkje rik eller fattig! Og alle skal kunna kle seg som dei vil!". "Ja!" ropte eg etter han gjennom skodda. "Ein dag skal vi alle gå i dongeri og Palestinaskjerf!"

Les også: Politi-imam nektes uniform i tjeneste, og Politiskaut

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria
Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alv…

Krigsmaskinen USA - Del 1

Kva bruker USA på militæret sitt? I: Militære utgifter i forhold til andre land. USA sitt militærbudsjett for 2016 var ifølge Wikipedia/SIPRI, 611.2 milliardar dollar, dvs. rundt 5.3 trilliardar kroner. For 2017 er budsjettet 824.1 milliardar dollar. I prosent av BNP var det i 2016 3.3%. Dette er ikkje den høgaste prosenten. Feks. har både Israel (5,8%) og Saudi Arabia (10%) høgare andel.

I reine pengar ser det slik ut: USA bruker like mykje pengar på militæret som dei sju neste på lista. For eksempel: for kvar dollar Kina bruker på sitt militære, så bruker  USA 2.77. Det kan vera greit å samanlikna dette med folketalet i dei same. USA har omlag 4.3 % av verdens befolkning, mens Kina har 18,5%. (Kjelde: http://www.worldometers.info) Mens Kina altså har over fire gonger meir folk, så bruker USA nesten tre gonger så mykje pengar. Med andre ord: misforholdet er  stort:
II: Militære utgifter i forhold til andre sektorar Ser vi litt nærmare på statens utgifter så ser det slik ut: Militærut…