Påfuglsyndromet

Har du nokon gong lurt på koffor påfuglen har den enorme halen sin? Den kan jo ikkje vera nyttig? Tvert om må det vera ei stor plage for påfuglhannen å draska rundt på dette slepet. Den kan til og med vera farlig fordi den kan tiltrekkja seg rovdyr. Richard Dawkins, forfattaren av "The Selfish Gene" meiner at det er nettopp på grunn av sin unyttighet og sin besværlighet at påfuglhalen er så svær. Det er som om hannen seier: "Sjå kor sterk og viril eg er, som klarar å dra rundt på denne latterlige halen." Hoer som er ute etter å finna sterke hannar å para seg med vert tiltrekte av dette symbolet på styrke, og dermed kan gener for svære halar spre seg.  Dette, som vi kan kalla påfuglsyndromet, kan også gi oss ein forklaringsmodell innan for eksempel religion og økonomi!



Det er ikkje bare dei genene som gir best tilpassing til miljøet som overlever i evolusjonen. For at eit individ skal kunna gi genene sine vidare må han (vi snakkar mest om hannar her) også skaffa seg ei kone. Det er mange måtar han kan gjera det på. Han kan prøva å gjera seg så tiltrekkjande som mulig, for eksempel ved å skaffa seg ein enorm hale som påfuglen, eller eit kjempegevir som den no utdødde kjempehjorten, eller han kan gjera det ved å konkurrera ut dei andre hannane. Begge deler kallast for "seksuell seleksjon".

Hos oss menneskehannane er det fremdeles veldig bra for våre reproduksjonsmuligheter å kle seg bra, og å ha ein fin kropp og ein fil bil! Men vi menn har heldigvis stort sett vent oss av med å slåst om damene med rå kraft. I dag foregår kampen på det symbolske plan. Vi prøver å visa oss fram på ulike måtar. Vi prøver å vera vittige og slagferdige. Vi deltar i debattar (og bloggar!) og vil gjerne framstå som kloke, kunnskapsrike, intelligente og kule. Dette er altså den uformelle kampen som kan arta seg som eit skuespel eller ein leik. Men det viktigaste for å dra damer er no som før, status, pengar og makt. Og dette er den formelle kampen som fører til synlige og målbare resultat som posisjonar, kontrakter, eigedom, utbytte og lønn. Det er ein regelrett konkurranse der resultatet er ein rangering, der den enkle mannen lett kan sjå kor han står i forhold til dei andre.

Bivirkningar

Likevel er ikkje dette nødvendigvis gale eller umoralsk. Konkurranse, seiest det, kan gi mange nyttige bieffektar som auka effektivitet eller betre produkter, men den kan også gi effektar som er uønska, for ikkje å sei farlige for samfunnet. Dette er påfuglsyndromet igjen, men på ein ny arena, nemlig den kulturelle. I denne samanhengen kan vi definera påfuglsyndromet som det å snakka eller oppføra seg på ein måte som for det første tydelig bare er showoff (det treng ikkje vera for å visa seg for damene, det kan likegodt vera for å beskytta ein posisjon i eit mannsdominert felt som business) og som for det andre er unyttig, dumt, tullete eller farlig.
Materielle uttrykk for påfuglsyndromet florerer i dagens samfunn, det er dei såkalte penisforlengarane: enorme bilar, båtar med tre-fire soverom, hytter med 20 toalett og i det heile ting som er mykje større og meir prangande enn det nokon har bruk for, og som kostar mykje meir enn den nytten ein får ut av dei. Og det er jo akkurat det som er meininga! Til tross for at dei er unyttige for samfunnet og farlige for mijøet, er dei likevel "nyttige" for eigaren i den forstand at han befestar sin posisjon som rik, mektig og inflytelserik. Det er eit symbol på hans potens og virilitet. Det same finn vi også på det ikkje-materielle planet. Vi ser eksempel på menn som held seg med meiningar som opplagt er feilaktige, bare fordi dei er oppsiktsvekkjande og dermed gir status. Vi skal først sjå eksempel frå religionens verden.

Klerikale brushanar

Eit hyppig brukt sitat frå kyrkjefader Tertullian er: "Certum est quia impossibile est'' , altså "Det er sikkert fordi det er umulig". Sjølv om det den godeste Tertullian nok egentlig meinte var at ingen ville finna på å dikta opp noko så utruleg som evangeliet dersom meininga var å bedra folk, så har han ofte, også innan kyrkja, blitt tolka som at di meir utruleg ein historie var, di sannare var han. Eksempelvis har Sir Thomas Browne (1635) eingong sagt at det "ikkje fins nok umuligheter i religionen for ei aktiv tru", og at "Eg vil øva trua mi på det vanskelegaste, for å tru det vanlige og synlege er ikkje tru men overbevisning" .
Richard Dawkins samanliknar dette med den elektriske munken til Douglas Adams. Det var eit arbeidsbesparande apparat som var programmert til å gjera alt trusarbeidet (det er jo hard jobb!) for deg, og som var i stand til å "tru ting dei hadde vanskar med å tru i Salt Lake City'' og som i det den vart introdusert for lesaren, tvert i mot alle bevis, trudde at heile verda var avskygningar av rosa.

Eit av Dawkins sine meir verkelege eksempel er den bokstavtru tolkinga av nattverden. Han meiner at det er uproblematisk å tru at brødet og vinen symbolsk representerer kroppen og blodet til jesus, men det "krevest ein blodekte katolikk for å tru noko så fjollete som transsubstansiasjon" (dvs. at Kristus fysisk er tilstade i brødet og vinen).* Det er noko meir interessant her enn "regelrett galskap og surrealistisk nonsens", seier han, og spør: "Er det mulig at religiøse doktriner vert favorisert, ikkje til tross for at dei er er latterlige, men rett og slett på grunn av at dei er latterlige?"

Økonomiens påfuglar

Så til økonomisk teori som mange samanliknar med religion. Økonomen David Korten seier td. at økonomi er "redusert til eit system av ideologisk indoktrinering som bryt med sine egne forutsetningar, og grunnleggjande i strid med realitetane."** La oss ha dette in mente når vi no ser på kva tilhengjarar av dagens politiske doktrine har sagt:

Først nobelprisvinnar i økonomi Milton Friedman som uttaler seg om olje: "Hvis vi lever på kapitalen, ville markedsprisen gå opp. Prisen på verkeleg begrensa ressursar vil stiga over tid. Oljeprisane har ikkje stege, altså lever vi ikkje på kapitalen". Det er fristande å spørja kvifor ikkje Erasmus Montanus også fekk Nobelprisen?

Så verdensbankens tidligare sjefsøkonom Lawrence H. Summers: "Det er ingen ... grenser for jordens bærekraft som kan tenkjast å hemma oss i overskuleg framtid. Det er ingen risiko for nokon apokalypse pågrunn av global oppvarming eller noko anna. Ideen om at vi burde setja grenser for veksten, er ein grunnleggjande feil, og som, hvis han nokon gong skulle få innflytelse, ville få svimlande sosiale kostnader". For å omskriva Dawkins, kan ein seia at det er fort gjort å gløyma sin sunne fornuft, men det trengs ein fullblods økonom til for å seia noko så fjollete.

Til slutt Morry Adelman, ein av dei mest innflytelsesrike personar innan oljeregulering: "Der er rikeleg fossilt brensel, og ingen grenser for den potensielle elektriske kapasiteten", og vidare: "Mineraler er uutømelege, og vil aldri bli overutnytta."

Les meir om økonomiens påfuglar her: What's Wrong with Economic Theory as Presented to the Public ?

Oppdrett eller jakt?

Dei vi høyrer her er dei tøffe guttane, altså guttar som likar å tøffa seg. Slike tøffar seg jo ofte for å få damer, men det det handlar om her er ikkje først og fremst seksuell reproduksjon, men kulturell. Spørsmålet blir då korleis påstandar som er hinsides fornuft og verkelighet kan florera i visse miljø? Ja, meir enn det: Korleis kan det oppstå ideologiar som nærmast kan betraktast som kulturelle virus?

Hvis vi skal prøva oss på ein Bourdieusk analyse så kan vi betrakta økonomifaget og religionen som felt, og då kan vi studera kapitalen i disse felta, og autonomien deira. I følge Bourdieu foregår det innafor eit felt eit spel om verdiar som er spesifikke for det. Med andre ord har kvart felt ein bestemt kapital som er gyldig der. Det kan handla om anerkjennelse frå kollleger, prestisje knytta til akademisk posisjon, det å bli sitert eller å få navnet sitt knytta til ein teori osv.

Slik vil det vera innan det som Bourdieu kallar autonome felt, dvs felt som ikkje er særlig påvirka av omverda. I slike tilfeller veit vi at det kan utvikla seg veldig sær valuta. Frå kunstverda kan det ofte høyrast noko som for utenforståande fortoner seg som det reinaste blabbedibla, men som for dei innanfor har stor betydning. (høyrte vi nokon foreslå "postmodernisme"?) Dette fekk vi eksemplifisert seinast i Eia-programmet "Hjernevask" der symptomer på påfulglsyndromet var tydelig til stade i kjønnsforskinga. (Eller i dette tilfellet bør vi kanskje heller kalla det Lorentzensyndromet? :)

Ja, det er vondt for påfuglane når verkeligheten presser seg på, men behagelig når ein får vera i fred, slik det har vore i religion og økonomi. Religion har ingen verkelighetsforankring. Det går verkelig an å tru på alt mulig, og jo meir tøysete jo betre kan det ofte sjå ut som. Heller ikkje økonomifaget har desverre synderlig kontakt med det dennesidige. For økonomi er ingen vitskap. Det er ingen som krever at økonomiske "teoriar" skal kunna verifiserast. Altså kan dei fritt "øva trua si på det vanskeligaste".

Men ingen felt er heilt autonome, på godt og vondt. Slik vi alle får vår "livsverden innvadert"(Habermas) så blir alle felt også meir eller mindre innvadert - av kapitalen og makta. Og grunn til å tru at spesielt det økonomiske (fag)feltet er nærmast okkupert av kapitalen. Og om vi då går tilbake til vårt biologiske metafor, så er det altså ikkje bare andre økonomar som ein må bryske seg for, men like mykje pengemakta, politikarane og eliten. Makta rår. Kaskje vi kan sei det så sterkt at innan dette området har det vore nærast oppdrett av påfuglar - beskytta mot det som ville vore deira naturlige fiendar: sannheten og vitskapen. Disse påfuglane har derfor kunna veksa seg spesielt store og feite.

Det gjenstår bare å spørja: Når skal vi la jaktsesongen starta?


*"Any wimp in religion could believe that bread symbolically represents the body of Christ, but it takes a real, red-blooded Catholic to believe something as daft as the transubstantiation." frå  Viruses of the Mind
** David C. Korten: "When Corporations Rule the World"


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Miranda ofrast i krigen mot terror

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

det @narkistiske barnet