Gå til hovedinnhold

Om muslimar, religion og politikk

Pew Research Center har nylig gitt ut rapporten “The World’s Muslims: Religion, Politics and Society” Dette er eit resultat av over 38 000 intervju med muslimar frå 39 land. Verd å merkja at hverken Saudia Arabia eller Iran er med i undersøkelsen. For et kjapt overblikk kan du lesa her. For eit endå raskara overblikk kan du bare lesa vidare.

Ekstremisme og sjølvmordsbombing

For å ta det beste først: tala er egna til å beroliga dei som er bekrymra for islamistisk ektremisme, for det er muslimane også. Minst halvparten av muslimar i dei fleste landa som er med i undersøkelsen seier at dei bekymrar seg over religiøse ekstremistar i sitt eige land, og minst to tredjedeler i Egypt (67%), Tunisia (67%), Irak (68%), Guinea Bissau (72%) og Indonesia (78%). Det er fleire som er bekymra over islamistiske ekstremistar enn kristne ekstremistar. Betryggande er det også at majoriteten heller ikkje støtter sjølvmordsbombing:

I sum seier 8% av dei intervjua at sjølvmordsbombing i somme tilfelle kan forsvarast.

Sharia og religionens innflytelse på politikken.

I halvparten av landa som var med i undersøkelsen, ynskjer majoriteten av muslimane at dei religiøse ledarane i det minste skulle ha "noko innflytelse" i politiske spørsmål og eit betraktelig mindretali Asia, Midtausten og nord-Afrika synest at religiøse ledarar skulle ha "stor" politisk innflytelse. For eksempel meiner 37% av muslimane i Jordan, 41% i Malaysia og 53% i Afghanistan dette. Meir konkret undersøkte Pew kor mange som meiner at Sharia skal bli den offisielle loven i landet. Her er tala:

Steining og dødsstraff

No kjem vi til det som er verre. Her er tala over kor mange som meiner at steining er ei passande straff for utruskap. Men vær klar over at dette er andeler av dei som er for at Sharia skal vera landets lov:


Når vi tar i betraktning den store andelen som er for sharialover i mange land, er dette skremmande. Like skremmande er tala for kor mange som meiner at apostase (frafall frå Islam) skal straffast med dødsstraff:

Ps: Det er nok grunn til å tru at tala ville blitt høgare om tala frå Saudi-Arabia og Iran var tatt med, spesielt for dødsstraff. Det er ikkje meir enn vel eit år sidan Iran innførte dødsstraff for frafalne menn, medan kvinner slepp med livsvarig fengsel: Sjå "Vantro skal henges" (Aftenposten 14 feb 2012.) Sjå også "DØDSSTRAFF 2012: ET SKUFFENDE ÅR"(Amnesty International)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria
Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alv…

Krigsmaskinen USA - Del 1

Kva bruker USA på militæret sitt? I: Militære utgifter i forhold til andre land. USA sitt militærbudsjett for 2016 var ifølge Wikipedia/SIPRI, 611.2 milliardar dollar, dvs. rundt 5.3 trilliardar kroner. For 2017 er budsjettet 824.1 milliardar dollar. I prosent av BNP var det i 2016 3.3%. Dette er ikkje den høgaste prosenten. Feks. har både Israel (5,8%) og Saudi Arabia (10%) høgare andel.

I reine pengar ser det slik ut: USA bruker like mykje pengar på militæret som dei sju neste på lista. For eksempel: for kvar dollar Kina bruker på sitt militære, så bruker  USA 2.77. Det kan vera greit å samanlikna dette med folketalet i dei same. USA har omlag 4.3 % av verdens befolkning, mens Kina har 18,5%. (Kjelde: http://www.worldometers.info) Mens Kina altså har over fire gonger meir folk, så bruker USA nesten tre gonger så mykje pengar. Med andre ord: misforholdet er  stort:
II: Militære utgifter i forhold til andre sektorar Ser vi litt nærmare på statens utgifter så ser det slik ut: Militærut…