Politiskaut
Spørsmål: skal vi laga ein spesiell ordning for folk (dvs. kvinner) som har lyst til å bli politi eller dommar, men ikkje kan fordi dei bruker hijab? Til dette har eg samme innvending som mot at vi skal ha spesielle reglar mot hijab på skulen: spesialreglar for eller mot spesielle religionar eller folkegrupper er ein noko vi bør unngå i det lengste, fordi det smakar av ideologi . Men dog er spesialreglar som er "for" meir spiselige enn dei som er "mot". Det kan vera gode grunnar til positiv diskriminering, og tilsynelatande er det det her. Men likevel: ein slik spesialregel vil gi andre grupper rett til å spørja: koffor skal ikkje vi også få spesialordningar, vi som vil gå med turban? Eller kva med oss som er medlemer i Church of the Flying Spaghettimonster , som har spesielle dagar der vi "må" kle og oppføra oss som piratar (talk like a pirate day) Vil dette vera akseptabelt i politiet? På den andre sida: argument om respekt for loven kjøper eg ikkje he...