Wäre es daNicht doch einfacher, die RegierungLöste das Volk auf undWählte ein anderes?*
Idrettsforbundets ledar Børre Rognlien har visst nok sagt til Bergens Tidende at han meiner at folket opptrer inkonsekvent i OL-spørsmålet. Tenk det, Norge har eit inkonsekvent folk! For OL vil dei vera med på, men betala vil dei visst ikkje, i følge samme Rognlien. Dette ifølge Nrk. Bortsett frå at mannen tar hoppande, hakkande feil så skal eg la spørsmålet om akkurat det er inkonsekvent eller ei, liggja. For det er jo slik at sjøl om, hvis og når folket er inkonsekvente, så er det folket som bestemmer! Dette prinsippet heiter demokrati.
Du har kanskje høyrt om det på 17 mai og slikt? Men som vi veit er ikkje ordet så høgt skatta i idrettsnorge. Og ei heller det politiske Norge. Meiningsmålingane til BT og VG viser nemlig at oppslutningen om eit OL i Oslo er 30% eller mindre. Men i samme artikkelen fortel AP sin idrettspolitiske talsperson, Rigmor Aasrud, at "Vi lar oss ikke styre av meningsmålinger". Og det er jo reine ord for pengane: AP lar seg ikkje styra av folket.
La det vera klinkande klart: Spørsmålet om vi skal ha endå eit OL i Oslo er ikkje viktig. OL i seg sjøl er ikkje viktig, og toppidrett er på ingen måte viktig. Dessuten har vi nordmenn rikelig med pengar å sløsa bort - om vi vil det. Men poenget er at vi vil ikkje! Det som er viktig er prinsippet om kem som skal bestemma dette: er det vi, folket, eller er det ein engere krets av idrettspampar og partitoppar i hovedstaden? For vi har jo sett dette før: Det er som regel rørande enighet blant eliten, for eksempel når dei vil ha oss inn i EU. Men ofte er ikkje folket enige med eliten. Og det er vel det som er det inkonsekvente her? At vi altså held oss med ein elite, men er ikkje kan innretta oss? For ka skal de egentlig med oss hvis de ikkje lar oss bestemma? Spør eliten. Og det er jo egentlig eit godt spørsmål. For eliten veit at eliten veit best, og at folket er bare eit nødvendig onde, det er bare folket som ikkje forstår dette - inkonsekvente som dei er.
Eg ser bare ei løysing på dette: Folket må ta sine hattar og gå. Ein viss konsekvens må det vera i dette landet!
* Frå diktet Die Lösung av Bertolt Brecht
Kommentarer
Legg inn en kommentar