Gå til hovedinnhold

State of Obama

Kvart år held US president ein tale kalla "State the Union" - unionens tilstand. Men sidan den amerikanske presidenten får stadig meir makt, og - hvis ein skal tru Dagbladet - blir stadig betre til å halda taler, så burde den kanskje heller bli kalla Obamas Tilstand? For talen, og analysen av talen, fortel like mykje om presidenten som om landet.  - En tale fra Obama er som SEX skriv før nevnte blekke, og siterer med det ein republikansk rådgivar. Javel? Ja, kanskje er det heilt på sin plass å "anmelda" talene til Obama på denne måten? Vi skulle jo likt at den handla om viktige geopolitiske spørsmål - at det var ein tale verdt å lesa. Men så er det det at mannen er jo ein skuespelar og performance-kunstnar som går sjøl Ronald Reagan ein høg gong. Sjølve talen er lag på lag med sjølskryt, og inngår i administrasjonens lag på lag med bortforklaringar, fortielsear og løgner om kva dei egentlig driv på med.

Og no: Kshama Sawant

Om du vil kan du lesa heile talen til Obama på Washington Post sin nettside, men har du så god tid anbefaler eg heller Kshama Sawant sin mot-tale. Kshama er noke av ein skjeldenhet i amerikansk politikk, nemlig ein innvalgt sosialist. Sawant underviser på Seattle Central Community College og var aktivist i Occupy Wall Street-bevegelsen. Ho kjemper for arbeidarrettar, kvinnesak, immigrantar og for såkalte LGBTQ-folk (lesbian, gay, bisexual, transgendered, questioning)  I 2012 vart ho valgt til bystyret i Seattle med over 20,000 stemmer, det største antal stemmer for ein kandidat frå det uanvhengige venstre i 2012, og det høgaste talet for ein sosialist på mange tiår. Du kan lesa meir om henne på The Guardian.
Hvis ikkje filmen spelar på denne sida, kan du prøva Huffington Post:  Du kan også lesa heile talen på engelsk på nettsida hennar.

Har du dårlig tid, så les min kortversjon:
  • Obama seier han vil bekjempa ulikhet, men dei rikaste 1% har bare blitt rikare under han.
  • US sin overvåking og brudd på egen grunnlov fortset som før, krigane fortset og klimaforandringane blir bare større.
  • Obama skryter av at US har blitt sjølforsynt med olje, men nevner ikkje at grunnen er såkalt fracking som fører til jordskjelv, forringelse av drikkevatn osv.
  • Reallønna har stagnert eller gått ned i flerie tiår.
  • Kshama  seier at US må bort frå å bli styrt av Wall Street, og at US er eit dysfunksjonelt og ødelagt samfunn der 99% av befokningen ikkje har ei stemme eller representant.
  • Men det amerikanske folket leitar etter noko nytt. 60% av veljarane seier at dei er fed up med dagens topartisystem, og det er streikar og protestar mange stader.
  • Obama seier også at 2014 skal bli eit år med handling, men Kshama meiner at det må bli for og med arbeidarane, dei fattige, eit betre studiefinansiering, hjelp til dei som er trua av å bli kasta ut av egen heim.

Så over til Abby Martin

Abby Martin er journalist og filmregissør mm. I fjor var ho medregissør på dokumentarfilmen “99%: The Occupy Wall Street Film”. Ho har sitt eget program “Breaking the Set”. på RT network. RT er sponsa av den russiske regjeringa, og det er muligens grunnen til at det er vanskelig å finna info om henne på Wikipedia. Artikkelen er nemlig sletta - to gonger!


Abby Martin tar tak i mellom anna følgande:
  • Obama skryter av sin støtte til småbedriftene, mens i følge ein representant for slike, det meste i realiteten går til Fortune-500 bedrifter, altså dei aller største.
  • Han skryt også av arbeidet for TPP (Trans Pasific Partnership) Martin seier at denne loven vil stå over US-lov, og at prosessen for å innføra den (Fast Tracking) "sannsynligvis er det mest udemokratiske ein president kan foreta seg". Eg trur ho har heilt rett i det.
  • Martin tar også opp Obamas snakk om fracking, og tilbakeviser at det kan gjerast sikkert slik Obama hevdar.
  • Etter å ha ha lata som om TPP og fracking er noko å skryta av, "spring han rett over på det US kan best - krig", seier Martin. Obama sin vinkling på landets bruk av droner er at det eit ledd i kampen for å ødeleggja terrorist-nettverk i Jemen, Afghanistan og andre stader, men utelet å forklara at det betyr at terrorismen ikkje minkar, men aukar, og at enkeltmennesker blir myrda uten lov og rett, og i mange tilfeller uten at offera er i nærheten av å vera terrorist.
  • Til sist snakkar Obama om NSA og har den frekkhet å påstå at US ikkje bryt seg inn i privatlivet til vanlige folk. Dette er ein løgn så stor at den ikkje treng ytterligare kommentarer.
  • Som Abby Martin oppsummerer: "Til slutt minner Obama oss om at Gud velsignar dette landet. Akkurat dette - og bare dette."
Til slutt kan du gjerne også lesa redaktør i Truthdig, Robert Scheer sin artikkel: We're All Suspects in Barack Obama's America. Han skriv at Obamas tale var hans verste, ikkje på grunn av hans skuespelarprestasjonen, men på grunn av den står i sterk konstrast til hans ofte proklamerte respekt for grunnlova Han meiner at at Obamas utilslørte forsvar for overvåkingsstaten opnar døra for ein ny McCarthyisme. Eg trur også det er sant. Dessverre. Men meir om det seinare.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria
Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alv…

Krigsmaskinen USA - Del 1

Kva bruker USA på militæret sitt? I: Militære utgifter i forhold til andre land. USA sitt militærbudsjett for 2016 var ifølge Wikipedia/SIPRI, 611.2 milliardar dollar, dvs. rundt 5.3 trilliardar kroner. For 2017 er budsjettet 824.1 milliardar dollar. I prosent av BNP var det i 2016 3.3%. Dette er ikkje den høgaste prosenten. Feks. har både Israel (5,8%) og Saudi Arabia (10%) høgare andel.

I reine pengar ser det slik ut: USA bruker like mykje pengar på militæret som dei sju neste på lista. For eksempel: for kvar dollar Kina bruker på sitt militære, så bruker  USA 2.77. Det kan vera greit å samanlikna dette med folketalet i dei same. USA har omlag 4.3 % av verdens befolkning, mens Kina har 18,5%. (Kjelde: http://www.worldometers.info) Mens Kina altså har over fire gonger meir folk, så bruker USA nesten tre gonger så mykje pengar. Med andre ord: misforholdet er  stort:
II: Militære utgifter i forhold til andre sektorar Ser vi litt nærmare på statens utgifter så ser det slik ut: Militærut…