Gå til hovedinnhold

Det er håplaust, og vi gir oss ikkje!

Fattigmanns trøst i ei blå tid.

I forrige blogg skreiv litt eg om Koffor eg stemmer Rødt. No har vi fått resultatet: det er håplaust. Og vi gir oss slett ikkje! Men vi som stemmer sosialistisk har likevel, eller kanskje nettopp derfor, behov for forstå koffor det gjekk som det gjekk. For hvis ikkje vi forstår det, så kan vi lett tenkja at dei fleste i Norge enten er dumme eller egoistiske eller begge deler på ein gong. Og om det kan sikkert vera noke i det, så kan vi ikkje byggja vår argumentasjon på det. For då er politikken død. Vi har altså eit forklaringsbehov:
Koffor i alle dagar stemmer mange presumptivt oppegåande mennesker blått?

Eg trur svaret er todelt: for det første er Norge i ein spesiell situasjon, historisk og  geopolitisk: vi er eit land av fullt av kapitalistar. Det andre har samanheng med det spørsmålet som eg avslutta forrige blogg med: (og no retta like mykje til oss sjøl). Trur vi, som Habermas, på "kraften i de gode argumenter", eller trur vi at vi må gjera noko meir?

I) I lykkelandet Norge har vi alle pengar på bok. Kollektivt gjennom oljefondet og statens rikdom, og privat gjennom egne formuer og investeringar. Det gjer at mange er i stand til å kjøpa seg ut av helsekøar og dei fleste andre køar. Dei kan kjøpa seg betre undervisning. Dei har privat pensjon, privat transport, privat hus (ja, det er faktisk ikkje alle forunt!) privat forsikring osv. For disse vil høgrepolitikk muligens vera ein god politikk! I alle fall om dei tenkjer snevert på seg og sitt, og innanfor ein snever tidshorisont.
Somme av rikingane er nok klare over dette, Men eg trur likevel ikkje at majoriteten er så kyniske at dei stemmer på det som tener dei best, sjøl om dei veit at det ikkje er bra for andre, for miljøet eller verda. Poenget er at det er mykje lettare å rasjonalisera ein ideologi som tener oss sjøl best, sjøl om den er aldri så feil. Om RimiHagen hadde hatt evnene som skal til for å forstå koffor hans ideologi er feil, så hadde det likevel vore vanskelig når heile hans inntekt og heile hans eksisten nettopp er bygd på at han ikkje skal forstå det. "Kapitalismen har gjort meg rik, derfor kan alle andre bli det også", er den tanken som er lettast å tru på når ein faktisk er rik Problemet er bare at andre trur på den også.

II) Så då blir spørsmålet: Koffor trur dei andre på RimiHagens ideologi? Vi som kjemper mot kapitalismen har veldig lyst til å tru at hvis vi bare presenterer fakta så vil alle folk forstå - og stemma deretter. Vi har tru på kraften i våre argumenter. Men har vi grunn til det? "Å ha en tro på kraften i Det fornuftige argument, er ikke bare naivt eller arrogant, det er direkte farlig i en verden som nettopp overkjører fornuft, og hindrer alternativ argumentasjon." skriv Runar Døving1 i Morgenbladet. Og det er mange grunnar til at han har rett, for eksempel:

1) Media er ikkje nøytrale, jamfør td. Edward S. Herman og Noam Chomsky sin propagandamodell2.
2) Økonomifaget er ikkje nøytralt, men produserer liberalistiske argument forkledd som vitskap.
3) Informasjonstilfanget vårt er ikkje nøytralt. Både vi og dei styrande blir utsett for propaganda.
5) Nettverka er ikkje nøytrale. Dei som står makta og kapitalen nærmast har større gjennomslag og større båndbredde.

Eg kunne nevna meir, men dette er vel nok til å sjå at det i sum er veldig mange faktorar som fører til at politisk meiningsdanning på ingen måte skjer i eit nøytralt felt, men i ei felt som har ei sterk slagside i retning det blå. Legg eg til at kapitalismen oppfører seg som eit kulturelt virus (meir om dette snart!) som er særdeles vanskelig å få bukt med fordi det forkler seg og snyltar på andre tankesett, så forstår ein litt av kva  utfordring vi står overfor.

Trickling Down. 

Ein av nyliberalismens hovedargument er det såkalte "trickling down"-effekten. Den påstår at hvis vi subsidierer ovanfrå - gir skattelette til dei rike og til storkonserna, så vil disse pengane renna nedover i systemet og føra til større velstand i heile samfunnet. Fakta viser at dette er ikkje er riktig. Å pumpa midlar inn i systemet ovanfrå gjer bare forskjellane større. Men på et punkt ser det ut til å stemma. - nemlig når det gjeld ideologi. Det er maktens ideologi som dominerer. Er alt då håplaust? Kanskje litt. Kanskje ei stund. Men ein kan, som Abraham Lincoln sa, ikkje lura heile folket heile tida. Så vi gir oss ikkje. Svaret vårt er, og har alltid vore "trickling up". Endringar skjer nedanfrå. Eg trur kraften i dei betre argumenta vil sigra. Til slutt. I mellomtida kan det vera greit å minna seg sjøl om koffor dei betre argumenta har så dårlige kår i dag.

LENKER 

1) http://morgenbladet.no/debatt/2005/makten_i_den_sterkestes_argument#.UjLkT9LIboI
2) http://en.wikipedia.org/wiki/Propaganda_model

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria
Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alv…

Krigsmaskinen USA - Del 1

Kva bruker USA på militæret sitt? I: Militære utgifter i forhold til andre land. USA sitt militærbudsjett for 2016 var ifølge Wikipedia/SIPRI, 611.2 milliardar dollar, dvs. rundt 5.3 trilliardar kroner. For 2017 er budsjettet 824.1 milliardar dollar. I prosent av BNP var det i 2016 3.3%. Dette er ikkje den høgaste prosenten. Feks. har både Israel (5,8%) og Saudi Arabia (10%) høgare andel.

I reine pengar ser det slik ut: USA bruker like mykje pengar på militæret som dei sju neste på lista. For eksempel: for kvar dollar Kina bruker på sitt militære, så bruker  USA 2.77. Det kan vera greit å samanlikna dette med folketalet i dei same. USA har omlag 4.3 % av verdens befolkning, mens Kina har 18,5%. (Kjelde: http://www.worldometers.info) Mens Kina altså har over fire gonger meir folk, så bruker USA nesten tre gonger så mykje pengar. Med andre ord: misforholdet er  stort:
II: Militære utgifter i forhold til andre sektorar Ser vi litt nærmare på statens utgifter så ser det slik ut: Militærut…