Gå til hovedinnhold

Utarma uran

Denne saken skreiv (litt klipp og lim) eg i 2005 for ein fysikk-klasse. Men den er fremdeles relevant, desverre:

Naturlig uran består av to isotoparca 1% U-235 og 99 % U-238. Dei vanligste atomreaktorane brukar U-235, men sidan det fins i så små mengder, må det anrikast, dvs, raffinerast på ein måte som aukar mengdeforholdet. Som biprodukt får vi uran som for det aller meste består av U-238. Dette kallast derfor for utarma uran, eller DU (Depleted Uran).

Bruk

Utarma uran (og for den del all uran) er eit veldig tungt material. Det har egenvekt på nesten 19 kg pr. dm3 (l) dvs. 19 gonger tyngre enn vatn og bortimot dobbelt så tungt som bly. Av den grunn er stoffet svært attraktivt for militærindustrien. Prosjektiler som har eit hode laga av DU, kan trenga gjennom stålarmeringar i kjøretøy og bygningar. Dessuten genererer DU så mykje varme når det treff målet at det eksploderer.

Lagring

Ein annan egenskap ved stoffet er at det er radioaktivt. Det må derfor lagrast sikkert, og i praksis for alltid. Etter meir enn 50 års produksjon av atomvåpen og atomenergi har USA lagra 500 000 tonn DU, i henhold til offisielle data. For å spara plass og pengar gir derfor det amerikanske forsvars- og energidepartementet stoffet gratis til både egne og utanlandske våpenprodusentar! (Utenom USA blir DU brukt av land som England, Frankrike, Canada, Russland, Hellas, Tyrkia, Israel, Taiwan, Sør-Korea)

Golfkrigen

Gjennom sine over 100 000 luftangrep mot Irak, avfyrte amerikanske A-10 Warthog-fly omlag 940 000 DU-prosjektiler (30mm). I tillegg kom 5-6000 tyngre prosjektiler (120mm) avfyrt frå deira M60, M1 og M1A1 tanks.
Estimater tilseier at omlag 300 tonn radioaktivt avfall ligg igjen i Irak. Opp mot 2 millionar sivile og soldatar kan ha blitt, og blir fremdeles, utsett for stoffet. DU ble også brukt i amerikanske bomber som vart sluppe over Jugoslavia i 1996, og i NATO sin krig mot Jugoslavia i 1999.

Kva skjer?

Når eit DU-prosjektil treff sitt mål, som td. ein tanks, vil det forårsaka en eksplosjon. Dei som måtte befinna seg i nærheten (inne i tanksen) vil brenna opp. Vidare vil opp mot 70% av DU brenna og oksidera, og dermed lage svært giftige og radioaktive mikropartiklar. Dette støvet er så fint at det lett kan spre seg via vind og vann eller gjennom matvarekjeden for senere å bli spist, eller innhalert av mennesker fleire kilometer borte.
U-238 stråler både alfa- og beta-stråler. Til tross for at alfapartikler har liten gjennomtrengningsevne, kan dei likevel gjera stor skade hvis dei først kjem inn i kroppen. Støv av U-238 som set seg fast i lunger eller nyrer kan medføra celledød og genetiske mutasjonar som kan forårsaka kreft hos offeret, eller dei kan få barn med genetiske abnormalitetar. (DNA-feil) Til tross for NATO's iherdige forsøk på å skjule fakta, har DU mange og alvorlige effekter: Barn blir født uten armar, auge eller øyrer. Barn blir født med indre blødningar, med nyre og leversjukdommar osv. Det er overhyppighet av mange kreftsjukdomar, og veteranar på begge sider lider av det sk. "Golf-syndromet" (hukommelsestap, søvnproblemer og kronisk diarré) som også kan vera relatert til DU.

Halveringstid

Radioaktivitet er ein tilfeldig prosess i betydning at vi ikkje kan forutsei akkurat når ei kjerne vil falla sund. Men vi kjenner sannsynligheten for at det vil skje. Ein viktig egenskap for radioaktive stoff er halveringstida. Det er den tida det tar før halvparten av kjernene i stoffet er omdanna til nye kjerner. Denne tida er uavhengig av kor mykje vi starter med. Det fins radioaktive stoffer med en halveringstid på 10-9 s, men U-238 har ei halveringstid på 4,5 milliarder år...

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria
Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alv…

Krigsmaskinen USA - Del 1

Kva bruker USA på militæret sitt? I: Militære utgifter i forhold til andre land. USA sitt militærbudsjett for 2016 var ifølge Wikipedia/SIPRI, 611.2 milliardar dollar, dvs. rundt 5.3 trilliardar kroner. For 2017 er budsjettet 824.1 milliardar dollar. I prosent av BNP var det i 2016 3.3%. Dette er ikkje den høgaste prosenten. Feks. har både Israel (5,8%) og Saudi Arabia (10%) høgare andel.

I reine pengar ser det slik ut: USA bruker like mykje pengar på militæret som dei sju neste på lista. For eksempel: for kvar dollar Kina bruker på sitt militære, så bruker  USA 2.77. Det kan vera greit å samanlikna dette med folketalet i dei same. USA har omlag 4.3 % av verdens befolkning, mens Kina har 18,5%. (Kjelde: http://www.worldometers.info) Mens Kina altså har over fire gonger meir folk, så bruker USA nesten tre gonger så mykje pengar. Med andre ord: misforholdet er  stort:
II: Militære utgifter i forhold til andre sektorar Ser vi litt nærmare på statens utgifter så ser det slik ut: Militærut…