Gå til hovedinnhold

An die Freude

1 mai 2013 


Eg vil forby Bjørn Kjos. Dette har eg kome til etter moden overveiing og ein heilhetlig "gjønogong": Eg har forstått det slik at det vi ikkje likar, det forbyr vi. Altså bort med tigging og tissing på offentlig stad. Stopp tulling med flagg og Norge og det norske. Fjern smilande barn i syttendemaitoget med feil farge eller feil flagg. Forby! Eg misliker Bjørn Kjos, ergo må han forbyast. Viktig presisjon: Eg misliker Ikkje Bjørn Kjos som menneske, for eg kjenner ikkje Bjørn Kjos som menneske. Eg veit knapt om noko slikt finnest. Men eg misliker Bjørn Kjos som fenomen, Bjørn Kjos som prinsipp. Det vil eg forby.


Det er typisk Norwegian å vera sjølgod

Eg trur nemlig at dette Kjoset som gliser mot oss frå dei dobbeltsidige dagbladartiklane og lattermild fortel på tv at han vil flagra flya sine ut, er ein avatar. Ein avatar er i følge nynorsk wikipedia ein "figur som representer nokon som skriv eller gjer noko", og blir ofte brukt i dataspel. I online-spel vil du aldri møta guten (som det ofte er), men avataren hans - ein to- eller tredimensjonal figur med meir eller mindre menneskeliknande trekk. Spørsmålet er kven eller kva som står bak Kjos? Vi kan i prinsippet ikkje ein gong vita om det er eit menneske. For også dataprogram basert på kunstig inteligens (AI) kan styra ein avatar. Bjørn Kjos er ein slik. Vi ser det på det stivna grinet og den maniske latteren hans. Det er normalt at dressmenn som BK ler heile veien til banken. Men ikkje heile tida, over alt. Smilet hans er ikkje eit sosialt smil, men ein av Kjos-avateren sine midlar for å nå sine mål. Vi ser han, men han ser ikkje oss. For augene er lukka. Bjørn Kjos tar ikkje inn verkeligheten, men lever i sin eigen spillverden der han sjøl har laga reglane. Og det er derfor han ler. 


Grådighetens avatarer 

Det økonomiske spelet som avataren Bjørn Kjos lever i, er i prinsippet veldig enkelt, sjøl om strategiane kan vera komplekse: Maksimer din egen profitt. Det er bare ein litt avansert form for monopol. Vinnaren er den som kan knusa dei andre. Er det for dyrt å ha tilsette i Norge, så flytter vi utanlands: "I Kjos Ireland". På BI-språket kallast dette å vera ein "rasjonell agent". Då Røkke ein gong skulle forsvara sine handlingar, gjorde han det ved å henvisa til at han var ein slik. Han brukte altså det lille han kunne om økonomisk teori til å begrunna sine valg. Det fortel i kva grad han har internalisert spelet. Og sjølv om slike agentar gjerne påkallar salig Smith og hans "skjulte hånd" for å få oss til å lovprisa deira egeninteresse fordi den liksom er bra for heilheten, så veit vi kva den egentlig er: Grådighet. Men grådigheten skjuler seg. Ein av taktikkane er å lata som at den er opptatt av arbeidsplassar, samfunnet, miljøet, eller mennesker. Med andre ord: grådigheten ikler seg menneskeham. Vi har sett mange eksempel på det: Øystein Stray Spetalen, Petter Stordalen, Idar Vollvik, Stein Erik Rimi Hagen, Kjell Inge Røkke & Bjørn Rune Gjelsten - og altså Bjørn Kjos. Alle som ein rasjonelle agentar, sjøldiggande, streetsmarte dressmenn og avatarer for prinsippet om maksimal profitt - denne kapitalistiske ideen som har lurt seg inn i vår ideologiske Habitus som eit kulturens virus. (meir om dettte i ein seinare blogg!)


Kapitalens trippelspel

Og desverre virkar skuespelet. I ein undersøkelse vart Bjørn Kjos best likt blant eit utvalg norske rikingar. -Jeg er opptatt av mitt eget omdømme fordi det smitter over på Norwegian og omvendt, sa han då. Derfor altså. Omdømme. Så derfor kjører Petter Stordalen elektrisk. Derfor kvitta han seg med dei åtte verste av dei elleve bilane han då hadde i stallen sin etter at VG hadde "avslørt" dei. Om han har kvitta seg med privatflyet vites ikkje. Derfor var Arnold Schwarzenegger på "klimafest" hos Stordalen, og derfor var Stordalen på Antarktis-tur med Al Gore. Derfor bruker norske bedrifter millioner på å måla sitt eget omdømme, og å betra det. I dette spelet blir vi altså lurt dobbelt opp: først ved at dressmennene latar som at dei spelar eit anna spel enn det dei gjer, og dernest ved at dei latar som at ei representerer seg sjølv mens dei i realiteten er avatarer for grådighetens prinsipp. For la oss bare slå det fast: Ingen har bruk hverken for inntekter i mangemillionklassen eller formuer i milliardklassen. Når rikingane likevel fortset å karra til seg, lenge, lenge etter at nok burde ha vore nok, så viser det at programmet til Kjos og dei andre rikingane har gått i loop.


System Error - Restart!

Grådighetens prinsipp er eit tankevirus som har blitt til eit program i hovene på dei rike, og som gradvis og ubemerka også snik seg inn i oss andre. Vi har blitt meir opptatt av oss sjøl, av rikdom og av karriere. Og våre handlingar får konsekvenser. Det blir større ulilkheter. Klimaet er i fare. Systemet er ikkje bærekraftig. Alt dette veit vi, men vi må komma oss vidare før programmet kræsjar på alvor. Eg og du kan ikkje gå inn i hovene på Kjos og Røkke, men vi kan likevel gjera mykje med vårt eige program:
  • Det første vi må gjera er å rydda i eige hove, så vi kan kjenna i gjen spelet og forstå det. 
  • Det andre vi må gjera er å gå saman for å endra spelet.
Så enkelt - og så vanskelig. Men vi har ingen unnskyldning for ikkje å prøva, og i dette strevet ligg det ein glede. Mens eg skriv dette går Beethovens niende på anlegget. Koret syng Schillers "An die Freude", og eg tenkjer at det er vel det 1. mai, og egentlig alt, handlar om: å gjera noko for andre - for fellesskapet, og for gleden? 
God 1. mai!

O freunde, nicht diese Töne!
Sondern lasst uns angenehmere anstimmer
und freudenvollere!

Freude, Schöner Götterfunken,
Tochter aus Elysium,
Wir betreten feuertrunken,
Himmliche, dein heiligtum!
Deine Zauber binden wieder,
Was die Mode streng geteilt;
Alle Mennschen werden Brüder,
Wo dein sanfter Flügel weilt.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria
Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alv…

Krigsmaskinen USA - Del 1

Kva bruker USA på militæret sitt? I: Militære utgifter i forhold til andre land. USA sitt militærbudsjett for 2016 var ifølge Wikipedia/SIPRI, 611.2 milliardar dollar, dvs. rundt 5.3 trilliardar kroner. For 2017 er budsjettet 824.1 milliardar dollar. I prosent av BNP var det i 2016 3.3%. Dette er ikkje den høgaste prosenten. Feks. har både Israel (5,8%) og Saudi Arabia (10%) høgare andel.

I reine pengar ser det slik ut: USA bruker like mykje pengar på militæret som dei sju neste på lista. For eksempel: for kvar dollar Kina bruker på sitt militære, så bruker  USA 2.77. Det kan vera greit å samanlikna dette med folketalet i dei same. USA har omlag 4.3 % av verdens befolkning, mens Kina har 18,5%. (Kjelde: http://www.worldometers.info) Mens Kina altså har over fire gonger meir folk, så bruker USA nesten tre gonger så mykje pengar. Med andre ord: misforholdet er  stort:
II: Militære utgifter i forhold til andre sektorar Ser vi litt nærmare på statens utgifter så ser det slik ut: Militærut…