Gå til hovedinnhold

Avdeling B

På ein ikkje nærare bestemt stad, muligens på vestlandet, finn vi Avdeling B. Med ujevne mellomrom vil denne blogg bringa referat frå avdelingens liv og lagnad. Dette har skjedd så langt:

MIXED JAKSTART:

Etter ein kampvotering på Krokryggen gamleheim, avdeling B, førte eit forslag på institusjonens årlige idrettsting om å innføra såkalt "mixed jaktstart" i langrenn, til heftig debatt. Med henvisning til Ingebriktsen-saken meinte fhv. gravar, Kjerand Kvanndalsbrekke at det ville føra til uholdbare tilstandar ute i løypa, mens motpartens talsmann, lagerarbeidar Peder Pallejekk på sin side meinte at det nettopp ville innføra nye spennande element til skisporten. Partane står langt frå kvarande.
"Der står saken"- som ordstyrar Reidulv Rakkestad konkluderte, hvorpå syerske Henriette Bohms-Rasmussen, for anledningen referent, repliserte "upassende språk" og strauk bemerkningen.

VISJONAR PÅ NYE KROKRYGGEN:

Etter ein debatt for og mot høydehus på Nye Krokryggen Gamleheim, (bare Avdeling B blandt kjente) tok fhv overingeniør Hermann Phniis Bertilsen resolutt saken i egne hender og bygde om sitt dobbeltrom vha avdelingens oksygentelt og nyskapande bruk av sonens dykkarutstyr. Etter ein test der apparatet ved ein glipp vart innstilt på  "Aconcagua" (Argentinas høgaste fjell, 6962 moh. Red.anm.) skal Bertilsens romkamerat, tømrar Simen Gustavsen ha fått sterke syner om stortingsvalget i 2013 og komt med nedsettande kommentarer om Siv Jensens fysiologi. Heldigvis for Gustavsen skal Bertilsen ha blitt stoppa i sitt forsøk på å gi førstnevnte intravenøst oksygen, heiter det i eit kort kommunike frå avdelingen.
Gustavsen er ved bevissthet og stemmer fremdeles rødt.

KOMMENTATOR-EPIDEMI PÅ AVDELING B:

Fleire av dei fastbuande på avdeling B er i dag innlagt til observasjon med nett- og tv-forbud då det etter håndballkampen torsdag kveld braut ut uro. Mistanken om sjukdom oppsto alt under middagen då adjunkt Jostein Rekstad i tenorleie skal ha uttalt seg i sterkt positivt ordelag om sin kjøttpudding med ertestuing. (Rekstad er baryton) Avdelingens overlege vart tilkalt, og då telemontør Herbert Hansen uoppfordra og med høgt turtal skal ha skrytt over rommet sitt  vart det umiddelbart konstatert Yelling Commentator Syndrome (YCS)

Sjukdommen artar seg som ovedreven entusiasme for dei mest banale ting, samt pressa stemmebruk, og utvikla seg utover kvelden til ein epidemi med kommentering av sykesøster Birgit Svendsens påkledning opp mot den høge C. Såleis vart også foreskrivne sedativer mottatt med gledesutbrudd, og då Rekstad fekk si sprøyte skal han begeistra ha ropt "Jess. Der satt'n!" 

SISTE: Ubekrefta rykter seier at sportskommentator Harald Bredeli no skal ha henvendt seg til Rekstad for mulige oppdrag for TV2.

GOD GALLUP FOR ESPEN BERANEK EIDE: 

Heile ni av ti syns at utenriksminister Espen Beranek Eide gjer ein glimrande jobb, ifølge ein gallup utført av tidligare overingeniør Hermann Phniis Bertilsen på Avdeling B. Men dei fleste syns at statsminister Jens Paul Brekke frå det blå partiet blir for flåsete, og det er antagelig grunnen til at eit klart fleirtal vil ha Kim Haugen frå det raude partiet som statsminister. Rødt går faktisk fram heile 49 prosentpoeng sidan VG sin gallup i november.

"Socialistenes fremmarsj er foruroligende, men slik må det jo bli når hvem som helst kan slippe inn i landet", kommenterer Phniis Bertilsen. Ellers er folk veldig delt i spørsmålet om Gislefoss bør slanka seg. Gislefoss må slutta med jojoslanking, meiner Henriette Bohms-Rasmussen (syerske) "Den eine dagen er han ung og slank, den neste gammal og tjukk. Dette kan ikkje vera sunt", advarer ho. 

SJOKKÅPNING I SJAKK:

Under den årlige sjakkturneringen på Avdeling B, sjokkopna tømrar Simen Gustavsen, med å ofra kongen i femte trekk under henvisning til slaget ved Hastings i 1066. Gustavsen, som stemmer Senterpartiet, sto på at det er viktig å bevara bøndene og jordbruket av hensyn til miljøet, og at kongen er den minst produktive av landets innbyggjarar.

Seinare på kvelden vart det debatt omkring sjakk i sin allminnelighet og Gustavsens historiekunnskaper i særdeleshet. Her kom Gustavsens romkamerat, fhv overingeniør Hermann Phniis Bertilsen med ubegrunna påstand om sjakkens voldelige natur. Dette vart tilbakevist av Gustavsen med ein rett venstre. Etter dette utarta debatten noko. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria
Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alv…

Peter Ford om Amnesty International

Englands tidligere ambassadør i Syria, Peter Ford, er ikkje redd for å sei sin meining (sjå feks. her) om Syria, sjøl om den ikkje stemmer med det narrativet som hans gamle arbeidsgivar gjerne vil ha fram.
Her er Peter Ford i samtale med John Wight på Hard Facts angåande Amnesty International sin rapport "Human Slaughterhouse".

Kort oppsummering:

[3.20] Om timingen av rapporten: "Ein må spørja seg: kvifor no?". PF seier at det er veldig rart at den kjem no, tatt i betraktning av kva som har skjedd i Aleppo, suksessen med fredssamtalane i Astana og at det no ser ut til å vera sannsynlig at amerikanarane vil snakka med russarane. Og spesielt meiner han det er rart med tanke på at rapporten har vore under arbeid i meir enn eit år.

[5.02] Om truverdigheten:"Tydeligvis har ingen av forfattarane av rapporten faktisk vore i Saydnaya. Eg har". AI påstår at fengselet kan ta mellom ti og tjue tusen fangar. PF seier at det umulig kan ta meir enn 10% av dette. Vidare…