Gå til hovedinnhold

Den Norske Avstandsbevegelsen


Under krigen var mange modige nordmenn med i den norske motstandskampen mot den tyske okkupasjonsmakta. Ifølge Wikipedia utførte dei nesten ikkje sabotasjehandlingar, og vart heller ikkje sett til å kjempa i full skala. I staden vart dei brukt til å rapportera om tyske bevegelser i Norge. Krigen dabba fort av, men sjølv om motstandsbevegelsen forsåvidt ikkje bestod, så består dei i dag under navnet avstandsbevegelsen. Oppgavene er som før, å rapportera om fiendtlige bevegelsar, men fiendebildet har endra seg, og bevegelsane deiar skjer på nettet. I dag rapporterer vi i all hovedsak til media, både sosiale og usosiale.

I fredstid gjeld det først og fremst å halda fienden ute. Dette kallast innvandringspolitikk. Dernest gjeld det å ta avstand frå dei som likevel har komt inn. Og fienden er det ytterliggåande. Å vera ytterliggåande, utanfor, annleis, framande eller langt borte frå er det verste ein kan vera. Derfor gjer dei fleste det dei kan for å sleppa inn. Såleis tar muslimar i Norge "avstand fra ytterliggående trosfeller i gruppen Profetens Ummah" . Slik tar vi alle avstand for å visa at vi er i sentrum, at vi representerer majoriteten, at vi er normale, at vi går i den inste ringen på juletrefesten, som Ingvar Moe sa det. Vi tar derfor avstand frå alle former for ekstremisme eller radikalisme, (som i dag er synonymer), terrorisme og dei fleste andre ismar: islamisme og ikkje minst antisemittisme, som mange reknar for å vera omtrent det same.

Amnesty oppfordrar oss til å "Ta sterk avstand fra volden i #Syria". #-tegnet er med fordi dette er ein såkalt Twittersk avstand, og då er den antagelig ikkje meir enn 140 tegn. Ofte er sjølv det ein tydelig avstand, men ikkje alltid. For nordmenn er så glade i å konkurrera at det ikkje er veldig rart at vi også konkurrerer i å ta avstand. Dette heiter på moderne norsk å "ta sterk avstand". Til tross for (som avisa Varden skreiv) at avstander alltid enten er lange eller korte, så høyrer vi aldri om at nokon tar lang (eller kort) avstand. Men ofte tar dei sterk avstand. (Dei meiner "sterkt", men samma det, kven bryr seg om grammatikk og rettskriving?) Eksempelvis tok Rigmor Aasrud i Dagsavisen 17. juli 2012 sterk avstand: "Som statsråd med ansvar for de nasjonale minoritetene vil jeg ta sterk avstand fra den økende antisemittismen i landet." Hermed er ho innmeldt i den Norske Avstandsbevegelsen! Medlemskort er avsendt, som Darwin P. pleide å sei.

Skal du få anerkjennelse i Norge i dag, er det bra om du har gjort noko godt, men det hjelper ikkje hvis du sagt avstandstagbare ting. Dette viste Ali-aksjonen til fulle. Trond Ali Linstad hadde gjort mykje bra, men det var så langt frå nok. For han hadde sagt mange ting det var alt for lett å ta avstand frå. Først tok Oslos ordfører Fabian Stang avstand, og då dette kom for dagen var aksjon Ali i gang. Terje Emberland ved det norske Holocaustsenteret tok avstand via NTB, og Ervin Kohn, forstander i Det Mosaiske Trossamfund, tok rasande avstand via vepsen.no. Og plutselig hadde heile landet tatt avstand. Ikkje lenge etter tok derfor også Kongen hurtig avstand. Ikkje så sterk, sidan han bare utsette det på ubestemt tid, men eit symbol på at denne Ali ikkje var ein av oss.

Det som er rart her er at det egentlig er dei som seier og gjer uvanlige ting som tar avstand frå oss andre. Å ta avstand betyr jo bare å seia seg uenig. Litt underlig er det då at vi må ta avstand tilbake. Er det kanskje DET som er forbrytelsen? Det at ein stiller seg utanfor det gode selskap? Slik kan professor i idéhistorie Trond Berg Eriksen tolkast: - Han [Ali] er en av de mest uttalte og profilerte antisemitter vi har. Han har stilt seg langt utenfor det som er norsk konsensus, og han står ved det han tidligere har ytret. Da er det kanskje litt på kanten å gi ham den type oppmerksomhet Kongens fortjenstmedalje representerer. 

All denne avstandstagen fungerer som ein markør. Avstandsmottakaren (Ali) må merkjast som ein utanfor det gode selskap, som ein uverdig. Som om vi er redde for at hvis vi ikkje gjer det, så vil det strøyma til med sympatisørar. Og då er det plutselig "vi" som er åleine. Og slikt går ikkje an. Ein viss orden må det vera. Dei som normalt skal gi slik orden er, rimeligvis, Ordenskanselliet. Men denne gongen hadde dei desverre ikkje orden i sakene, og dermed måtte Kongen ordna opp sjølv. Det Kongen i realiteten gjorde då var ikkje bare å ombestemma seg. Han offentliggjorde samtidig at denne Ali ikkje var verdig medaljen hans. For å mata det inn med teskei: Eg og du har (sannsynligvis) heller ikkje fått denne medaljen. Men det er heller ikkje offentliggjort at vi ikkje er blandt dei verdige. Og det er heile forskjellen. No er det slett ikkje noko nytt at makta merkjer mennesker som uverdige, men vi hadde kanskje trudd at det var eit tilbakelagt stadium.

Men til ein annan gong, herre Konge, så kan du kanskje gjera dette litt enklare? Her er, i all underdanighet, eit forslag du kan vurdera. Eg forstår at Ordenskanselliet ditt har veldig mykje å gjera. Dei skal finna ut kven som skal ha St. Olavs Orden, Fortjenstordenen, St. Olavsmedaljen, Kongens Fortjenstmedalje, Kongens Erindringsmedalje, Holmenkollskien og svømmeknappen. Og alle skal jo ha! Alle konsulane og ambassadørane og kabinettssekretærane dine skal ha, og alle gjestene som kjem langveisfrå og besøkjer deg skal ha. Alt dette blir veldig vanskelig å halda orden på, samtidig som det skal organiserast bankettar og lagast spillelister på spotify og kjøpast inn øl og pizza, det forstår alle. Og ikkje er det sikkert at alle har plass på brystet til ein ny orden heller. Så her er forslaget:  Sløyf alle eksisterande ordenar og medaljar og opprett ein ny: Kongens Ufortjenstmedalje. Den skal sjå ut som ein stor U (for Uverdig, Ufortent, Utanfor etc.) på gul botn, og den skal berast på brystet til ein kvar tid. Dermed kan du kansellera kanselliet og overlata oppnevning til media, og konsentrera deg om det du kan.
Ordnung muss sein!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria
Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alv…

Krigsmaskinen USA - Del 1

Kva bruker USA på militæret sitt? I: Militære utgifter i forhold til andre land. USA sitt militærbudsjett for 2016 var ifølge Wikipedia/SIPRI, 611.2 milliardar dollar, dvs. rundt 5.3 trilliardar kroner. For 2017 er budsjettet 824.1 milliardar dollar. I prosent av BNP var det i 2016 3.3%. Dette er ikkje den høgaste prosenten. Feks. har både Israel (5,8%) og Saudi Arabia (10%) høgare andel.

I reine pengar ser det slik ut: USA bruker like mykje pengar på militæret som dei sju neste på lista. For eksempel: for kvar dollar Kina bruker på sitt militære, så bruker  USA 2.77. Det kan vera greit å samanlikna dette med folketalet i dei same. USA har omlag 4.3 % av verdens befolkning, mens Kina har 18,5%. (Kjelde: http://www.worldometers.info) Mens Kina altså har over fire gonger meir folk, så bruker USA nesten tre gonger så mykje pengar. Med andre ord: misforholdet er  stort:
II: Militære utgifter i forhold til andre sektorar Ser vi litt nærmare på statens utgifter så ser det slik ut: Militærut…