Gå til hovedinnhold

Den nye integreringspolitikken


Vi skriv 14 mars 2012, og det er dags for nok ein marking mot norsk asylpolitikk. Denne gong er det seks år gamle Nathan frå Ytre Arna som har levd heile sitt liv i Norge som skal tvangsutsendast til diktaturstaten Etiopia. I denne forbindelse er det litt forvirrande kor støtten kjem frå. I dag sto Ketil Solvik-Olsen frå FrP fram på tv, og ikkje bare virka han sympatisk, men han sa også det (einaste) rette: at no må vi bruka fornuften, ikkje splitta familiar og ta indivuelle hensyn! Dette er forvirrande. Kva er det som skjer? No opplever vi altså det underlige at det er FrP som framhever at vi må ta menneskelige hensyn i innvandringspolitikken. I gamle dagar hadde Karl I Hagen sagt rett ut at det alle tenkte, nemlig at det er barnas egen feil. Dette kunne dei ha tenkt på før! Altså før dei var fødd i dette tilfellet, men han hadde nok fått det også til å høyrast rett ut.

Men det var gamle dagar. Noko har visst alt skjedd? Heilt sidan Anders Lange danna partiet til sterk utstøtelse av framande og annleis, så har kritikken frå det hald vore at når noken kjem til oss, så er det DEI som skal bli som OSS. FrP med Kalle og Siv har stått fjellstøtt på at innvandrarane skal læra seg norsk og læra seg korleis det norske fellesskapet fungerer og at dei skal delta i dugnad og eta brun ost, bare dei ikkje går så langt som til Slottet på 17 mai i bunad! Disse norske verdiane er det bare FrP som har målbore, mens nær sagt alle andre parti, gjennom det vi no har lært er eit rørande kulturmarxistisk konsensus, har stått for ein politikk som seier at VI skal bli som DEI. Og no har altså FrP fått rett, om enn på ein litt annan måte enn dei kunne tenka seg.

For det er jo FrP som alltid har vore det framandkulturelle innslaget i Norge. Og som dei har måtta lida for det! Vi har mobba og erta dei, og kritisert dei og jamvel vore uenige med dei. ARK og dei andre venstrevridde i Media har vore etter dei bare dei så mykje som har lufta tissen på eit nachspiel! Stakkars folk som har tålt å stå utanfor det norske samfunnet så lenge! Men no er vi altså på god vei til å innlemma disse "verdiane" i det norske.

Det er dette som er den nye integreringspolitikken!

Dette har altså skjedd: Dei RaudGrøne (RG) har gjennom denne regjeringsperioden gjort ein heilhjerta innsats for at FrP ikkje lenger skal vera annleis. Hovedokus for denne regjeringa er at alle parti skal føla seg heime i det norske meiningslandskapet. Og når ikkje dei vil bli som oss, så får vi, representert ved RG, bli som dei. Og for ein innsats! Asyl- og innvandringspolitikken er alt nevnt. Audun Lysbakken har gitt nepotismen eit ansikt og får pave Borgia til å sjå ut som ein byråkratisk regelryttar. AP har bidratt til at tukling med mindreårige skal bli stuereint og ikkje minst har SPs egen gromgut Ola Borten Moe, som no står så djupt nedsokken i oljesand at han ikkje kan røra seg, fått FrP sin "miljø"politikk til å sjå grønare ut enn Erik Dammann og Steinar Lem til saman. Til og med opposisjonen er med. Henning Warloe bidrar med sitt for å løysa opp på ruspolitikken - eller vent, galdt det bare sprit?

Kva blir det neste? Er det meir vi kan gjera for at FrP skal føla seg heime i Norge? Tja, vi er jo alt inne på tanken om å forby tigging. Vi må som kjent ikkje sy puter under armane på dei heimlause, dei arbeidslause og dei papirlause. Vi må ikkje la disse døgeniktane forstyrra dagen til norskingane som er på vei for å utføra sitt ærlige arbeid med å utbytta resten av verda. Vi må få dei bort så dei ikkje gjer oss forlegne, og helst ut av landet så dei ikkje påverkar BNP i negativ retning. Dette er gode greier, men vi kan gå lenger, for det er så mykje som påverkar og skremmer oss. Stadig påminner nyhetene oss om kor godt VI har det, og kor vondt DEI andre har det, og det er ikkje noko kjekt. Sjølvsagt kan ikkje VI redda verda! VI er jo bare eit av verdens rikaste land, og har nok med oss sjølve. Så la oss få sleppa å få dette vonde inn i stova gjennom tv og nett. Eit forbud mot omtale av ulikhetane i verda og forbud mot å visa bilder av fattigdom, hadde vore på sin plass. For det er tross alt VI som lir av å sjå disse bildene, forstår ikkje media det? Tydeligvis ikkje, så la oss då like godt forby all journalistikk når vi først er i gong!

Det skjer nok, for vi og RG er på god vei. Så eg anklagar ikkje regjeringa slik som Rune Berglund Steen. Nei, eg vil heller takka regjeringa: Takk for at dei med bravur har integrert den siste fjerdedelen av befolkninga. No er Norge atter samla, slik vi var det etter krigen. For no har også dei raudgrøne forstått det: Det er VI mot resten av verda. Og den kampen skal vi vinna!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria
Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alv…

Peter Ford om Amnesty International

Englands tidligere ambassadør i Syria, Peter Ford, er ikkje redd for å sei sin meining (sjå feks. her) om Syria, sjøl om den ikkje stemmer med det narrativet som hans gamle arbeidsgivar gjerne vil ha fram.
Her er Peter Ford i samtale med John Wight på Hard Facts angåande Amnesty International sin rapport "Human Slaughterhouse".

Kort oppsummering:

[3.20] Om timingen av rapporten: "Ein må spørja seg: kvifor no?". PF seier at det er veldig rart at den kjem no, tatt i betraktning av kva som har skjedd i Aleppo, suksessen med fredssamtalane i Astana og at det no ser ut til å vera sannsynlig at amerikanarane vil snakka med russarane. Og spesielt meiner han det er rart med tanke på at rapporten har vore under arbeid i meir enn eit år.

[5.02] Om truverdigheten:"Tydeligvis har ingen av forfattarane av rapporten faktisk vore i Saydnaya. Eg har". AI påstår at fengselet kan ta mellom ti og tjue tusen fangar. PF seier at det umulig kan ta meir enn 10% av dette. Vidare…