Gå til hovedinnhold

Replikk til Aslak

Kjære Aslak Sira Myhre: Du skriv så vakkert (for du er jo blitt litterat no) om dei ”nye dommedagsprofetane”. Og dette at miljørørsla minner om religiøse er jo ein artig vinkling, men det er på ingen måte noko ”nytt” med den observasjonen. For det første har andre skriva betre om den, og for det andre så bringer jo ikkje den debatten oss vidare. Og det store spørsmålet er om det er det du vil Aslak? Brønnpissing er jo også ein god gammal norsk øvelse. Men det gjer vel neppe miløjet betre?


Du har likevel eit par viktige poeng som bør kommenterast:

Du har rett i at det har vore for mykje moraliserande individfokus i miljødebatten.  Eg har sjøl kritisert Fremtiden i våre hender (FIVH) for at dei har vore for opptatt av at enkeltpersonar skal forbruka mindre, og for å gi oss alle dårlig samvittighet når vi kjører (sjølv om eg ikkje gjer akkurat det) eller et kjøt til middag, og for lite opptatt av strukturelle og politiske føringar på forbruksmønster osv. Erik Dammann innsåg jo dette sjøl då han starta Forum for SystemDebatt (FSD), og dette har jo dessuten vore venstresida sitt største ankepunkt mot  FIVH og andre. Det er derfor merkelig at ein så profilert sosialist som du unngår å ta opp dette!  Løysinga må vera å retta fokuset på dei mekanismane som er viktige i forhold til overutnytting og skeivfordeling av ressursane.

Du har rett i at ”reinhetsidealet” har vore for framtredande. Vi må alle i sterkare grad definera kva som er viktig og velja våre kampar med omhu.  Det er slett ikkje sikkert at uberørt natur og visuell forurensing skal vera det vi bruker mest krefter på. Det kan argumenterast godt for at dei som vil gå i tog mot kraftlinjer heller skal demonstrera mot norsk oljeutvinning i nord eller mot norsk deltaking i oljesandprosjekt i Canada. Men eg  er ikkje den som skal seia at folk skal la vera å engasjera seg! Problemet er heller at vi engasjerer oss for lite, og det går an å ha fleire tankar i hovet samtidig.

Du har rett i at energispørsmålet er for viktig til at miljørørsla skal ha monopol på det rette svaret. Vi har veldig kort tid på oss når vi i løpet av eit par generasjonar ikkje bare skal erstatta olje, gass og kol som hovedkjelder til energi, men også heva totalproduksjonen slik at stadig nye mennesker på denne jord skal ha tilgang til nødvendig straum, varme, transport osv. Det er derfor godt mulig at vi om ikkje mange år ser på diskusjon om ”monstermaster” vs. Kabel, og for og mot ymse vindmølleprosjekt som luksusdebattar som vi rett og slett ikkje har tid til. For vi vil ha meir enn nok med å klara å produsera nok energi til alle som treng det,og  dessverre vil nok fleire og fleire land bli tvinga til å ta i bruk kjernekraft. Vi må bare innsjå at på dette feltet er det motstridande interesser mellom miljø og energi, og vera villige til å inngå vanskelig kompromiss.

Det er mulig at klimadebatten har vore for prega av dommedagsprofetiar. Men igjen: du fører ikkje debatten vidare ved å sei det. Du har egentlig bare valget mellom å delta i klimadebatten med fakta og kunnskap, eller å la vera. Stempling av motstandarar har aldri ført noko godt med seg.

Men du tar feil i at vestlig forbruk ikkje er relevant for verdens ressurssituasjon. Det ser ikkje ut til at du har forstått ordet bærekraft.  Høyr etter Aslak: Det er lenge sidan vi fant ut at jorda er rund (nesten) som ei kule! Det betyr at den ikkje er uendelig, men endelig. Det vil seia at vi har bare så masse reint vatn, så masse jorbruksareal, så masse plass som vi kan bruka til å bu på, kjøra bil og tog på, og ikkje minst til å byggja alle disse nye kraftverka som vi treng på, osv. Vi kan ikkje fortsetja å lata som at vi kan fortsetja å veksa uendelig. Og dette er den største innvendinga mot venstresida (som eg sjølv reknar meg til) Dei har ikkje forstått at kravet om ubegrensa økonomisk vekst er eit umulig krav. Dei (du?) trur at det er mulig å løysa problemet med for lite ressursar med økonomisk vekst. Så dum trudde eg bare økonomar kunne vera!

Men den største feilen du gjer er å konsekvent skriva ”de” og ”miljøbevegelsen”. Hvis du verkelig vil løfta opp mijødebatten så må du for svarte skriva ”vi”! For det er det som er hovedbudskapet her: vi er alle i samme båt. Når du skriv ganske ullent og upresist om alle feila til ”miljøbevegelsen” som om det er ein og samme lille forening, så tar du fokus bort frå det som er hovedsaken:  at det bare er VI SAMAN som kan finna løysingar på alle våre felles utfordringar.  Det er VI som må definera kva som er viktig, det er VI som må kompromissa mellom miljø og andre krav, og det er VI som må få gjort noko!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria
Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alv…

Peter Ford om Amnesty International

Englands tidligere ambassadør i Syria, Peter Ford, er ikkje redd for å sei sin meining (sjå feks. her) om Syria, sjøl om den ikkje stemmer med det narrativet som hans gamle arbeidsgivar gjerne vil ha fram.
Her er Peter Ford i samtale med John Wight på Hard Facts angåande Amnesty International sin rapport "Human Slaughterhouse".

Kort oppsummering:

[3.20] Om timingen av rapporten: "Ein må spørja seg: kvifor no?". PF seier at det er veldig rart at den kjem no, tatt i betraktning av kva som har skjedd i Aleppo, suksessen med fredssamtalane i Astana og at det no ser ut til å vera sannsynlig at amerikanarane vil snakka med russarane. Og spesielt meiner han det er rart med tanke på at rapporten har vore under arbeid i meir enn eit år.

[5.02] Om truverdigheten:"Tydeligvis har ingen av forfattarane av rapporten faktisk vore i Saydnaya. Eg har". AI påstår at fengselet kan ta mellom ti og tjue tusen fangar. PF seier at det umulig kan ta meir enn 10% av dette. Vidare…