Gå til hovedinnhold

Skaut er fremdeles kult

Hadde tenkt å blogga litt om Retten til å krenka. Men så er det slik at den har vist seg svært så vanskelig å skriva, så derfor litt om hijab.

Ser at regjeringa vurderer forbud mot hijab. Begrunnelsen er at dei er mot at unge jenter blir tvinga av foreldrene sine til å bære dette plagget. Det kan eg vera enig i - i den grad dette stemmer. Men uansett om det stemmer eller ei: kva løyser eit forbud? Blir foreldrene meir eller mindre autoritære overfor jenta av den grunn? Neppe. Får jenta det betre eller verre på skulen, i heimen eller lokalsamfunnet hvis Regjeringa tvingar det av henne? Vi veit ikkje. Får foreldrene og jenta større motstand mot "det norske" og mot styresmaktene? Høgst sannsynlig!

Det å trampa rett inn i familien og tradisjonen til ein bestemt kultur / religion og lovfesta forbud mot bestemte klesplagg er ein veldig drastisk handling. Då skal det veldig gode argument til for å gjera dette. Det er problematisk på fleie måtar: For det første kan vi risikera at det får motsatt effekt av den tiltenkte, for det andre vil det skapa ein ulikhet for loven i forhold til andre kulturar / religionar, og for det tredje er det eit middel som er svært lite egna hvis vi skal kalla oss eit liberalt og ope samfunn.

Så min haldning er den samme som sist dette var oppe til debatt, og den samme som klassen min på Tanks videregåande den gong hadde: Skaut er kult!
(artikkel i Bergensavisen 20.01.2004)

Ein heilt annan ting er om hijab skal vera tillatt i politiet og domstolane. Men det skal eg komma tilbake til!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria
Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alv…

Krigsmaskinen USA - Del 1

Kva bruker USA på militæret sitt? I: Militære utgifter i forhold til andre land. USA sitt militærbudsjett for 2016 var ifølge Wikipedia/SIPRI, 611.2 milliardar dollar, dvs. rundt 5.3 trilliardar kroner. For 2017 er budsjettet 824.1 milliardar dollar. I prosent av BNP var det i 2016 3.3%. Dette er ikkje den høgaste prosenten. Feks. har både Israel (5,8%) og Saudi Arabia (10%) høgare andel.

I reine pengar ser det slik ut: USA bruker like mykje pengar på militæret som dei sju neste på lista. For eksempel: for kvar dollar Kina bruker på sitt militære, så bruker  USA 2.77. Det kan vera greit å samanlikna dette med folketalet i dei same. USA har omlag 4.3 % av verdens befolkning, mens Kina har 18,5%. (Kjelde: http://www.worldometers.info) Mens Kina altså har over fire gonger meir folk, så bruker USA nesten tre gonger så mykje pengar. Med andre ord: misforholdet er  stort:
II: Militære utgifter i forhold til andre sektorar Ser vi litt nærmare på statens utgifter så ser det slik ut: Militærut…